onsdag 12. oktober 2022

Poesi frå “ The great War”

 “Who made the Law that men should die in shadows?

Who spake the word that blood should splash in lanes?

Who gave it forth that gardens should be bone-yards?

Who spread the hills with flesh,and blood,and brains?

Who made the Law?”

Slik skreiv den engelske journalisten og poeten Leslie Coulson ( 1889 - 1916) kort før han fall i slaget ved La Transloy etter neste to års teneste på slagmarka og i skyttergravene. Coulson set ord på det absurde i at unge menn blir slakta ned etter ordre frå dei som “ made the Law.” Orda hans er diverre meir aktuelle i dag enn på lang tid.

Leslie Coulson ville ha vore ein av dei mange tusen ukjente unge menn som fall i Den første verdskrigen, men han skreiv poesi som vart utgjeve og kom i store opplegg etter at han sjølv var borte. Han var journalist før krigen, men det ville neppe gjort han meir kjent enn mange andre? Han var fødd i London og vart som sin far avismann og journalist. Han skreiv i Evening News inntil han ved krigsutbrotet i 1916 meldte seg til infanteriregimentet  Royal fusilier.Han kom først til Malta, seinare Egypt og Galipoli, for så å enda opp på Vestfronten der han deltok i det brutale slaget ved Somme sommaren 1916. I det vakre diktet

“From the Somme” skildrar han kontrasten mellom ein vakker sommardag heime i England  og skyttargravene ved Somme.


“In other days I sang of simple things,

Of summer dawn, and summer noon and night,

The dewy grass, the dew wet fairy rings,

The larks long golden flight.

…..

A singer once, I now am fain to weep,

Within my soul I feelstrange music swell,

Vast chants of tragedy too deep -

too deep

For my poor lips to tell.”


Etter han var død i 1916 vart det funne ei rekkje tekstar som vart redigert og utgjeve av faren, og alt første året kom i opplag på 10.000. Naturleg nok vart det med denne eine diktsamlinga. Coulson vart ein av dei unge poetane frå “ The great war”.  I etterkant fekk ein nok eit idealisert portrett av ein krigshelt, og tok kanskje ikkje hensyn til korleis 22 månadar med krigsteneste forandra han.Han stiller meir og meir spørsmål med det meingslause ved krigens nedslakting av unge menn! For livet er så kort, slik han skildrar i “…But A Short Time To Live”

“Our little hour,- how soon it dies;

How short a time to tell our beads,

To chant our feeble Litanies,

To think sweet thoughts, to do good deeds.

The altar lights grow pale and dim,

The bells hang silent in the tower -

So passes with the dying hymn

Our little hour.”



torsdag 6. oktober 2022

Retrett profeten Elias fraternitet

 Sist helg kunne vi igjen samlast til retrett i vår sekular-karmelittiske gruppe  etter to år med corona-restriksjonar. Sist var altså i karmelittklosteret Totus Tuus i Tromsø september 2019, åra i mellom synest berre å vera eit intermezzo, noko som ikkje heilt festa seg i minnet. Vi har etterkvart snart femten år sidan dei første initativ til gruppa vart gjort, og fra 2011 vart vi formelt ein karmelittisk fraternitet. Inpirert av den karmelittiske tradisjonen prøver vi å fordjupa oss i gudsrelasjon som vi som katolikkar alt har del i. Dette så vel på eiga hand som i fellesskap og ikkje minst den årlege felles retretten. Gruppa har auka og det var denne gongen fleire nye kandidatar som viste si interesse, det vart for liten plass i Tromsø og Katarinahjemmet i Oslo vart alternativet.Det vart på alle måtar fine og utbytterike dagar, p. Tien i Kristiansand var med oss som ein fullverdig erstatning for vår karmelittprest frå Sverige broder Jonas som framleis var forhindra frå å reisa utanlands.

Samtale, tidebøner, indre bøn, messe, felles måltid, og første oktober hadde vi gleda av å markera minnedagen for vår kjære helgen Therese av Jesusbarnet (Lisieux).

Undervegs fordjupar eg meg meir i Lourdes sjølv om det ikkje er ein del av den karmelittiske tradisjonen, eller kanskje er det det, den sterke Maria vørdnaden vi finn der er også sentral for oss karmelittar. Som ei oppfølging av Franz Werfels Bernadette roman les eg Kjell Arild Pollestads bok ”Bernadette. Piken som så Jomfru Maria”.Det er ein kort og oversikteleg skildringa av Bernadettes liv og visjonane ho hadde i 1858 som  heilt ung jente. Historia er fantastisk og tilsynelatande vanskeleg å tru på, men vi må vurdera det utfrå dei følgjende Bernadettes visjonar har hatt for ettertida. Nokre få har blitt lækte frå fysisk sjukdom, langt fleire av si fortviling og enno mange fleire har fått fornya sitt andelege liv!

“Que soy era Immaculada Councepciou - Eg er den ubesmitta unnfanginga” sa Jomfru Maria til  Bernadette . Ho hadde ingen forutsetning for å forstå dette, men då ho sa det til sognepresten som til då ikkje hadde trudd på henne, vart han i tvil og sensa at her var det likevel noko meir enn syner og fantasier. Det var berre fire år sidan paven hadde proklamert dogmet om at Maria var unnateke arvesynda, og vesle Bernadette hadde ingen forutsetningar for å kjenne til dette teologiske spørsmålet!





tirsdag 20. september 2022

Analfabeten - om å skriva på fransk

 Går det an å bli forfattar med eit anna språk enn morsmålet? Eller vil ein for alltid vera ein slags analfabet slik den ungarnsk- franske forfattaren Agota Kristof ( 1935 - 2011) uttrykkjer det. Samuel Beckett klarte det, og Milan Kundera! For begge glei det franske språket tilsynelatande så lett og uanstrengt ( rett nok skreiv Kundera dei første bøkene på tsjekkisk og fekk dei oversatt til fransk, men etterkvart tileigna han seg det franske språket betre og betre).Ungarnske  Agota Kristof kjem som  flyktning til fransk talande Sveits i 1956 og slit med språket. Ho som lærte å lesa som fireåring og leste alt ho kom over, kjenner seg brått som ein analfabet.

“ Jeg vet at jeg aldri vil skrive fransk slik som forfatterne som er født franske, men jeg skal skrive det slik jeg kan, som best jeg kan. Jeg har ikke valgt dette språket. Det ble påtvunget meg av skjebnen, av tilfeldighetene, av omstendighetene. Å skrive  på fransk er noe jeg er nødt til. Det er en utfordring. En analfabets utfordring.

Ho klarer seg likevel bra, ho lærer å tala fransk, det går seinare å læra å lesa og skriva, men også det går seg til og ho skriv tekstar som blir publisert. Hennar gjennombrot kjem med” Tvillingenes dagbok”  som kjem i mange opplag og vert omsett til ei rekkje språk. Likevel føl denne kjensla av å vera analfabet henne. Hennar vesle sjølvbiografi får også tittelen : L´Analphabete - Analfabeten.Er det avdi morsmålet går tapt, og eit anna språk tek plassen som morsmålet skulle hatt. Er morsmålet så tett knytta til heile vår identitet som menneske?

“ Jeg har snakket fransk i over tretti år, jeg har skrevet det i tjue, men jeg kan det fortsatt ikke. Jeg snakker ikke feilfritt, og jeg kan bare skrive det ved hjelp av ordbøker som jeg slår opp i stadig vekk.

Det er derfor jeg også kaller fransk et fiendespråk. Det er enda en grunn til det, og det er den alvorligste:Dette språket er i ferd med å ta livet av morsmålet mitt.”

Agota Kristof kom som flyktning frå ei europeisk land i ei tid der det ikkje var  stor pågang av flyktningar til europeiske land. Ho vart teke vel imot, fekk jobb, bustad og barnehageplass nesten med det same. Seinare gjorde ho karriere som forfattar, og må ytre sett ha klart seg svært bra. Dei fleste av dagens flyktningar  har det langt vanskelegare, men ho set likevel på noko som må vera ei felles oppleving når ein blir reve opp frå det kjente og tvinga inn i ein ny røyndom, ein ny identitet, eit nytt språk. Det blir ei slags sorgkjensle som føl ein vidare i livet slik det gjorde for Agota Krystof.






søndag 18. september 2022

Sangen om Bernadette

 Eg les om igjen “Sangen om Bernadette” av den østerriske forfattaren Franz Werfel(1890- 1945). Boka om Bernadette Soubirous som Jomfru Maria viste seg for i 1858 gjorde eit sterkt inntrykk då eg las henne for første gong for over førti år sidan. Historia om Bernadette kjenner eg godt og boka gjer framleis inntrykk, romanforma gjer at ein kjem så nær innpå desse hendingane i ein liten provinsby i Frankrike som skulle få så stor innverknad på ettertida. Då får det heller vera med den noko gammalmodige omsetjinga frå 1947! Kvifor skreiv Franz Werfel denne boka som er så katolsk i innhaldet, sjølv var han av jødisk opphav? Rett nok skal han ha karakterisert seg sjølv som “katolikk med jødisk hjerne”! Franz Werfel var fødd i Praha, men budde det meste av livet i Wien før han like før krigen flykta til USA der han døydde i 1945.Han utgav fleire diktsamlingar, men er best kjent som romanforfattar. Hans mest kjente verk er “ Dei førti dagane på Musa Dagh” som handlar om armenaranes fridomskamp, og verka til å setja fokus på Tyrkias brutale folkemord i 1915! I 1938 måtte han sjølv flykta frå det som etterkvart vart nazistanes folkemord på europeiske jødar. Han kom seg etterkvart over Atlanterhavet og i tryggleik i Los Angeles der han skreiv “ Sangen om Bernadette “ som kom ut i 1941. Bakgrunnen for dette bokprosjektet finn vi i Franz Werfel flukt frå nazismen, i juni 1940 var han i Sør-Frankrike, og måtte flykta vidare. Det var då han vart teke i mot og fekk hjelp i Lourdes der han og  kona ( Alma, enka etter Gustav Mahler) oppheldt seg i fleire veker.

Han skriv om dette:” Det var en tid full av angst. Men for meg ble det også en betydningsfull tid, for jeg lærte å kjenne den vidunderlige historien om piken Bernadette Soubirous og om de mirakuløse helbredelsene i Lourdes. En dag avla jeg i min store nød et løfte. Skulle jeg bli ført ut av denne fortvilte stilling og nå Amerikas reddende kyst, da - sverget jeg - ville jeg , som det første jeg gjorde, før alt annet arbeid, synge sangen om Bernadette så godt som jeg kunne.”

Han heldt sitt løfte og resultatet er denne romanen som trass i at det er fiksjonen nokså korrekt føl hendingane Lourdes  frå Jomfru Maria viste seg første gong for Bernadette 11. februar 1858 fram til ho vart kanonisert 8.desember 1933 av pave Pius XI. I dette siste kapittelet er det skildringa av “ barnet Bouhouhorts”  som vart ein av dei første som på mirakuløst vist vart lækt som lite barn i Lourdes, som grip sterkast.. No er han ein gammal mann, og har får sitt livs oppleving i dene høgtidelege sermonien i Roma. Han er den einaste tilstades som har møtt Bernadette i levande live.

Lourdes er i dag eit av verdas viktigaste pilegrimsmål. Mange sjuk og lidande kjem i von om å bli friske. Mange hevdar å ha blitt friske eller iallfall betre, men bare 67 tilfelle er formelt godkjent som mirakel av Kyrkja. Men kanskje er det slik Franz Werfel  let ein av personane i boka uttrykkja: “ Og enda meget oftere enn sykdommen blir fortvilelsen helbredet."


,


tirsdag 6. september 2022

Heilag gjentaking

 « Den hellige gjentakelse» er eit omgrep eg kom over i ein av Wilfrid Stinissen ocd sine bøker, han har sjølv henta omgrepet frå Ylva Eggehorn. Omgrepet kan kjennast uvant, men eg opplever umiddelbart at det gjev meining. Stinissen refererar såvel til « The Cloud of Unknowing» frå 1300 talet som Thomas Merton og den ortodokse tradisjonen med den såkalla Jesusbøna. I protestantisk tradisjon har det tradisjonelt vore skepsis til alt som smaker av vanekristendom med vekt på ytre former og stadig gjentaking av bøner som i tidebønene og Rosenkransen Alternativet blir då ei meir direkte og spontant uttrykksform  som talar til det emosjonelle, men og til det rasjonelle og fornuftsprega. Begge deler kan påverkast av ytre faktorar, dei sterke kjenslene avtek,intellektet vert utfordra av filosofiske argument mot sanninga i religionen. Vanen som ikkje er så avhengig av kjensler og rasjonalitet held lengre, den sit i kroppen som når vi knelar og gjer krossteiknet, i talen når vi gjentek Ave Maria med dei små perlene på Rosenkransen, i både kropp og tale når vi i fellesskap ber tidebønene! Det er det vi kan kalla « Den heilage gjentakinga». Litt etter litt veks vi inn i dette og det blir ein integrert del av både kropp og sinn, noko som ikkje så lett let seg forstyrra av stormar utanfrå.

Wilfrid Stinissen refererar til den ortodokse Jesusbøna, « Herre Jesus Kristus miskunn deg over meg ein syndar» eller ein kortare versjon. Ein gjentek bøna i takt med pusten, først regelbunde med ord men etterkvart søkk bøna nedover til hjarta, og blir eitt med hjarteslaga. Stinissen siterar den  ortodokse teologen Sofrony som seier at den stadige gjentakinga leiar til stilla og  dermed til kontemplativ bøn. Langt frå alle når fram til det kontemplative stadiet, vi vert så lett avleia og ukonsentrerte, vi er ikkje uthaldande nok. Kanskje er det då vi treng vanen å støtta oss på, det som vi kan oppgradera og med rette karakterisera som «Den heilage gjentakinga».





fredag 2. september 2022

Til mor

 Eg sit med mitt signerte eksemplar av Helge Torvunds siste bok « Til mor». Det er ei djupt personleg bok der forfattaren skildrar oppveksten på Jæren på 1950-60 talet. Utgongspunktet og det tekstane sirklar rundt er hans eiga mor, dels er det som ein dialog med henne som døydde for over førti år sidan, dels er det gjennkjennelege skildringar av kvardag og fest i etterkrigsåra. Mora var heimeverande husmor som dei fleste på denne tida, det var det som vert kalla husmoras glansperiode, ei tid som ikkje er så langt tilbake men likevel kjennest veldig fjern i vår tids perspektiv. Det var ei rolegare tid, ei tid med meir menneskeleg tempo, ei tid « før det vart for mykje av alt».

Skildringa startar i det stille i ein ordlaus dialog når forfattaren som barn sit saman med mora og ser ut på mørkre og stjernehimmelen. Ein situasjon som fyller mange av oss ( kanskje fleire på 1950 talet enn i dag)  med undring og spørsmål om meininga med det heile. « Og så såg me begge ut. Og så sa du, stillferdig , at det hende at du, når du sat slik og kikka opp i verdsrommet, lurte på kva me eigentleg gjorde her nede, kva me skulle her.Eg visste ikkje kva eg skulle svara. For ein gongs skyld.» Kanskje svara han ikkje då men først seinare i bøkene sine, i poesien sin?

Med dette utgongspunktet fører Torvund oss gjennom små og store hendingar, mest daglegdagse, i oppveksten og barneåra. Uhell og meistring, gleda over nye sko og klede, teikneserieblad og bøker, og ikkje minst spenninga og gleda ved julehøgtida. Og sentralt i det heile desse mødrene som alltid er tilstades, « dei var alltid-menneske for oss» som han skriv i eit dikt.

Vi kan alle få assosisjonar til det som ligg bak oss, brått er det der gjerne utløyst av sanseinntrykk, av ei lukt eller ein kjent melodi. « Den litt bittersøte lukta av tomatplantene i drivhusa der du sendte meg for å kjøpa ein pose halvstore mogne tomater.» Det kan kjennast godt men og som eit stort tomrom etter det og dei som er borte for alltid. « Du etterlet deg eit smertefullt tomrom som eg alltid sidan har bore med meg.»     Det er sjølvsagt også ei stor eksistensiell einsemd i dette, det er ei bittersøt vemodskjensle men det er og takksemd! Eg opplever at denne vakre vesle boka primært handlar om takksemd! Takksemd over gode minne, over omsorg og kjærleik og over alt dei etterlet oss, dei som gjekk føre oss og rydda stiar.

Av og til

stig smilet ditt

fram i minnet


slik bordet

ennå er varmt

der tekoppen stod





lørdag 20. august 2022

Nicaragua

 Nicaragua - dette vesle mellomamerikanske landet er ikkje så ofte i medias søkelys iallfall ikkje i Norge. Det var annleis på 1980 talet då sandinistane tok makta etter geriljakrig mot diktatoren Somozas undertrykkande regime. Somoza- familien hadde då styrt landet sidan 1930 talet. Leiande i sandinistrørsla var Daniel Ortega som var president frå 1985 til 1990 og på nytt frå 2007 til i dag. Det var mange i Vesten som sympatiserte med det nye regimet som la opp til eit sosialt rettvist samfunn med betring av kåra for dei mange fattige og underpriviligerte i landet. Frigjeringsteologien stod sterkt blant mange på denne tida, dei såg på dette som ein ny veg for kyrkjer som tradisjonelt hadde støtta opp om dei undertrykkjande strukturane i Latin-Amerika. Sandinistane såg positivt på frigjeringsteologien og Den katolske kyrkjas stilling. Fleire prestar deltok i den første sandinistregjering, den meste kjente var Ernesto Cardenal ( 1925 - 2020), prest, poet, frigjeringsteolog og politisk aktivist heile sitt lange liv.Han var kulturminister frå 1979 - 1988, noko pave Johannes Paul II ikkje såg med blide auge på, han refsa denne samanblandinga av politiker - og presterolla. Sjølv om han beheldt si politiske overtyding braut han med Daniel Ortega i 1994, han såg nok klarare enn dei fleste at Ortega gjekk i meir og meir autoritær retning!  Regimet klarte ikkje å oppfylla lovnadane, og var dessutan hardt pressa av dei høgreorienterte Contras opprørane støtta av president Reagan i USA. 

I 1990 vart han slått av ein koalisasjon leia av Violeta Chamorro, men Ortega var tilbake i 2006 og vann seinare både i 2011,2016 og 2021. I 2021 hadde han blitt meir og meir eineveldig og det var i realiteten ingen reell opposisjon. I 2018 var det store protestar mot regimet som det vart slått hardt ned på,300 skal ha blitt drep og 1600 arrestert. Som så mange revolusjonar  endte også denne  i tyrrani og undertrykking! Dei siste åra har Ortega særleg slått ned på Den katolske kyrkja i landet på bakgrunn av at kyrkja har vorte ein sterk kritikar av regimets undertrykking og brot på menneskerettar. Ortega har svara med å forby katolske prosesjonar, utvisa prestar og nonner, setta biskopar i husarrest og karakterisert biskopane som terroristar. Biskopen av Metagalpa Rolando Jose Alvarez  har vore ein skarp kritikar av regimet og har vore fleire veker i husarrest, i dag kjem det melding om at han er blitt arrestert og ført bort av regimets politi.

Vi ser altså at ei politisk rørsle som mange  hadde store voner til for 40 år sidan har utvikla seg til eit regime ikkje stort betre enn det dei overvann i 1979! Kanskje ikkje uventa når ein ser på historia? Det spesielle no er den forfølginga som Den katolske kyrkja vert utsett for i eit land der storparten av folket er katolikkar. Kyrkja i Nicaragua er i dag ei martyrkyrkje som treng vår forbøn og støtte!



                                 På bilete ser vi sentrale kyrkjeleiarar som talar i mot Ortegas regime.