fredag 7. mars 2014

Mors gaver

"Alle vet det skal skje en dag. Det er naturlig å oppleve foreldres bortgang. Men når det skjer, så er det likevel ikke slik man har forberedt seg på. Det er en tom sorg, det er å kjenne seg som et etterlatt barn, selv om man er voksen. Det er vemod over tapt tid, anger over det som er sagt og det som ikke er sagt, og takknemlighet over alt som har vært fint."
Slik reflekterar hovudpersonen i Cecilie Engers siste roman "Mors gaver" som kom ut i fjor og vart svært godt motteken. Det er ein personleg prega roman om ei mor som gradvis glir ut av tida og inn i demensens mørke. Då dei skal rydda opp i barndomsheimen finn Cecilie moras sirleg nedtegna lister over alle julegåver som er gjeve og motteke i familien gjennom fire ti år. Med desse listene som utgangspunkt skriv ho så moras og storfamiliens historie. Minna knytar seg tett til det sanselege musikkstykke, lukter, årstider og konkrete gjenstandar som dei uttalige julegåvene vi alle har både gjeve og fått. Ei kort sanseinntrykk og så er ein tilbake ein sommardag i barndomen, eller kanskje den kjempefine festen då ein var seksten år!  Cecilie Enger knyter alt dette saman med notida og minna som for alltid forsvinn ut av moras medvit lenge før ho er fysisk død. Det er ei langvarig sorg som byrjar lenge før døden. Men ein må forsona seg med det og gå vidare inn i røyndomen.
På slutten av boka reflekterar ho over kva den friske mora ville tenkt om romanen. "Nitrist slutt",
"Forfatteren må jo få oss til å tro at det er håp! Hun kan ikke gjøre det mot hovedpersonen i boka. Hva slags moral er det ?"
Men slik er det likevel og ho avsluttar med moras ord til henne da ho var liten og vakna av  mareritt: " Og til sist vil hun se på meg med et tydelig blikk og si: Kom til meg. Hit, til virkeligheten"

3 kommentarer:

  1. Eit finfint bilde til bokomtalen.
    Mors gaver,-har tenkt eg skulle ha lest den, men har også tenkt at den kanskje vert sår å lese. Mi mor er ikkje dement, men mødre er så mangt. Eg er sjølv mor. Kva mor er eg for mine søner. Dei første orda her i innlegget ditt, viktige ord av Enger. kanskje skal eg tore meg til å lese....
    Mvh Marie

    SvarSlett
  2. Ja det er ei fin bok det mykje er gjenkjenneleg iallfall dersom ein har kome opp i ein alder med vaksne born og gamle foreldre. Heldigvis er det noko dei fleste opplever før eller seinare !
    Helsing Frode

    SvarSlett
    Svar
    1. Då passar den nok for meg ja :) Marie

      Slett