fredag 13. januar 2012

Officium novum

A little farther

A little farther
we will see the almond trees blossoming
the marble gleaming in the sun
the sea breaking into waves

a little farther,
let us rise a little higher.

Den greske lyrikaren Giorgos Seferis (1900-71) vesle dikt  i tysk omsetjing(Nur ein Weniges noch)
avsluttar Jan Garbarek og The Hilliard Ensembles siste felles prosjekt "Officium Novum" frå 2010.
Seferis var fødd inn i den greske minoriteten i Smyrna i Vesle-Asia,men  storparten av livet verka han som gresk diplomat ved sida av å skriva. Det vart verdsett med nobelprisen i litteratur i 1963.
Bare litt til så når vi enno høgare opp. Kanskje er det det Jan Garbarek og The Hilliard Ensemble gjer på den tredje del av trilogien som vart påbegynt med "Officium" i 1994,  "Mnemosyne" i 1999 og sist "Officium novum" i 2010. The Hilliard Ensembles firstemmige song og Garbareks geniale traktering av saksofonen gjev ein heilt særegen klang. "Officium" knyter tråden bakover til middelalder og renessanse, "Mnemosyne" går lengre tilbake, til greske hymnar men og utover etnisk og kulturelt til nord- og sør-amerikanske musikk. På den siste utgjevinga knytes aust og vest, fortid og notid saman; og vi når enno litt høgare opp og dermed ser vi litt vidare utover.
Det austlege er representert med armensk liturgisk song i forma til komponisten Komitas Vardapet(1869-1935), det vestlege med Garbareks eigne komposisjonar til dikt av Par Lagerkvist og Arvo Parts Mariahymne skreve spesielt for The Hilliard Ensemble. Det er ein heilskap i dette, ein struktur og tyngde som får oss til å sjå vidare utover og forstå bare litt meir. Og det er nok !




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar