fredag 15. juli 2011

Bjørk og John Tavener

Κύριε Ἰησοῦ Χριστέ, Υἱέ τοῦ Θεοῦ, ἐλέησόν με τὸν ἁμαρτωλόν.





Lord Jesus Christ, Son of God, have mercy on me, a sinner.[1]

CD " John Tavener . A Portrait" kom i 2004. Her finn vi ei rekke av hans sentrale verk, dessutan eit lengre intervju med komponisten. Brodsky Quartet framfører musikken hans. Men den viktigaste grunnen til å kjøpa denne CD er nok Taveners komposisjon for den islandske artisten Bjørk. Det er eit kvarter langt musikk- stykke der Bjørk med si særegne stemme framfører den ortodokse Jesusbøna på gresk, koptisk og engelsk.
Det er ikkje samanliknbart med noko anna eg har høyrt. Teksten henta frå den ortodokse mystikkens tradisjon, Taveners enkle men ikkje mindre verknadsfulle musikk og Bjørks stemme blir til saman noko som går langt utover det dagligdagse. Det er opnar opp mot det transcendente, mot det det himmelske , mot det som ikkje kan fangast av tanke og logikk.
Jesusbøna, "Herre Jesus Krstus, Guds son, ha miskunn med meg ein syndar", "Lord Jesus Christ, Son of God,have mercy on me a sinner " har sine røter tilbake til ørkenfedrene i Egypt og har etter kvart vorte den viktigaste bøna i den ortodokse , mystiske tradisjonen. Målet er den vedvarande bøna som Paulus skriv om i  1. Tessalonikar brev. Den ortodokse skriftsamlinga Filokalia er ei skrifteleg nedfelling av denne tradisjonen.
John Tavener er fødd i 1944 og med sine mange kyrkjemusikalske verk er han ein av Englands viktigaste samtidskomponistar, hans inspirasjon er for ein stor del den ortodokse religiøse tradisjonen.
Bjørk er ein  variert og spennande artist både som songar, skodespelar, musikk og filmskapar.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar