søndag 6. desember 2015

Religions dialog

Pave Frans har sidan har vart pave hatt eit klart bodskap om dialog og forsoning mellom religiøse grupper, ikkje minst mellom kristne og muslimar der motsetningane kan synast uoverstigelege.
I fjor møtte han mulimske leiarar i Istanbul, og 30. november i år vitja han ein moske i Bangui, hovudstaden i Den sentralfrikanske republikk. Dette landet har i mange år vore prega av valdelege motsetningar mellom kristne og muslimske folkegrupper. Paven vitja og muslimske bydelar i Bangui der han vart motteken med stor begeistring.
Pave Frans hadde eit klart bodskap om fred og forsoning mellom kristne og muslimar."Kristne og muslimar er brødre og søstre. Vi må difor oppfatta oss som det og oppføra oss deretter." 
Litt tidlegare var det ei sterk symbolsk  handling i katedralen i Bangui der den katolske erkebiskopen stod saman med ein evangelisk pastor og ein imam ! Paven kalla dei "Banguis tre helgenar" og karakteriserte byen som "the spiritual capital of the world" den dagen.
Dialog kan synast nyttelaust i ei tid med aukande valdeleg ekstremisme. Vi kan neppe oppnå dialog og forsoning med hjernevaska ekstremistar, men dess viktigare er det å halda døra open til dei moderate kreftene i islam slik pave Frans viser i ord og handling.  For kva er alternativet ? Det som Leonard Cohen syng om i "The Future" frå 1992:
"I`ve seen the future, brother. It`s murder." 

                                
                                Pave Frans og imam Tidiani Moussa Naibi i moskeen i Bangui,

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar