torsdag 26. september 2013

The Friars Aylesford

September 2013, The Friars Aylesford i Kent. Vi kjem med forventning og litt uro og reiser med glede og fred.
The Friars like ved den vesle landsbyen Aylesford i Kent, ein times tid med tog frå London er eit karmelittkloster som kan føra si historie like tilbake til 1200 talet då dei først karmelittmunkane kom frå Det heilage landet til Europa. I 1242 gav krossfararen Richard de Grey eit lite landområde til munkane, og her grunnla dei sitt første kloster. I 1247 vart ordenens første generalkapittel halde her, og på dei neste femti åra vart det grunnlagt over 30 kloster i England. Den heilage Simon Stock som var generalprior og ein av ordenens tidlegaste helgenar skal i flg. tradisjonen ha fått skapularet av Jomfru Maria her ( sjå mitt innlegg "Skapularet"). I dag finn vi hans relikviar i "The relic chapel" i klosteret. Etter reformasjonen vart munkane fordrevne og klosteret hadde ulike eigarar fram til Karmelittordenen fekk kjøpt det tilbake i 1949. Den første prioren Fr. Malachy Lynch restaurerte bygningsmassen, og bygde opp det som i dag ikkje berre er eit kloster men eit pilegrimsmål med fleire hundretusen besøkande i året. Dei mange kapella og den utendøres "Rosenkransvegen" har ei rik utsmykking hovudsakleg av den tidlegare polske krigsfangen og kunstnaren Adam Kossowski. Å festa blikket på hans kunstverk hjelper til å løfta sinnet mot det som gjev  fred og glede.
The Friars tilbyr retrettar gjennom heile år og er ein plass å koma i grupper eller åleine for dei som søkjer ro, stille og andeleg fordjupning. Nesten kvar helg i sommar halvåret er her organiserte pilegrimsarrangement ofte i regi av nasjonale grupper frå f.eks Polen; Nigeria, Fillipinene osv.
Då vi var der feira dei syromalabariske kristne frå Kerala sin lokale helgen St. Alphonsa. (meir om det seinare).
The Friars Aylesford, ein stad å reisa frå med djup indre fred og med ønskje om å koma att.

                                         Adam Kossowski sine utsmykkingar
                                          Syromalabariske helgenfest
                                         Søndagsmesse. Relikvieskrinet for Simon Stock i bakgrunnen
                                          St. Therese i klosterhagen
                                          Farvel til The Friars

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar