torsdag 25. oktober 2012

Den koptiske kyrkja

Det er ikkje så lenge siden bare få interesserte hadde kunnskap om dei kristne kyrkjene i Midt-Austen generelt, og Den koptiske kyrkja spesielt. Det siste årets omveltningar i ei rekke land i regionen har gjort at situasjonen for dei kristne har blitt dagsaktuell. Dei kristne minoritetane er ofte hardt pressa av det muslimske fleirtalet, og mange har emigrert til Europa eller Nord-Amerika.
Etter koptisk tradisjon kom kristendomen til landet  med apostelen Markus i det første hudreåret.  Egypt og særleg byen Aleksandria kom til å spela ei viktig rolle dei første tre-fire hundreåra etter Kristi fødsel. Det er nok å peika på den monastiske tradisjonen som oppstod her mellom dei såkalla ørkenfedrene. Koptisk som framleis vert nytta som liturgisk språk har utvikla seg frå det gamle egyptiske språket og koptarane har sett på seg sjølve som arvtakarar etter dei gamle egyptarane. Den koptiske kyrkja braut med resten av kyrkja på kyrkjemøtet i Kalkedon i 451. Striden dreia seg om definisjonen av Kristi guddomelege og menneskelege natur.I dag har dettte mest historisk betydning, og koptarane har kome til semje med dei ortodokse om at dette dreier seg mest om språklege nyansar. Etter at dei arabiske muslimane invaderte landet på 600 talet har kyrkja gradvis vorte svekka, men er framleis levande i det moderne egyptiske samfunnet. Ein reknar med at det er over 10 millionar koptarar i Egypt og ca 18 millionar totalt i verda. Dessverre har dei opplevd aukande press frå majoriteten i landet dei siste åra, fleire tragiske terroraksjonar er det mest tydelege bilete på det.
Den koptiske paven Shenouda som var høgt respektert også utanfor kyrkja , døydde i mars i år. Ein held no på å finna ein etterfølgjar, og  i dag er det fem aktuelle kandidatar alle med klosterbakgrunn. Til slutt skal ein stå igjen med tre kandidatar før eit tilfeldig utplukka barn med bind for augene skal utpeika den som vert ny pave. Etter koptisk tru er det naturlegvis Guds forsyn som styrer barnet.
To viktige hendingar i det siste markerer støtte til koptarane. For det første fakkeltoget i fleire norske byar til støtte for dei kristne i Midt-Austen. For det andre publiseringa av "Koptiske skrifter" i serien "Verdens hellige skrifter", tilrettelagt av Hugo Lundberg. Boka innheld ei klargjerande innleiing av oversetjaren, og eit utval skrifter frå tidleg koptisk tradisjon. Ein del er preiker eller parafraser over bibelske forteljingar som "Lasarus oppstandelse", andre er apokrype  skrifter som "Boken om erkeengelen Mikaels innsettelse".  Andre igjen er harde åtak på alle kjettarar og aprokype skrifter slik som Abbed Shenoute av Atripes lange og bare delvis bevarte tekst "Jeg er forbløffet." Shenoute er nådelaus mot alle vranglærarar, men han har og vakre tekstar som taler like mykje til oss i dag som til egyptarane på 300 talet slik som det følgjande:

Når dere feirer og når dere fryder dere: "Jesus."
Når dere sørger og når dere gråter: "Jesus."
Når de små guttene og jentene ler:  "Jesus."
De som krysser vann: "Jesus."
De som løper fra barbarenes åsyn: "Jesus."
De som ser ville dyr og en skremmende ting. "Jesus."
De som lider av smerte eller sykdom: "Jesus."
De som er tatt til fange: "Jesus."
De som er uskyldig dømt, og når de blir mishandlet: "Jesus."


Den koptiske kyrkja blir ofte kalla "Martyranes kyrkje". Forteljingar om martyrar frå den første tida er levande i koptisk tradisjon og tragisk nok får dei i dag nye martyrar. Det koptiske verdsbilete har ein dagleg nærleik til truas usynlege verd som vi i vesten har hatt ein tendens til å rasjonalisera bort. Martyrar, englar og helgenar er ein levande realitet  for dei fleste koptiske kristne.
I dag treng denne kyrkja av martyrar vår støtte, solidaritet og forbøn meir enn nokon gong.



Ein av desse fem vil verta utpeikt til ny koptisk pave.

St.Markus katedralen i Kairo.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar