søndag 22. januar 2012

Maddalena ai piedi di Cristo

" No var det ei kvinne der i byen som levde eit syndefullt. Då ho fekk vita at Jesus var gjest hos farisearen, kom ho dit med ei alabastkrukke med dyr salve og vart ståande bak han nede ved føtene og gret. Så tok ho til å væta føtene hans med tårene sine og turka dei med håret sitt; og ho kyste dei og smurde dei med salven."
Historia  om kvinna som fekk syndene sine tilgjevne  finn  vi i Lukas 7. kapittel og det  er utgangspunktet for librettoen til Antonio Caldaras (1670-1736) oratorium "Maddalena ai piedi di Cristo " frå slutten av 1690 åra. Det er eit oratorium om synd, nåde og tilgjeving.
Antonio Caldara som var fødd og for det meste verka i Venezia var ein uvanleg produktiv komponist. Han stod for over 40 oratorier og omlag 80 opraer. I ettertida vart han så godt som gløymt iallfall fram til vår tid.
I tråd med tradisjon og legender identifiserar  Caldara den syndefulle kvinna med Maria Magdalena som stod med Jesu mor under korset (Mark. 15.40) og som Maria søster til Marta og Lasarus (Luk. 10.38-42).
At dette neppe er historisk rett betyr likevel ikkje så mykje for bodskapen og musikken. Dette er er eit av dei ukjente høgdepunkta i kyrkjemusikken. Rene Jacobs med "Orchestre de la schola cantorum basiliensis" har ei framifrå innspeling frå 1995. Maria Cristina Kiehr som Maddalena, Rosa Dominguez som Marta og Andreas Scholl som Amor Celeste, den himmelske kjærleiken.


http://www.youtube.com/watch?v=q-_C2iaYRDM

Vermeers skildring av Jesus hos Marta og Maria (Luk 10.38-42)

"Medan dei var på ferdavegen, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta tok i mot han i heimen sin. Ho hadde ei syster som heitte Maria, og som sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans."


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar