onsdag 20. juli 2011

Profeten Elia

                                                         Profeten Elia, gresk-ortodoks ikon

20.juli er minnedagen for Profeten Elia(Elias,Elijah).
Elia blir feira både i den vestlege og austlege kyrkja og naturleg nok i jødedommen. Iflg. jødisk tradisjon skal det alltid stå ein ledig stol til Elia under festen etter rituell omskjering.
Elia levde i det niande hundreåret før Kristus og vi les om han i 1.Kongebok. Han refsa dei som følgde
Baals profetar. I periodar levde han som eremitt i øydemarka ved bekken Kerit og ravnar bar mat til han.
Etter tradisjonen vart han bortrykt til himmelen i ei eldvogn.

                                            Elias grotte ved Karmel fjellet.

I Karmelittisk tradisjon har Elia ein sentral plass.  Det har sjølvsagt å gjera med at han heldt til på Karmel berget meir enn to tusen år før dei første karmelittiske munkane slo seg ned der , men det har og med det å gjera at han er ein slags andeleg far og inspirator for den karmelittiske kontemplative tradisjonen. Dette kan vi lesa om i " Dei første munkanes bok"(Institutio primorum monachorum) som vart forfatta på 1300 talet og høyrer til den eldste delen av Karmels andelege tradisjon.(oversett til svensk)
Dei norske legkarmelittane knyter seg til denne tradisjonen når vi vel å kalla vår fraternitet:"Profeten Elias fraternitet."

Antifon til vesper: Elia trådte frem som en ild , og hans ord flammet som en fakkel.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar