mandag 9. januar 2012

Den nygamle antisemittismen

" Et urgammelt spøkelse hjemsøker verden. Et spøkelse mange av oss ønsker å tro var død og begravd under ruinene av den annen verdenskrig. Dets navn er antisemittismen."
Slik innleiar  Jan Otto Johansen si siste bok  "Den nygamle antisemittismen" med eit sitat frå " The first international Hearing on Anti-semittism" i Oslo  1983.
Journalist, forfattar og mangeårig NRK medarbeidar Jan Otto Johansen har i årevis kjempa mot den urett som minoritetar har blitt utsett for, i første rekke jødar og sigøynarar. Den siste boka  er i tråd med hans tidlegare  sterke engasjement mot antisemittisme, og det er eit kraftig varsko mot den oppblussing av antisemittiske tendensar som ein har sett i Europa dei siste åra. Jan Otto Johansen tek for seg desse uttrykka for rasisme både i Aust og Vest-Europa og knyter samstundes trådane bakover til ei ikkje altfor fjern fortid.
Konspirasjonsteoriane om eit jødisk verdsherredøme som ein finn i "Sions vises protokoller" vinn fram, særlig i Aust-Europa og i ein del muslimske miljø. Johansen tek også for seg  benektinga av Holocaust som mellom anna den britiske historikaren David Irving står for og som og blir formidla gjennom ein del ytterligåande muslimske TV stasjonar. Å benekta at Holocaust fann stad er straffbart i Tyskland men ikkje i dei fleste andre land.
Er Norge og nordmennene eit unntak i så måte ? Definitivt ikkje, jødar var lenge utestengt frå Norge og fekk  først i 1851 sleppa inn i landet ikkje minst takka vera Henrik Wergelands ihuga kamp for jødane sine rettar.
Då norske jødar i 1941 vart deportert til utryddingsleirane var det norsk politi som stod for arrestasjonane og norske drosjar transporte dei til fangeskipet Donau. Får eller ingen hadde motforestillingar.
På slutten av boka tek Jan Otto Johansen for seg  jødefientlege tendensar i Norge og Sverige i dag. Små tendensar så langt men dei er der latent. Det er eksempel på at jødiske skoleelevar har  blitt mobba når dei eksponerar sin jødiske identitet, i demonstarsjonar  og debattar har det blitt ytra antijødiske utsagn særleg i etterkant av den siste Gaza krigen.
Jahn Otto Johansen er med ordet som våpen ein uredd forsvarar av minoritetar som blir utsette for urett og forfølging. Han fortenar nobelprisvinnar Eli Wiesels ord som er trykt på baksida av boka." Jan Otto Johansen
har flere ganger vist sitt engasjement overfor minoritetet mange steder på kloden. For ham er det skreven ord et våpen for å avsløre rasistenes hykleri, grimme egoisme og umoral. Og det må vi takke ham for."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar