Kva er det vi eigentleg meiner når vi framseier "Credo" - eg trur ? Er det berre eit rasjonelt uttrykk for at vi meiner at Gud eksisterar eller er det tvertimot ei erklæring av kjærleik og tillit ?
Wilfrid Stinissen skriv om dette i ein liten artikkel med tittelen : "Ditt ord er ei lykt for mine føter".
"Den dynamikken som pregar vår lengt og vår lytting møter vi og i det merkelege uttrykket "credere in Deum". Den som kan latin vil venta seg "credere Deo " eller "credere Deum". Det norske " eg trur på Gud " er tvetydig og kan og tyda at ein trur at Gud finst. Men å seia til nokon "eg trur på deg" har noko av ei kjærleikserklæring i seg, og tyder: " eg lit på deg". Dei fleste menneske som ber trusvedkjenninga oppfattar sannsynlegvis orda "eg trur på Gud" som att dei trur på Guds eksistens. Men det latinske "credo in Deum" seier mykje meir. In + akkusativ uttrykkjer alltid ei rørsle:" eg trur inn i Gud". Det er Gud sjølv som lokkar oss inn i trua, inn i eg sjølv. Først når den saklige trua på Guds eksistens blir ei akt av tillit legg den seg i forlenginga av vår medfødde lengt etter Gud. "
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar