torsdag 19. januar 2012

Store hvite bok å se

"Den store hvite
bok
å
se. Vi

er boken. Vi
ser. Og
blir sett.Vi leser. Og
blir

lest. Blir glemt. Glemmer
selv.
Bok
stavene tiner. Mot våren."

Dette er titteldiktet i Jan Erik Volds siste diktsamling " Store hvite bok å se".
Jan Erik Vold har vore ein heilt sentral aktør i norsk kulturliv sidan sekstitallet. Han har gjeve ut ei rekke bøker i ulik sjangrar, men det er framfor alt som lyrikar vi kjenner han.  Han har og gjort ein stor innsats som omsetjar av utenlandsk litteratur og som formidlar av både norske og utenlandske forfattarar. Mellom anna er han det hans fortjeneste at Cornelis Vreeswijk sine etterletne dikt vart samla og utgjeve, og han har omsette alt av nobelprisvinnaren Tomas Transtrømer til norsk.  Hans antologiar  omfattar Olav H.Hauge som han var ven av, Ernst Orvil, Gunvor Hofmo, Bob Dylan for å nevna nokon. Personleg set eg stor pris på at han fekk samla og utgjeve Ruth Maiers dagbok, den jødiske jenta som kom til Norge like før krigen og tilslutt vart ført med fangeskipet Donau til utryddingsleiren Auschwitz. I tråd med dette er og hans store biografi om Ruth Maiers veninne lyrikaren Gunvor Hofmo.
Ei bok det er verd å ta med seg er "Fem stemmer" frå 2010. Her har Vold skreve små essay og samla sentrale dikt både i skrifteleg form og på CD av fem viktige norske lyrikarar, nemleg  Uppdal, Hofmo, Ulven, Heggelund og Nyquist.
Til sist eit snødikt frå Jan Erik Volds siste samling.

"SNØ,SNØ,HVORFOR FALLER DU ?
Snø, snø, hvorfor
stiger
du? Liv, liv hvorfor

synker
du? Død, død, hvorfor
bier
du,hvorfor iler du, hvorfor
slår du til

på feil
sted ? Treet står hvitt, løftet
av svart. Treet
står svart, tynget av hvitt."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar