
Ikonet som er kjent under navnet "Abrahams gjestebod" eller "Den gammaltestamentlege Treeininga" byggjer på denne teksten frå 1.Mos 18. Etter ortodoks tradisjon er dei tre mennene eit levande bilete på Treeininga. Gud kan ikkje avbildast direkte, men gjestinga hos Abraham gjev høve til ein indirekte framstilling. Dei tre mennene vert vanlegvis framstilt som tre englar som sit rundt eit bord som er dekka med ein eller fleire kalkar. Dei tre englane kan innesluttast i ein sirkel og er eit bilete på dei tre personane i Treeininga. Måltidet Abraham steller i stand til dei er eit profetisk bilete på nattverden, og bordet er eit symbol på altaret der Kristi offer vert nærverande.
I Hebrearbrevet 13 finn vi og ein setning som viser til denne hendinga. " Gløym ikkje å vera gjestmilde, for på den måten har nokre, utan å vita det, hatt englar til gjester."
Dette er det kanskje allment mest kjente ikon motivet. Den russiske ikonmålaren Andrej Rublov (1360-1430) skapte ca 1410 si framstilling av "Abrahams gjestebod" som dei siste åra har blitt nytta som illustrasjon i mange ulike samanhengar.
Andrej Rublovs ikon heng i Tretyakov galleriet i Moskva. Sjølv om det her er teke ut av sin liturgiske samanheng gjorde det likevel eit svært sterkt inntrykk å stå andlet til andlet med denne framstillinga av Treeiniga.
Solrun Nes sin variant av dette temaet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar