torsdag 30. mai 2013

Crystal tears

Now, O, now, I needs must part,
parting though I absent mourn.
Absence can no joy impart,
joy, once fled, cannot return.


Sad despair doth drive me hence,
this despair unkindness sends.
If that parting be offence,
it is she which then offends!


While I live I needs must love,
Love lives not when hope is gone:
Now, at last, despair doth prove,
Love divided loveth none.


Dear, when from thee I am gone,
Gone are all my joys at once.
I loved thee and thee alone,
in whose love I joyed once.


And, although your sight I leave,
sight wherein my joys do lie,
'Till that Death do sense bereave,
never shall affection die.


Dear, if I do not return,
Love and I shall die together.
For my absence never mourn,
whom you might have joined ever.


Part we must, though now I die,
Die I do to part with you;
Him despair doth cause to lie,
who both loved and dieth true.
,
Få har som  1500 talls komponisten John Dowland (1563 - 1626) gjeve uttrykk for det melankolske og sorgfulle ved tilveret. Vissa om at alt er kortvarig, ikkje minst kjærleiken som i teksten ovanfor. Vi møtest, skiljer lag,  møtest kanskje igjen eller aldri meir. Dowlands innsikt er prega av hans tid men likevel allmenngyldig. Andreas Scholl er ein eminent tolkar av  Dowland songar på innspelinga
"Crystal Tears " frå eit par år tilbake.
Lenke til "Now, O Now, I needs must part under.



http://www.youtube.com/watch?v=ezh1dxnwMWQ

onsdag 22. mai 2013

Introitus



                        Introitus
Førti dagar etter påske
natta er kort no
mellom skumring og grålysning
eit tomrom som kan fyllast
noko maktar å bryta igjennom
løftar draumen opp mot slumrande medvit
bare ein svak tone no
ikkje  Messiaens ”Fuglekatalog”          *
eller Rautavaaras  ”Cantus Arcticus”  *
men linerlas introitus
inngongssongen til dagen
urørleg og lyttande
medan natta søkk
sola løftar seg
og fuglesongen stig og stig
like inn i dette forløysande  Gloria.


* Fuglesong inspirerte musikkverk frå 1900 talet.

mandag 20. mai 2013

Eutanasi

Fremskrittspartiet tek fram sitt gamle vedtak frå 2009 , landsstyret vil at partiet skal gå til valg på legalisering av eutanasi. Partiet sa ja til aktiv dødshjelp i prinsippprogrammet for fire år sidan. Fremskrittspartiets Ungdom har nok vore ein sterk pådrivar på same måte som Unge Venstre som  tok opp det same forslaget, førebels utan å få gjennomslag i moderpartiet. Alle andre parti har til no avvist alt snakk om aktiv dødshjelp.
Foreininga " Retten til en verdig død" arbeider aktivt for at Oregon modellen skal verta lovleg i Norge. I Oregon er det lov med  assistert sjølvmord, legar kan skriva ut medikament som dei veit pasienten vil ta for å gjera slutt på livet. Gallupundersøkjingar viser og at det er ein klar trend i retning av at nordmenn ønskjer
eutanasi skal verta lovleg , slik det er det i Nederland og Belgia. Den norske legeforeninga er i motsetning til den nederlandske konsekvent imot eutanasi. I Nederland har eutanasi vore lovleg sidan 2002, eit stadig aukande antall nederlendarar får hjelp frå helsevesenet til å døy. I 2011 var talet 3700 (av totalt 140.000 dødsfall), det var ein auke på 18 prosent frå året før. Bare 8 prosent av nederlandske legar har reservert seg mot å utføra eutanasi av religiøse grunnar. Det har ført til at det er oppretta mobile klinikkar som køyrer heim til pasientar for å gje "hjelp" til dei som ikkje får det av sin fastlege.
Belgia følgde etter Nederland for eit par år sidan, Sveits og delstaten Oregon i USA har lover som tillet assistert sjølvmord. Fleire europeiske land og amerikanske delstatar diskuterar lovendringar. Storbrittania kan sannsynlegvis bli det neste landet som vedtek legalisering av eutanasi. I Tyskland skræmer nok spora frå 70 - 80 år tilbake lenge enno (meir om det seinare).
Kva er denne utviklinga eigentleg eit  uttrykk for ?  Det moderne mennesket vil ha absolutt kontroll over livet sitt frå fødsel til død. Vi vil sjølv avgjera kva for barn som kan få leva og når vi sjølve kan døy !
Ja trong for absolutt kontroll over eige liv ligg nok under, men det er ein einsam trong. I neste omgong vil spørsmålet om å vera til bry for samfunnet og sine næraste dukka opp. Enkelte argumenterar og med det i dag. Er det ikkje betre å be om eutanasi og dermed spara seg sjølv for vidare lidingar, sine næraste for slit og stress og samfunnet for utgifter til pleie og medisinar. Tilsvarande argument vart nytta av tyske legar i 1939. Det vart sett opp intrikate utrekningar over kor mange mark ein kunne spara ved å ta livet av ein handikappa eller psykisk utviklingshemma.
Pave Johannes Paul II tok gong etter gong til orde mot det han kalla " dødens kultur."
I Katekismen ( 2276-2279) er det uttrykt slik: "Uansett årsak og midler består eutanasi i å gjøre slutt på handikappedes, syke og døendes liv. Eutanasi er moralsk uttilatelig."
Vi kan stola på at sjølv om alle andre sluttar seg til "dødens kultur" vil Kyrkja stå fast i sitt forsvar for livet!


lørdag 18. mai 2013

"I ætt med æva" - Melderskin.

Til alle tider har menneska hatt religiøse kjensler overfor fjella. Mange kulturar, særleg i Himalaya området, har såkalla heilage fjell som det knyter seg spesiell ærefrykt til. I ein del tilfelle er det ikkje lov å klatra på eit heilagt fjell. Også i kristen tradisjon har fjellet vore ein stad for bøn og meditasjon, og vi kan finna fjelltoppar med små kapell eller kors. Kanskje får ein på fjelltoppen ei kjensle av å vera nærare det guddomelege, ein fyllest med ærefrykt og respekt for det som varer utover eit lite menneskeliv. "Godt å vita at Du er om eg fer. Godt å vita at Du står her når eg ikkje er " skriv ein lokal diktar frå heimbygda mi om det høgste fjellet vårt, Melderskin. Med sine 1426 meter over havet ruver det ikkje mykje samanlikna med Himalaya eller Alpane, eller toppane i Jotunheimen for den saks skuld. Det ruvar likevel nok til at ein etter 3-4 timars bratt stigning får denne opphøygde kjensla når ein endeleg står på toppen. " I ætt med æva" skriv den same lokale poeten og lokalhistorikaren, Kaare Skaala, som eg siterte ovanfor. Det er tittelen både på eit dikt og eit lite hefte han har skreve om dette fjellet.

"Grå og herdabrei
er du
hovudet over dei hine

arrut og senaturr
- javel
men med ein gamal slitars venleik

runnen av prekambriske røter
i ætt med æva

eg eig berre stunda
kjem her varleg
og audmjuk."

Ja, fjellet gjer ein audmjuk, ein trør meir varleg når stunda på toppen er med vidare.
Låg sol over Melderskin ein klår og kald dag like før jul.
                                         Utsyn frå toppen av Melderskin ein solvarm julidag.

tirsdag 14. mai 2013

St.Hallvard

Det er midten av mai  og vi feirar minnedagen(15.mai) for Hallvard, martyr og skytshelgen for Oslo by.
Han skal ha blitt drept i 1043 i det han prøvde å verna ei uskuldig gravid kvinne mot forfølgjarar som vill ta livet av henne.
I Breviarium Nidrosiense kan vi lesa:
"Den hellig Hallvard var av edel byrd. Hans far het Vebjørn, hans mor Torny. Han mor Torny var datter av Gudbrand herse, og Gudbrand var far til Åsta, mor til Olav den hellige. Hallvard var kysk på legemet, utpreget ærlig og hadde sterk sans for rettferdighet. Da han kom i ungdommen, begynte han å hjelpe sin far med familiens forretninger. Han laget  to vektlodd for aldri å bedra noen, og veide opp til seg selv med det minste og til sin bror med det største.
På vårparten skulle han besøke nabobygdene. Han kom ned til fjorden som het Dram, og som han skulle sette over. Han trakk frem en liten båt fra sivet og gikk om bord. Med ett kom det en svanger kvinne og bad om å få bli med. Han bad henne sette seg i bakstavnen og begynte å ro. Med ett så han tre menn komme løpende ned til stranden på den samme stien som kvinnen hadde tatt. De fikk tak i en annen båt og kom fossroende etter dem.
Da sa den hellige Hallvard til kvinnen: " Kjenner du disse mennene ? " hun svarte: "Ja." " Jeg ser at de vil ha tak i deg - hva har du gjort ? " Hun svarte: " De beskylder meg for tyveri." "Kan du rense deg ? " Hun svarte: " Det kan jeg, om de vil skåne meg." Mennene halte innpå og sa: "Hvorfor tar en gild ungdom som du, Hallvard, på deg å verge en slik ussel kvinne ? Hun er skyldig til å dø."
Helgenen tok henne i forsvar på ulike måter. Blant annet sa han:" Jeg skal betale bot for henne, slik at dere ikke dreper det barnet hun er svanger med." De ble rasende på ham, og en av dem grep buen sin og spente den. Pilen gikk med stor kraft inn i martyrens bryst. Kvinnen drepte de også og gravla henne i fjæren. Om halsen på helgenen bandt de en sten og senket ham ned i dypet. Men ved Guds nåde og matyrens fortjenester ble liket hans lenge etter funnet flytende i sjøen med stenen om halsen."

Slik er kortversjonen av historia om St. Hallvard. Den vart spreidd vidt i Mellomalderen og Hallvard vart eit eksempel til etterfølgjing.Vi merkar oss korleis han bryt med den heidenske nedvurderinga av dei svake og utstøtte og praksisen med hevndrap.Ikkje minst bør setninga der han tek det ufødde fosteret i forsvar tala til vår tid !



Invitatorium til dagen første tidebøn:" Kom la oss tilbe Herren, martyrenes Konge.
Halleluja !"

lørdag 4. mai 2013

Cantus arcticus

Kanskje er det slik at all musikk har sitt utspring i fuglesong ? Fleire komponistar har lete seg inspirera av naturens melodiar ! Olivier Messiaen (1908-1992), den store franske 1900- talls komponisten hadde to sentrale inspirasjonskjelder, katolisismen og fuglesongen. Eg trur dei utfyller kvarandre !
Ein annan kunstnar som har nytta fuglesong direkte i sine verk er finske Einojuhani Rautavaara (f. 1928). Hans  kanskje mest kjente verk er "Cantus Arcticus", konsert for fugler og orkester frå 1972.
Rautavaara har her  lete seg inspirera av det intense arktiske fuglelivet.
Musikkverket innheld tre deler, det byrjar med Suo - våtmarker. Først høyrer vi to fløyter så kjem fuglesongen frå våtmarkene i Nord-Finland og knyter seg gradvis saman med det orkestrale uttrykket. På slutten får vi ein melodi som skal uttrykkja  mennesket på vandring gjennom villmarka.Andre delen har tittelen "Melankoli" og innheld lerkesong som er flytta ned to oktavar slik at uttrykket blir mørkare og meir melankolsk. Eit uttrykk for hausten og døden i naturen, eller for den truga naturen ? Sist del har Rautavaara kalla "Svaner på  flukt", det startar med fleire ulike instrumentgrupper, det blir meir komplekst og så kjem svanene inn. Dei er på flukt og forsvinn etterkvart i det fjerne, musikken tonar gradvis ut slik også livet gjer det. Eg opplever "Cantus Arcticus" som ei storslått hylling til naturen og livet som kjem og går.
http://www.youtube.com/watch?v=WS9bOm3XHLE


Her er "mine" svaner tause og rolege, heilt utan eksistensielle funderingar.

onsdag 1. mai 2013

På stengrunn

I 1973 kom plata "På stengrunn", 16 tekstar av Rudolf Nilsen (1901-29) tonesatt og framført av sentrale norske artistar - Lillebjørn Nilsen, Carl Morten Iversen, Kari Svendsen, Jon Arne Corell, Steinar Ofsdal og Lars Klevstrand. Plata vart svært populær på 70- talet og mange som var unge/vaksne då, minnest nok det godt. I dag 1.mai 40 år etter framfører dei same artistane på nye desse tonesatte dikta. Rudolf Nilsen var journalist og lyrikarar med eit sterkt politisk engasjement på venstresida. Det meste av det han skreiv hadde ein politisk brodd, noko er framleis svært aktuelt som diktet om barnearbeidarar ,  " En vise om kinabarna"
Hans hylningsdikt til Sovjet Unionen  er derimot forlengst utdatert, heldigvis.
Men Rudolf Nilsen skreiv og vakre kjærleiksdikt, " Jeg hadde tenkt" er eit av dei, det er med på plata frå 1973 og vart ein av dei mest populære songane den gongen. Det er og eit av dei vakraste kjærleiksdikt i norsk litteratur!

"Jeg hadde sett dig lenge, der du kom
for alltid vet jeg det, når du er nær -
og hadde tenkt å hilse lett og koldt,
fordi jeg ennu har dig altfor kjær.
Slik vilde jeg forsvare mig med kulde
og også verge dig på samme vis,
så alle våre nye drømme skulde
som sene blomster visne inn i is.

Jeg hadde tenkt..... Men da du stanset
med det hemmelige gode blikk
og dette fjerne smil, jeg vet så meget om -
da skjønte jeg at planen ikke gikk.
Jeg tok din hånd og følte fra dens flate
et varsomt strøk, det lille kjærtegn, vi
bestandig brukte i en folksom gate
dengang da ennu intet var forbi."      









Josef Håndverkeren

1.mai er ikkje berre den første vårdagen og den internasjonale arbeidardagen, det er og ein katolsk minnedag for "Josef Håndverkeren".


Antifon til Benedictus: "Den hellige Josef øvet sitt håndvek i trofasthet, et lysende eksempel for alle arbeidere. Halleluja ! "


Antifon til Magnifikcat: " Kristus Herren vek ikke tilbake for å kalles tømmermannens sønn. Halleluja ! "


 
St.Josef av den franske 1600 talls kunstnaren Georges de La Tour. Ein kan sjå det i Louvre i Paris. Det gjer eit svært sterkt inntrykk spesielt måten han har utforma lyset. Levande kan ein sjå for seg  barnet Jesus som held lyset slik av Josef får gjort sitt tømmermannsarbeid også seint på kvelden.
 
 
 

Bryllaupet i Kana

Forfattaren Johanna Schwarz (1931-1996) var ein person det ikkje var  lett å setja i bås. Ho var opprinneleg østerisk jøde og kom til Sverige under krigen . Ho fekk svensk som morsmål, men levde det meste av livet i Norge. På mange måtar var ho ein eigen minoritet blant minoritetar, jøde og katolikk, aktiv politisk på venstresida(AKP), svensktalande i Norge, handikappa og sterkt svaksynt.
Ho var lyrikarar med ei rekkje fine diktsamlingar forfatta på svensk, men ho var og ein engasjert samfunnsdebattant med eit brennande engasjement for dei utstøtte og fattige, og mot all urettferd.
I eit St.Olav frå 90 talet fann eg ein artikkel om Maria. Her gjev ho uttrykk for ein sterk Maria-vørdnad som kjelde og inspirasjon til å gjera noko for eins medmenneske her og no. Eg tek med avsnittet om brullaupet i Kana i denne fine artikkelen.



"Maria er sammen med sin sønn på fest. Stor fest, bryllup. Folk danser og synger. Maria danser vel neppe, ikke fordi det er så hellig å la det være, men fordi - og det tenker vi sjelden på - for tiden er hun nå en gammel kvinne. Men sikkert husker hun den dagen da hun selv feiret bryllup og flyttet sammen med Josef.
Men så merker hun uro. Hun har en egen evne til å oppfatte andres nød og savn. Nå ser hun at kjøkemesteren  snakker alvorlig med brudgommen. Og hun oppfatter situasjonen: Vinen er i ferd med å ta slutt. Blir festen ødelagt ? Hva vil gjestene si ? Sønnen hennes må da kunne finne på råd. "De slipper opp for vin " sier hun til ham. Men Jesus avviser henne: "Kvinne hva har du med mitt å gjøre ? Min time er ennå ikke kommet." Men så lett er det ikke å avvise Maria. Hun har måttet venne seg til at sønnene hennes har sine egne tanker. Hun husker nok den dagen i tempelet for mange år siden. Hun sier ikke det man kunne vente av et konvensjonelt menneske:" Skal du snakke slik til mora di ? " Hun svarer ikke. I stedet sier hun til tjenerne: "Det han sier dere, skal dere gjøre."

I sin bok om Maria skriver presten Wilfrid Stinissen om dette, at Jesus nok ikke ville gjort noe under den dagen, hvis ikke hans mor hadde vært der. Dette var ikke hans bryllupsfest. Her var det ikke han som var brudgom. Den timen ville komme seinere. Men på en måte, sier Sinissen, ligger målet allerede i begynnelsen. Visjonen er der fra starten. Og fortellingen lærer oss noe om å be. Maria sier ikke til Jesus:  "Kan du skaffe mer vin ? " Hun sier bare; "Vinen slipper opp." Hun legger problemet frem uten å foreskrive løsningen på det. Og det forteller oss om Marias forhold til oss. Hun vender seg til Jesus for at han skal se på oss, og hun vender seg til oss for at vis skal se på Jesus.
Og vi husker at det blir vin nok. Men ikke ut av tomme luften. Først må tjenerne fylle krukkene med vann. Jesus bruker deres bidrag, slik som han en annen dag kommer til å bruke brød og fisk som en gutt har med seg.

Jesus hørte Marias bønn for bryllupsfesten. Hører vi det hun sier i dag - til sin sønn og til oss: " Jordens fattige har ikke rent vann. De har ikke mat. Søstrene mine i de fattige landene har ikke en gang råd til den salt - og sukkerblandingen som vil redde livet for deres syke barn." Og så sier hun til oss som bestandig sier at vi vil tjene Gud:" Dere vet godt hva han vil dere skal gjøre: Fyll krukkene det haster! " Så seine vi er til å adlyde. Så langsomt vi fyller krukkene. Hvordan kan vi vente at Gud skal hjelpe når vi ikke gjør vår del ? Er vi Herodes for barna i de fattige landene ? Lar vi dem dø for å bevare vår makt - vår velstand ?
En brullupsfest, vin, glede. Den peker frem mot Bryllupsfesten som så ofte i Evangeliene står som symbol for vårt fremtidige samliv med Gud. Og Jesu mor er med der også. Og bryllupsfestens vin peker frem mot et annet måltid da Jesus tar kalken, takker og sier:" Ta og drikk dette, dette er mitt blod." Hvordan er det mulig å misbruke vin etter å ha hørt denne fortellingen ?"