tirsdag 22. mars 2016

Poetica:Marimesse om våren

Maria bodskapsdag (Annuntatio Mariae), "Herrens bebudelse", frå  gammalt Marimesse om våren.
Minnedagen for engelen Gabriels bodskap til Maria fell i år saman men langfredag. Det illustrerar samanhengen mellom inkarnasjonen og Kristi offerdød på krossen. På den gamle primstaven(fortidas kalender) er Marimesse markert med ei krune, det siste merket på vintersida.Det markerar at Maria er himmeldronninga.Bestemora mi kalla dagen "Voffremyss". På eit bilete fra 1901 står ho saman med familien framom barndomsheimen. To søstre på fem og ni år står saman med henne, eit par år seinare er dei begge tekne ut av tida.

                        Marimesse om våren

 Voffremyss sa bestemora mi
dei gamle merkedagane enno ein del av kvardagen
primstaven snart vendt mot sommarsida
ei krune for himmeldronninga
på bilete frå førre hundreårskifte står ho
saman med familien framom barndomsheimen
velstelte potteplanter, lauvtunge fruktre og reine gardiner
søstrene på fem og ni år snart tekne ut av tida
foreldrene alvorstyngde som om dei  alt merka skuggen av englar.
Ver ikkje redde de ventande
tenestekvinna skal om litt gje sitt svar !






søndag 20. mars 2016

Palmesøndag

Frå dagens feiring av palmesøndag i St. Ansgar med prosesjon og  palmegreiner.



Antifon til laudes:
"Folkemengden som var kommet til festen, ropte til Herren:Velsignet være han som kommer i Herrens navn. Hosanna i det høye !"

lørdag 19. mars 2016

Tømmermannen Josef

I dagens messe feira vi minnet om Den heilage Josef, Marias ekstemann og Jesu fosterfar.
Det er ikkje så mykje vi veit om Josef, evangelia er sparsomme med opplysningar. Josef er med i juleevangeliet,og siste gong vi høyrer om han er då Jesus vart att i tempelet tolv år gammal. Sannsynlegvis var Josef død på det tidspunktet Jesus vart krossfesta.
Kulten retta mot Josef som helgen høyrer vi første gong om i Egypt på 400-500 talet, men det var først i Mellomalderen at Josef vart ein helgen med stigande popularitet. Teresa av Avila var spesielt knytta til Den heilage Josef, og  moderhuset til den reformerte karmelittordenen i Avila var vigd til han. Josef er utnemnd til "Universalkirkens beskytter", men han er og skytshelgen for mellom annan arbeidarar og handverkarar, familiefedre og ektepar, og ikkje minst for døyande og for ein god død.
I tråd med Teresa av Avila har Josef ein sentral plass i karmelittordenen.

                                            Georges de la Tour: Josef tømmermannen.

Bønn til den hellige Josef

"Hellige Josef vår Far!
Du har aldri sviktet dem
som ber om din hjelp og forbønn.
Som vår hellige mor Teresa
tar vi vår tilflukt til deg.
Du var Frelserens faderlige beskytter her på jorden,
og Han lytter til dine bønner i himmelen.
Gjennom Ham har du makt til å hjelpe oss
og det som synes umulig kan du gjøre mulig.
Vi ber om din faderlige omsorg,
at du skal sørge for oss
og gi oss alt vi trenge.
Amen.

Jesus, Maria og Josef !
Vi overgir alt i deres hender!"




mandag 14. mars 2016

Martyrs of today

Yemen er eit krigsherja land som i langt mindre grad er i medias søkelys enn Syria, Irak og Afganistan.Situasjonen for sivilbefolkninga er minst like ille som i Syria. Mor Teresa søstrene "Missionaries of Charity" har i lengre tid dreve sosialt arbeid blant dei fattigaste i hovudstaden Yemen. 4. mars storma to væpna menn inn i senteret som søstrene driv og drap fire av søstrene i tillegg til sekten friviljuge medarbeidarar. Søstrenes priorinne overlevde, ein prest vart bortført av terroristane. Dei drepte var ein del av den stadig veksande skare av det som pave Frans i ei preike 26.desember  karakteriserte som "Our Martyrs of today". Desse brutale drapa nådde ikkje avisenes forsider, til det var dei for vanlege og Yemen for fjernt og ukjent. Paven engasjerte seg desto sterkare og uttalte følgande. "Desse søstrene er martyrar. Dei finst ikkje på avisenes første sider, deira død er ikkje nyhende. Dei er ikkje bare drapsoffer, dei er og offer for den globale likesæla som ikkje bryr seg. Må Mor Teresa omfavna sine døtre, kjærleikens martyrar i himmelen, og må dei be for for fred og for den heilage respekten for menneskelivet."

Dei fire Mor Teresa søstrene som vart martyrar: Mary Anselm, Reginette, Judith og Marguerite

tirsdag 8. mars 2016

Kyrkja - vitskapens motstandar ?

Det er ei vanleg oppfatning at alle store gjennombrot i naturvitskapen har vorte kjempa fram i konflikt med kyrkja, ein viser ofte til Galilei og Darwin. Sentralt i denne oppfatninga står eit syn på Mellomalderen som ein mørk periode der kyrkja hadde all makt og framskritta var få, i motsetning til den såkalla Renessansen som følgde i hundreåra etterpå. Stemmer dette eller er det som mykje anna bygd på tvilsam historie kunnskap og  demagogi frå 1800 talet ? I sekulære kretsar inkludert Human-etisk forbund har dette synet stått sterkt, interessant er det då at filosof og ateist Morten Fastvold i ein kronikk i "Humanist" med tittelen "Humanistiske myter - Kunsten å sjekke en god historie" tek eit sterk oppgjer med desse mytane.
Går ein grundigare til verks oppdagar ein at mellomalderen slett ikkje var så mørk som ein har trudd, og motsatt var Renessansen slett ikkje ei tid utan forvirring og overtru. Høgmellomalderen var tvert imot ei blømingstid for logikk og naturfilosofi, og dette skjedde ikkje i motsetning til kyrkja, men tvertimot med full forståing og støtte frå kyrkjeleg hald. James Hanman har i boka " Gods philosophers. How the medieval World laid the Foundations ogf Modern Science" gjort greie for korleis 1100 talets teologar og filosofar utvikla ein rasjonell og konsistent tenkemåte om naturens uforanderlege og lovmessige oppbygnad. Dette sprang naturleg ut av det bibelske synet på ein Gud som hadde skapt eit forståeleg univers styrt av naturlover, i motsetning til tidlegare tiders  forestillingar om om ei verd styrt av ustabile makter og uforutseibare gudar. Det  var den geniale oppdaginga til desse teologane og filosofane, verda er skapt av ein rasjonell Gud  og styrt av lover som vi kan utforska og forstå. Dermed la dei det logiske fundamentet for all naturvitskap fram til vår tid.

Kvifor har så det synet av kyrkja har kjempa mot vitenskapen sett seg så fast ? For å forstå det må vi gå tilbake til Opplysningstida på 1700-1800 talet. Det var ei tid med sterke motsetningar mellom verdslege tenkjarar som til dømes Voltaire på den eine sida og eit svært konservativt presteskap på den andre sida. I skriftene til desse tenkjarane vart kyrkja og ikkje minst kyrkja i Mellomalderen framstilt som svært bakstreversk på ein måte som ligg milelangt frå dagens kjelde kritiske historievitskap. Dette skape mytiske forestillingar som sette seg fast i samfunnet, og som ingen tok seg bryet med å sjekka før i våre dagar. Det viser seg då at dei ikkje held i møte med ei moderne vitskapshistorisk tilnærming.

Men kva så med prosessen mot Galileo Galilei og motstanden mot Darwin og evolusjonsteorien , var ikkje det klassiske eksempel på ei kyrkja som kjempa mot vitskapelege framskritt med alle middel.
Prosessen mot Galilei tente ikkje kyrkja til ære, men var mykje meir samansett enn det som er den vanlege framstillinga. Det var ulike vitskapssyn som stod mot kvarandre, Tycho Brahes helio-geosentriske og Galilei heliosentriske, og den tids observasjonar støtta ikkje einsidig det eine eller det andre. Sentralt i prosessen var og dei personlege motsetningane mellom Galilei og hans tidlegare ven og støttespelar pave Urban VIII, begge hadde store ego og var lite fleksible.
Då Darwin la fram evolusjonsteorien i "Om artenes opprinnelse" var ikkje dette ein ny tanke, både Augustin og Thomas Aquinas hadde spekulert i om artar hadde utvikla seg over svært lang tid. Ideen skaut fart på 1700 talet, men  fekk sin teoretiske utforming av Darwin . Verkeleg gjennomslag fekk teorien  først då den vart kobla saman men ausgustinermunken Gregor Mendels banebrytande genetiske forskning på midten av 1800 talet. Sjølv om mange kristne tok avstand frå dette blei evolusjonsteorien aldri formelt avvist av nokon av dei historiske kyrkjesamfunna. Ein av dei mest profilerte teologane på 1800 talet, kardinal John Henry Newman skreiv at han ikkje kunne sjå at Darwins idear streid mot ei kristen skapartru. Den såkall kreasjonisme-rørsla som tolka skapinga heilt bokstaveleg over sju dagar oppstod i USA først på 1920 talet. Seinare har denne rørsle ekspandert og utvikla seg til dei fundamentalistiske kreasjonistane vi møter i dag. 1800 talets teologar ville neppe kjent seg igjen i deira ytterliggåande synspunkt.


For å oppsummera: kyrkja har ikkje motarbeidd naturvitskapen, tvert imot la Mellomalderens tenkjarar grunnlag for ei logisk og rasjonell forståing av universet og naturlovene. At det motsatte skulle vera tilfelle er mytiske oppfatningar frå 1700-1800 talet.

mandag 29. februar 2016

Langs kysten

"Langs kysten. Gude og hans elever omkring 1870." - Ustilling på Nasjonalgalleriet 19. febr.-8.mai.
Hans Gude(1825 -1903) var ein av dei største i norsk kunsthistorie på 1800 talet. Han er vel mest kjent for samarbeidet med Adolph Tidemand om eit av nasjonalromantikkens mest populære motiv nemleg Brudeferd i Hardanger frå 1848. Gude reiste seinare til Tyskland der han vart internasjonalt kjent og han underviste i åra 1864 -80 ved kunstskolen i Karlsruhe der etterkvart mange av dei seinare mest kjende  norske kunstnarane vart hans elevar. Det var landskapsmaleriet som var Gudes spesialitet, karakteristiske nok er det han som tek seg av landskapet men Tidemand målar personane i Brudeferd i Hardanger. Det var særleg den maritime motivkretsen som opptok Hans Gude, sjøen i storm og stille, skuter, natur og folkeliv langs kysten. Han måla mange motiv frå Sørlandskysten, ikkje minst frå Lista strendene. Elevane hans vart oppfordra til å la seg inspirera av  kystlandskapet, framfor alt Jærlandskapet. Dette var ei tid med stor oppsving i norsk skipsfart, frå å vera eit tradisjonsbunde jordbrukssamfunn vart Norge ein av verdas store sjøfartsnasjonar med tyngdepunkt på Sør- og Vestlandet. Kunsten avspegla denne utviklinga, maritime motiv slo an hos publikum.
Ustillinga er naturleg nok konsentrert om Gudes maritime måleri, men vi møter og hans elevar, Amaldus Nielsen, Kitty Kielland, Nikolai Ulfsten, Frits Thaulow og Christian Krohg. Alle var dei inspirert av Hans Gudes kunstsyn og motivvalg. Dette var kunstnarar som i stor grad kom til å prega norsk kunsthistorie fram mot århundreskiftet og  inn på  første del av 1900 talet. Det er spennande å sjå korleis samfunnsutvikling og kunsthistorie avspeglar kvarandre.


                  Bilete over er eit typisk døme på Gudes skildring frå kysten, i dette tilfellet Oslofjorden  .                                

              Motiv frå Lista, her Husebystranda like ved der aluminiumsverket ligg no.

Ein stad mellom tru og tvil

Walisisk litteratur er nok lite kjent i Norge, kanskje med unntak av Dylan Thomas( som Bob Dylan tok sitt kunstnar navn etter), men det er ein annan stor poet med Thomas navnet, Ronald Stuart Thomas (1913-2000). For eit par år sidan kom Efrem forlag med ei utvalg av hans poesi i Hans Johan Sagrusten si omsetjing til nynorsk. Thomas var ein svært produktiv forfattar med over 1500 dikt og 25 diktsamlingar. Han vart og innstilt til Nobelprisen i litteratur i 1995, men den gjekk til ein annan engelskspråkleg forfattar, Seamus Heaney.
R.S. Thomas som han omftast verta kalla,var fødd i Cardiff i 1913, han var prest i den anglikanske kyrkja og det meste av livet verka han som sogneprest på landsbygda i Wales. Thomas var nært knytt til Wales, landskapet , folket og språket; språket lærte han seg først i vaksen alder men aldri så godt at han kunne skriva poesi på walisisk.
Det er to hovudtema i Thomas dikting, to tema som ofte knytest saman, på den eine sida naturen og landskapet i Wales, på den andre sida Guds nærver eller oftare Guds fråvær. Ofte kjem det litt ut på det same, fråværet glir over i nærvær som i diktet "Fråværet":

"Det finst eit stort fråvær
som er som eit nærvær , som tvingar
meg til å påkalla det utan von
om svar. Det er eit rom eg stig inn i,

der einkvan nett gjekk
ut, ein gang der eg ventar
på ein som enno ikkje er komen.
Eg moderniserer anakronismane

i språket, men han er ikkje meir nær
enn før. Genar og molekyl
har ikkje meir kraft til å kalle
han fram enn røykjelsen hebrearane

la på altara sine. Alle likningar sviktar
liksom orda mine. Kva kan eg koma med
anna enn tomrommet etter han i heile den eg
er, eit vakuum han ikkje kan vende seg ifrå?"

Ofte møter han Gud i den walisiske naturen, ei kjensle som vel heller ikkje er framand for mange  i vårt land. Diktet "Heia" skildrar det:

"Ho var som ei kyrkje for meg.
Eg steig inn med mjuke steg,
held anden lik ei huve i handa.
Det var stilt.
Den Gud som var der, let meg kjenna han. 
endå eg ikkje høyrde han, i reine fargar
som gav væte til auga,
i vinden som rørte seg gjennom graset.

Ingen bøner vart sagde. Men stilla som fall
over lengslene i hjarta - det var lovsong
god nok, og tanken som avsto
riket sitt. Eg gjekk vidare innover, 
enkel og fattig, medan lufta smuldra
og dryste over meg, rikeleg som brød."

Ronald Stuart Thomas var gift med kunstnaren   Mildred Eldridge, ho døydde eit par år før han, og etter ho var død skreiv han fleire vakre kjærleiksdikt til henne som "Samanlikningar" er eit døme på:

"Med alle lette ting
likna eg henne, med 
ei snøfjon, ei fjør.

Eg hugsar ho kvilte
mot armen min då vi
dansa, lik ein fugl

på reiret, redd egga
skulle knusast, redd
ho låg for tungt

på kjærleiken vår. Snø
smeltar, fjører
bles bort;

eg har senkt
oska hennar ned
i meg lik eit anker."




Kyrkja i Manafon som ligg avsides til i fjellandet i Midt-Wales. R.S. Thomas var prest her frå 1942 til 1954.