søndag 15. september 2013

"Syngja" - Nei til sortering

Forfattaren Lars Amund Vaage fekk i 2012 Brageprisen for romanen "Syngja". Strålande kritikk i dei fleste media og vel verdt ein pris. "Syngja" er ein sterk og vakker roman, eit djupt personleg verk om å leva med ei sterkt funksjonshemma dotter. Dottera, som i romanen berre vert kalla G., lir av autisme og bur som vaksen på institusjon. I romanen får vi innblikk i dei påkjenningar der er å leva med eit sterkt funksjonshemma barn, dei mange motstridande kjensler og reaksjonar. Det gjer inntrykk når forfattaren skriv om sorga han ber på, i periodar orkar han ikkje å sjå på friske born, å gå på vitjing til vener som har born på same alder som G. "Syngja" er og eit poetisk verk men mange sterke og kjenslefylte passasjar som når han skildrar voggesongen: " Eg løfta  barnet opp, heldt det og song, den rolege songen, "Byssan lull". Barnet snudde seg mot meg. Eg song "Byssan lull", og barnet stakk i å gråta. Eg slutta å syngja, men det hjelpte ikkje. Eg song ikkje meir, men barnet gret. Tårene rann. Barnet sprang ikkje meir. Det hadde songen i seg. Songen stoppa ikkje. Eg hadde tagd for lenge sidan. Men barnet song, utan tone, utan ord, og gret og gret."
Syngja er og ei bok med kritikk så vel av behandlingsapparatet som av måten samfunnet generelt møter dei svakast. Alt innleiingsvis i boka stiller han dei grunnleggjande spørsmåla: " Korleis såg samfunnet på slik som G ? Korleis såg samfunnet på seg sjølv når samfunnet blei gjennomlyst av G ?
Korleis svara dei på hennar spørsmål? Ho som ikkje hadde noko anna enn tiltru. Tiltru like ved avgrunnen. Blind tiltru, for all kritisk evne var tatt ifrå henne."
Han er og kritisk til fagfolka som ikkje alltid ser at " foreldre var ekspertar på eigne barn".
Han ser klårt faren i at fagfolk og ekspertar " trur at dei har forstått seg sjølv og tilværet litt for godt"
Då kan dei koma opp i store vanskar. Ei svært viktig påminning.

Lars Amund Vaage hadde lenge tenkt å skriva ei bok om G, men var ikkje klar for det før ha sjølv var over 60 år og G godt opp i tredve åra. Kanskje er det og eit anna aspekt ved at boka kjem akkurat no,
iallfall opplver eg boka som eit sterkt innlegg i den pågåande debatten om fosterdiagnostikk. Det får eg og stadfesta når eg les forfattaren sitt innlegg på nettsida "Nei til sortering."
Her skreiv han nyleg: " Mange gonger har eg tenkt at eg fekk eit funksjonshemma barn og det var ille, men holdningane til folk kjendest ofte som eit større problem. Eg trur at tidleg fosterdiagnostikk vil forsterka holdningar som alt er der, og som er problematiske. Dette at ein kan sortera ut vil gjera samfunnet hardare. Utfordringa med å godta det som er avvikande, annleis, vil lettare kunna
unngåast."

Klåre og sterke ord frå ein som har meir innsikt enn dei fleste i dette. Og ei sterkt oppfordring til å kjempa vidare for menneskeverdet til dei svakaste.

Les meir på linke til nettsida "Nei til sortering":
http://neitilsortering.no/

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar