Det er 70 år sidan 26. november 1942, ein skammens dag. Tidleg på morgonen var eit hundretals drosjar samla framfor inngangen til Vigelandsparken i Oslo. 150 mann frå det norske statspoliti, 60 mann frå kriminalpolitiet, 60 frå Hirden og 30 frå Germanske SS-Norge( altså alle nordmenn) hadde fått følgjande instruks: " Alle kvinnelige jøder med J. i passet samt deres barn skal anholdes..." Instruksen vart overhalde til punkt og prikke. 532 jødar vart brakt ombord på lasteskipet "Donau". Båten vart liggande verfast i ytre Oslofjord og kom seinare enn planlagt til Stettin. Det var snøfokk og bitande kaldt då jødane vart overført til godsvogner på den 60 mil lange jernbanelinja som enda i Auschwitz. Det er advent, første desember i det dei er dei framme i konsentrasjonsleiren, 346 personar blir utsortert for å gå rett i gasskammeret. Av desse er det 188 kvinner, 42 barn og 116 arbeidsuføre menn.
Ein av desse 346 veit vi meir om enn dei fleste andre, det er Ruth Maier, jødisk flyktning frå Wien som kom til Norge i 1939. Vi kjenner henne avdi ho var nær veninne av forfattaren Gunvor Hofmo, og hos skreiv heile tida dagbok. Dagboka vart utgjeven i 2007 takka vera forfatteren Jan Erik Vold. Hausten 1942 er Ruth 22 år gammal, ho går på kveldskurs ved Kunst- og Håndversksskolen og bur på hybel i Dalsbergstien 3.
Klokka fem om morgonen blir ho brutalt vekt av to norske(!) politimenn, og slept ned trappene til ein ventande drosje. Dei andre jentene i hybelhuset vaknar av bråket, ein av dei tilbyr seg å ta vare på gullarmbandet til Ruth til ho kjem tilbake. Ruth svarte:"Jeg kommer aldri tilbake."
Veninna Gunvor Hofmo dreg ned til havna der "Donau" ligg klar, Ruth lukkast å smugla eit lite brev ut til henne. " Jeg tror det er like bra at det er kommet til dette. Hvorfor skal ikke vi lide når det er så mye lidelse til ? Bekymre deg ikke om meg. Jeg ville kanskje ikke bytte med deg."
Donau forlet havna i Oslo med 532 norske jødar.
Ruth Maier hadde kunsteriske evner, ho skreiv og malte akvareller.
Gunvor Hofmo skreiv mange dikt inspiret av hennar døde veninne:
" Du malte din død.
Din død gikk foran deg og skar i tingene
så de åpnet seg i brennende pine
og du kjente sommeren ånde i sorg over din unge død
grenene rispet kvelden
duftene fra havene du ikke skulle se mer
steg bittert i deg
og de hvite benkene i skumringens parker
løftet seg som svaner."
Minnestein sett ned utanfor Dalsbergstien 3.
Aldri gløyme !