torsdag 21. juli 2011

106 milliardar

                             106 milliardar.
Aftenposten juli 2010:106 milliardar
                  ikkje underskot på det amerikanske statsbudsjettet
heller ikkje aksjetap under finanskrisa
eller insekt i Amazonas regnskog
for ikkje å snakka om galaksar i kosmos
men  menneske 106 milliardar av dei
som ifølge ein professor i demografi
er det totale antalet som har eksistert
på jorda sidan tidas morgon
                  kvar enkelt som lever pustar elskar
blir fødd og døyr åleine eller saman
uforståeleg og umogleg å ta inn i seg
likevel når sola forlet sommarkvelden
og ein strekkjer  handa mot sine næraste
i eit kort glimt passerar dei forbi
alle dei ein skulle ha møtt
alle dei ein skulle ha tala med
men som inn i  natta forblir ukjente vener.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar