lørdag 6. juli 2013

"Gårsdagens brød"

Den italienske klostergrunnleggaren og forfattaren Enzo Bianchi (f. 1943) vart fødd i den vesle byen Castel Boglione i regionen Monferrato i Nord-Italia. Han studerte i Torino på 1960 talet då han braut over tvert og slo seg ned på den vesle garden Bose, der han etter kvart grunnla eit økumenisk klosterfellesskap. Han har ikkje blitt prestevia, men er etter eige ønske forblitt legbroder.Likevel har han spelt ei rolle som rådgjevar for  Vatikanet, og i økumenisk arbeid særleg retta mot dei ortodokse kyrkjene. Bianchi har og vore ein produktiv skribent og har skreve eit titall bøker med tema kristen spiritualitet og bibelkommentarar.
I 2008 kom det ei bok med tittelen "Gårdagens brød" som tematisk skilde seg frå hans tidlegare bøker.Boka kom nyleg ut i svensk omsetjing på Artos forlag med forord av Peter Halldorf. Tittelen viser til eit barndomsminne frå Monferrato der han vaks opp. Kvar morgon sette mora ei korg på bordet med litt av gårsdagens brød, saman med ein vinkaraffel, eit krus med olje og eit saltkar. Over det la ho eit klede der ho hadde brodert: " Brød, vin, olivenolje og salt gjev kunnskap og trøst." "Gårsdagens brød" får ein djupare symbolsk tydnad, det som ein gong var, våre forfedres tradisjonar, historie og  livsvisdom er verdifullt også for oss som lever no. " Il pane di ieri e`buono domani" - gårsdagens brød er godt også i morgon.
Det er utgongspunktet for Bianchi der han med stor kjærleik skildrar oppveksten i ein liten landsby i Nord-Italia på 1950-60 talet. Det er minne frå ei tid og ein livsstil som er borte, sjølv om det bare ligg eit par ti år tilbake. Med bilete frå sitt eige liv skildrar han matlaging og måltidsfellesskap med familie og vener, omsorgen for vekstene i kjøkkenhagen, julefeiringa, søndagsmessa der han deltok fast som ministrant, å bli fødd, leva og døy i eit fellesskap og om å forsona seg med alderdomen. Sist men ikkje minst skriv han om vinen som og vert eit bilete på noko langt utover det konkrete med stell av vinstokkane, hausting og produksjon.

Enzo Bianchi skriv om vinen som symbol:

”Vin har fått stå som symbol för kunnskap i både Bibeln og andre religiöse traditioner. Grunden till det är kanske att vinet fordrar urskillingsförmåga, att känna seg själv, sina egna och andres gränser, förutom att det också är ett tecken för tacksamhet och för glädjen att dela. Vinet symboliserar kunskap eftersom det ger smak åt livet, men også för att det öppnar hjärtat och tar fram det som i själva verket bor där inne. Vin kan omvandla den enklaste form av mat till en festmåltid, på samma sätt som jäsningsprocessen omvandlat den milda druvsaften til en berusande dryck. Ytterligare två oumbärliga ingredienser i människans liv symboliseras av vin: kärlek och vänskap. Det är ingen slump at kärleksberättelsen i Höga visan slingrar kring vinstockar, vindruvsklasar, vinet och hela dess register, ända tills man smaker det i ”vinhuset”. I Jesu Syraks vishet blir vi påminda om att ” en ny vän är som ett nytt vin: först när det mognat dricker du det med välbehag”.  På festmåltiden som utlovas vid tidens slut kommer det at bjudas stärkande mat och utsökt vin. Det är ingen tilfällighet att Jesus utför sitt första underverk gjennom att i glädje frambringa det allra finaste vinet på bröllopet i Kana. Lärjungarna får här en kärleksfull uppgift av Jesus, genom ett brutet bröd och en bägare med ett utsökt gott vin. Båda er til brädden fyllda av liv.”

                                          Vinmarkene i Monferrato ein haustdag

Cultura di vita e per la vita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar