fredag 23. november 2012

Biskop Olav Trondsson i Roma

"Cui dederat sacram merito Norwegia sedem
hic tegnit Olavi frigidus ossa lapis.
Obit Romae anno Salutis MCCCCLXXIIII
die XXV Mensis Novembris.

Under denne gravskrift kvilte fordum
her i Sankt Augustins kyrkje
Nordmannen OLAV Throndsson
24de erkebiskop i Nidaros 1439-1474
Det apostoliske setes legatus i Norge
Ved hans lenge gløymde legstad sette
landsmenn honom ein ny stein til minne
I Herrens år 1924."

Ei minneplate med denne innskrifta finn vi på ein av søylene i San Agostino kyrkja i Roma. Kyrkje ligg like ved Pantheon og Piazza Navona. Erkebiskop Olav Trondsson døydde under si andre vitjing i Roma i samband med jubelåret 1475. Det fekk han ikkje oppleva , han døydde 25. november 1474. Med han var den nyleg innsette biskopen i Bergen  Hans Teiste som nok gav han dei siste sakramenta og sytte for gravferda.
Olav Trondsson hadde vore i Roma før. Det hadde  lenge vore strid om Nidaros erkebispestol men  i 1458  vart det avgjort at Olav skulle bli ny erkebiskop. Året etter drog han sørover, han møtte paven i Perugia og vart der via til erkebiskop. I tillegg til å motta sitt pallium hadde han forskjellig oppdrag for kongen. Alt gjekk fint, og sommaren etter kom han heim og overtok sitt bispedømme som han skulle koma til å sitja i omlag 15 år. Det er ikkje så mange kjelder frå denne tida, men  det kjem fram at knapt nokon hadde noko negativt å seia om Olav. Han var "ein heiderleg, klok og viseleg mann."  Han gav mykje  av sitt arvegods til domkyrkja, men hadde og interesse for dei perifere områda i  bispedømmet. Hodal i Herjedalen fekk eiga kyrkje og prest, bøndene takka biskopen ved å senda  han seks pund gjedde i fastetida.
Sommaren 1474 vart det innsett ny biskop i Bergen. Då Olav reiste frå Bergen hadde han følgje med den nye biskopen Hans Teiste. Ferda gjekk til Roma,  Olav skulle aldri få sjå heimlandet igjen.
Hans Teiste kom attende til Bergen og levde til like etter år 1500.
Det er underleg å stå som turist og pilegrim framom grava hans mange hundre år etter. Eg reflekterar over kor nær Norge var knytta til Europa på denne tida, trass i dei lange avstandane. Nordmenn  drog som pilegrimar til Roma og Santiago de Compostella, geistlege drog til Paris og Roma for å studera. Språket var ikkje noko problem, dei kunne kommunisera på det kyrkjelege fellesspråket latin. Liturgien var likeså kjent, alle var ein del av den verdsvide Katolske kyrkja.

Minneplata over Olav Trondsson som vart sett opp i 1924

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar