onsdag 9. desember 2015

St.Ansgar: konsekrasjon av alter og kyrkje

8. desember vart ein dobbel fest. I heile Kyrkja feira vi høgtida  for Jomfru Marias upletta unnfanging. og lokalt i St.Ansgar feira vi konsekrasjonen av ny kyrkjebygning og altar. Den høgtidelege sermonien vart leia av biskop Bernt godt assistert av åtte noverande og tidlegare prestar i menigheten, og sjølvsagt eit fullsatt kyrkjerom.
Det vart ei fin messe  der preike og lesningar vart følgd av Allehelgenslitaniet og så den sermonielle innviinga av kyrkjerom og altar.

Nedleggelse av relikviene. "Herre hvem kan gjeste ditt telt." (salme 15.1)
Salving av alteret og kirkens vegger."Salige er de som bor i ditt hus. "(salme 84.5)
Incensering av alteret og kirken. "Ved engelens hånd steg duften av røkelse opp for Gud."
                                                           (Stetit Angelus)
Festilluminasjon av alteret og kirken. " Alt som har ånde, lovsyng Herren." (Tob. 10)

12 kors vart sett opp rundt i kyrkjerommet som eit  varig og synleg teikn på at det var konsekrert.




Ein tirsdagskveld i adventstida, ventetida der vi ser fram mot det som snart skal koma. Dagens fest der vi feirar at Maria vart fødd utan synd peikar naturleg fram mot inkarnasjonen og heng uløyseleg saman med dette store mysteriet. Innviinga av kyrkjeromet der sakramenta skal delast ut og ordet forkynnast blir  så ei handling som spring ut av Ordet tok bustad  midt imellom oss !


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar