lørdag 20. juli 2013

Poetica:Smilet

Smilet og min danske bestefar som eg aldri møtte.



Eit djupt og melankolsk alvor ligg over alle andleta som ser mot oss frå attenhundretalets portrettfotografi. Det gjeld ikkje berre familien som er samla rundt kista til det døde barnet, men også dei unge nygifte eller dei to beste- veninnene  kledd opp i nye kjolar og fjærpryda hattar. Alvoret er der heile tida, ikkje antydning til eit lite smil. Men livet var då ikkje alltid slik  den gongen heller ? Det var ikkje bare sorg og tidleg død ? Stemninga  under bryllaupsfesten når dei store høgder, og dei to veninnene går knisande arm i arm heimover. Men berre ikkje i den magiske augenblinken  der tida stoppar opp og blir gjeve vidare til oss meir enn hundre år seinare.

Når flytta smilet inn i biletet ?  Den svenske idehistorikaren Karin Johannisson skriv at det skjer samstundes som gråten blir borte  frå det offentlege rom . Tårene blir forvist til lønnkammeret men smilet dukkar brått opp. Først hos kvinnene, for lenge gjaldt smilet som portrettkonvensjon ikkje mennene. Mennenes ansikt speglar enno dei store og alvorsame oppgåvene, krig og forretningar der kjenslene er fråværande ,  sjølvkontrollen opphøgd.

Seks unge menn er høgtideleg  stilt opp til fotografering, alle kledd i sin finaste stas slik tidas skikk tilsa. Dress med vest og sløyfe, klokka i brystlomma og kjedet skrått over brystet. Årstalet manglar men det må ha vore ein gong på midten av 1890 åra. Alle ber alvorets maske, alle utanom ein !

Du står ytterst til venstre, den venstre handa kviler mot vestlomma, blikket vendt utover og framover. Men rundt munnen din leikar det eit umiskjenneleg smil, venene eller kanskje arbeidskameratane alvorlege på grensa til det sorgfulle. Ser du noko dei ikkje ser , skjønar du kanskje alt den nye tida, dei nye konvensjonane ? Eller det heile berre tilfeldig ?
Er biletet frå Tyskland, eit Tyskland før dei store katastrofane, der du har reist for å tileigna deg ferdigheitar som skal bli nyttige i arbeidslivet som ligg like framom deg ?

Snart vender hundreåret til ei ny tid, modernitetens og dødens hundreår. Du skal få med deg nesten halvdelen av den nye tida, den meste blodige som skal snu opp ned på det meste. Ikkje smilets men gråtens og sorgas hundreår, også ditt eige der døden grip barn og hustru utan hensyn. Sånn sett ikkje noko å smila til denne dagen i fotoatelieret, men korleis kan du fornemma det, korleis kan du ana det ?  Det kan du ikkje for akkurat no er du tilfreds, utdanninga er ferdig ? Det er fest med kameratar ? Døden så langt borte, livet undrande  nært.


 


 

 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar