mandag 1. juli 2013

Notre Dame de la Misericorde

Katedralen i Napoleon Bonapartes fødeby Ajaccio er via til Jomfru Maria og har det fulle navnet "Cathedrale Notre Dame de l`Assomption d`Ajaccio". I den relativt vesle katedralen er det eit alter via til "Notre Dame de la Misericorde" (Vår Frue av Miskunnheten) I følge historia skal ein fattig bonde i Savone, Tonio Botta, 18.mars 1536 ha fått eit syn av Jomfru Maria. Ho skal ha sagt til han:"Ver ikkje redd! Eg er Jomfru Maria. Sei til folket at dei må gjera bot til ære for Kristus og hans mor." Ei statue av denne "Vår Frue av Miskunnheten" skal ha blitt tatt med til Corsica av ein sjøkaptein. Då Ajaccio i 1656 var trua av pest ba folket om Marias forbøn.Byen vart spart frå denne katastrofen og byrådet vedtok då å utnevna "Notre Dame de la Misericorde" til byens skytshelgen. Slik viste byen si store takksemd!

                                          Inngongspartiet til katedralen.
                                        Alteret for "Notre Dame de la Misericorde"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar