tirsdag 17. januar 2012

Der är vackrast när det skymmer

Der är vackrast när det skymmer
All den kärlek himlen rymmer
ligger samlad i ett dunkelt ljus
över jorden,
över markens hus

Allt er ömt, alt är smekt av händer.
Herren själv utplånar fjärran stränder.
Alt är nära, alt är långt ifrån.
Allt är givet
människan som lån.

Allt är mitt, och  alt skall tagas från mig,
innom kort skall allting tagas från mig.
Träden, molnen, marken där jag går.
Jag skal vandra –
ensam , utan spår.



Pär Lagerkvist( 1891-1974), svensk poet, dramatiker og romanforfatter  har skreve desse verselinjene , og det er blitt eit av hans mest kjende dikt.  Det uttrykkjer  på ein genial måte det vakre og samstundes tragiske ved livet.  Det er så kort, vi er så åleine og så er alt over. Men i Lagerkvist ord synest  det likevel  å vera noko kjærleiksfyllt som ligg omkring alt, noko ein ser klårast når det går mot kveld.
Han tok tidleg avstand frå  den inderlege kristendomen som fylte barndomsheimen i Växsjö, noko han har skildra  i den halvt sjøvbiografiske boka ”Gäst hos verkligheten” frå 1925. Men han forlet  aldri tematikken, både i poesi og romanar  skildrar han mennesket åleine i ei verd der Gud ikkje lenger er til.
Han debuterte med diktsamlinga ” Människor ” i 1912. Sentrale verk er ”Bödeln”, ”Barrabas”, ”Dvergen” og ” Sibyllan”.
Pär Lagerkvist fekk nobelsprisen i litteratur i 1951.





 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar