13.mai var det hundre år sidan Maria openberringa i den vesle portugisiske byen Fatima. Jomfru Maria viste seg for dei tre små borna Jacinta, Lucia og Francisco. Ho viste seg seinare ei rekkje gonger dette året, sist 13.oktober då omlag 50.000 var tilstades og vart vitne til det såkalla solunderet.
Maria oppfordra til bot og omvending og la spesielt vekt på å be rosenkransen dagleg. Kyrkja har seinare gjeve si formelle godkjenninga til desse openberringa.Ikkje minst pave Johannes Paul la stor vekt på Fatima og han meinte at Vår frue av Fatima kom han til hjelp ved attentatet i 1981, drapsforsøket fann og stad på dagen for Fatima openberringa 13. mai. Året etter kom han til Fatima for å takka:" Jeg kommer hit i dag fordi akkurat på denne dagen, ifjor, skjedde attentatet mot Pavens liv på Petersplassen. Og. som på underfullt vis, sammenfaller det med jubileet for den første åpenbaringen i Fatima, som skjedde 13. mai 1917. Disse datoene hang sammen på en slik måte at jeg i det så et speielt kall til å komme hit. Og derfor er jeg her i dag. Jeg kom for å takke Guds forsyn, på dette sted som Guds Mor ser ut til å ha valgt spesielt. Det er ved Guds nåde at vi ikke ble utslettet - gjentar jeg nok en gang med Profeten."
No 35 år seinare kjem så pave Frans til Fatima i samband med hundreårsjubileet, høgdepunkt var heilagkåringa av Jacinta og Francisco som begge døydde eit par år etter openberringane. Lucia levde til 2005 nær hundre år gammal. Over ein halv milion pilegrimar var samla på den store plassen framfor katedralen der dei tre er gravlagde. Uansett kva ein meiner om desse openberringane er det ingen tvil om at Fatima har betydd og betyr mykje for så mange. Dei som kjem her kan ikkje unngå å bli prega av bodskapen frå Fatima.
Frå markeringa av Fatima i St. Paul kyrkje i Bergen
Linke til video frå Fatima med pave Frans
https://www.youtube.com/watch?v=XdVKrJDx5WI
tirsdag 16. mai 2017
søndag 7. mai 2017
Mors hår var aldri kvitt
Paul Celan (1920-70) var tyskspråkleg rumensk jøde. Familien omkom i Holocaust men sjølv klarte han å rømma fra leiren og overlevde krigen. Han kom til Frankrike og debuterte som forfattar. Tematikken hans er sterk preg av det han hadde opplevd. Hans meste kjente dikt er Dødsfuge (Todesfuge) der han skildrar utryddinga av jødane. Han strekte språket til yttergrensa for å få fram det han ville inntil han ikkje orka meir og enda livet i Seinen femti år gammal.
OSPETRE, lauvet ditt blenkjer kvitt i myrkret.
Mors hår var aldri kvitt.
Løvetann, so grønt er Ukraina.
den ljosleitte mor mi kom ikkje heim.
Regnsky, kvi drygjer du yver brunnen ?
Den stille mor mi græt for alle.
Runde stjerne, du vind den gylte sløyfa.
Mors hjarte vart såra av bly.
Eikedør, kven lyfte deg av gangjarni ?
Den milde mor mi kan ikkje koma.
(Omsett av Olav H. Hauge)
Auschwitz - minnesmerke med oske frå dei døde

Kalwaria Zebrzydowska
Bilete over er frå Johannes Paul museet i Wadowice og viser pilegrimar på veg frå Wadowice til Kalwaria Zebrzydowska. Kalwaria vart grunnlagt på byrjinga av 1600 talet av Zebrzydowaki familien, etter kvart har det blitt eit stort anlegg med ei rekkje kyrkjer og kapell vigd til Kristus og hans Mor. Tanken var i uttgongspunktet å gjenskapa litt av Golgata i Polen, og dei første kapella var vigd til krossfestinga og Jesu grav. Kalwaria som ligg omlag 15 kilometer frå Wadowice er ein av dei viktigaste pilegrimsmåla i Polen med meir enn ein million besøkjande årleg. Eit av måla for pilegrimane er eit undergjerande ikon av Maria med Jesusbarnet.
Karol Wojtyla kom her første gong som tiåring i 1930 i lag med faren. Her vart grunnlaget for hans livslange sterke Maria vørdnad lagt. Han kom tilbake mange gonger både som prest og biskop og på sine mange reiser til Polen som pave Johannes Paul 2.
Ved inngongen til Kalwaria Zebrzydowska finn vi naturleg nok eit monument over Johannes Paul.

fredag 5. mai 2017
Norske jødar i Auschwitz
26.november 1942 blir 532 norske jødar arrestert og tatt ombord i lasteskipet "Donau" med kurs for Stettin i Polen. Deretter blir dei brakt over i kummerlege jernbanevogner i retning Auschwitz-Birkenau der dei kjem fram 1.desember. 188 kvinner, 42 barn og 116 arbeidsuføre menn blir sendt rett i gasskammeret. Ein av desse kvinnen var den 22 årige Ruth Maier som kom som flyktning frå Wien eit par år tidlegare. Ho er ikkje ein av dei mange ukjente,takka vera veninna Gunvor Hofmo som skreiv dikt om henne, og forfattaren Jan Erik Vold som har skreve biografien om henne er historia om Ruth Maier vorte kjent.Ho etterlet seg og teikningar og ei dagbok. Går ein gjennom Auschwitz-Birkenau blir tragedien så mykje nærare og meir konkret når ein kan relatera den til einskild personar som miste livet her i krigsåra.
Gunvor Hofmo skriv:
Du malte din død.
Din død gikk foran deg og skar i tingene
så de åpnet seg i brennende pine
og du kjente sommeren ånde i sorg over din unge død
grenene rispet kvelden
duftene fra havene du ikke skulle se mer
steg bittert i deg
og de hvite benkene i skumringens parker
løftet seg som svaner.
Og i det meir kjente diktet MØTE
Slik en regnvåt kveldstund
kjenner du det er henne
en jødisk veninne de drepte,
hun hvis lik de lot brenne
sammen med tusen andres.
Og så i det avsluttande verset dei siste orda Ruth Maier skal ha sagt til henne:
Du hører den myke stemmen
slik du hørte den sist,
spørrende uten klage,
dempet og underlig trist:
Warum sollen wir nicht leiden
wenn so viel Leid ist ?
Mellom restane av dei to gasskammera i Birkenau er det minneplater på ulike språk. Her bilete av den norske minenplata med friske blomar april 2017.

onsdag 3. mai 2017
Birkenau
Birkenau, vi går gjennom vakttårnet mot området med jernbanelinjene. Dette bilete vi kjenner så godt, tusenvis av ulukkelege frå heile Europa som endeleg slepp ut av vognene etter ei umenneskeleg reise for å så å möta noko enno verre. Det er vått, kaldt og sølete denne aprildagen, kanskje passar det så mykje betre enn om det hadde vore varme og solskinn. Vi går mot minnesmerket i enden av leiren, det ligg mellom ruinane av dei to store gasskammera og krematoria som vart sprengt før russarane rykte inn i leiren. Så mange opplevde sine siste timar på jorda her.
Kanskje kan bare kunsten setta ord på dette, som jødisk, tysk-svenske Nelly Sachs (1891 -1970).Ho skreiv og skreiv om denne lidinga, Israels barn som forsvinn mot himmelen i røyken frå krematorieovnane."Din kropp i röken genom luften". Til sist vart ho æra med nobelprisen i litteratur for dette.(1966).

O skorstenarna På dödens sinnrikt uttänkta boningar Då Israels kropp upplöst i rök Drog genom luften - Likt sotare mottog en stjärna den Och svartnade Eller var det en solstråle ? O skorsternarna ! Frihätsvägar för Jeremias och Jobs stoft - Vem tänkte ut och byggde sten för sten Vägen för flyktningar av rök ? O dödens boningar Lockande iordningsställda För husets värd,som förr var gäst - O ni fingrar Som lägger ingångens tröskel Som en kniv mellan liv och död - O ni skorstenar, O ni fingrar, Och Israels kropp i röken genom luften !
Eller enno eit dikt av Tadeusz Rozewicz:
Guttemordet
Barna ropte:"Mamma!
jeg har jo vært snill!
Så mørkt ! Så mørkt !"
Se dem De går under
se de små føttene
de er gått under Se
sporet
bittesmå føtter her og der
I lommene fullt
av hyssing og steiner
og små hester av ståltråd
En vid slette lukket
som en geometrisk figur
og et tre av svart røk
loddrett
et dødt tre
uten stjerne i kronen.
tirsdag 2. mai 2017
Håret
Når ein går gjennom museet i Auschwitz er nok noko av det som gjer sterkast inntrykk rommet som er fylt med hår frå ihjelgass kvinner. Brått går det opp for ein at dette var menneske som levde ein gong, som levde heilt vanlege liv som dei brått vart rykte ut av.
Den polske forfattaren Tadeusz Rozewicz (f.1921) har skildra dette i eit dikt frå 1948 omsette av Ole Michael Selberg
Den polske forfattaren Tadeusz Rozewicz (f.1921) har skildra dette i eit dikt frå 1948 omsette av Ole Michael Selberg
Flette
Da alle kvinnene
i transporten var barbert
feide fire arbeidere med limer
av lindekvister
håret sammen i en haug
Bak rene ruter
ligger det sprø håret
fra de ihjelgassede
i det sitter spenner
og hornkammer
Dette hår gjennomskinnes ikke av lys
flokes ikke av vind
berøres ikke av hånd
eller regn eller munn
I store kasser
dynger av tørt hår
fra de ihjelgassede
og en grå liten flette
en musehale med sløyfe
som uskikkeleg gutter
nappet i på skolen
Maxmillian Kolbe
Vi føl den engelsktalande guiden gjennom fangebrakkene i Auschwitz. Roleg og detaljert legg han ut om den uforståelege brutaliteten som herska her for over sytti år sidan. Til sist kjem vi til gasskammeret og krematorieovnen, men før det kjellaren med spesialcellene og rettarstaden mellom brakkene. Cellene er mørke, fuktige og tomme bortsette frå ei, her er det reiste tre lys og framom celledøra ligg det friske blomar. Dette er cella der Maxmillian Maria Kolbe vart sperra inne saman med ni andre for langsamt å svelta i hjel. Mange har nok høyrt historia om korleis fransiskanarpresten Maxmillian Kolbe friviljug tok plassen til ein annan fange som var utpeikt til å døy som hevn for at ein fange hadde rømt (det viste seg seinare at det ikkje var tilfelle, han vart funne drukna i latrina).
Vi kjem ut til rettarplassen mellom brakkene der ti fangar vart utpeikt til å døy, ikkje raskt ved hengning med langsomt ved å sveltast i hjel. Sersjant Franciszek Gajowniczek var ein av dei som skulle døy, i fortviling ropte han ut at han ikkje skulle få sjå kone og born igjen. Då er det Maxmillian Kolbe stig fram og tar mannens plass, han er prest og har ingen eigen familie. Nazibøddelen godtek dette og Maxmillian blir ført til dødscella saman med dei ni andre. I dei to vekene som føl ber, syng og oppmuntrar han dei andre dødsdømde. Til sist er det bare Maxmillian igjen i live og han får ei giftsprøyte. Det gjer sterkt inntrykk å stå her og sjå plassen der dette dramet utspant seg . Eit drama ein har høyrt og lest om og danna seg sine indre bilete av.
Maxmillian Kolbes handling har i ettertid vorte framheva som noko av det største eit menneske kan gjera, å gje sitt eige liv for at ein annan skal få leva.
Han vart saligkåra i 1971 og helgenkåra av Johannes Paul i 1982. Begge gonger var den frigjevne fangen Franciszek Gajowniczek til stades.
Maxmillian Kolbe vart fødd inn i ein from familie i ein liten landsby utanfor Lodz i 1894, har fekk døypenavnet Raimund. Då han berre 16 år gammal gjekk inni fransiskanarordenen saman med ein eldre bror,og tok navnet Maxmillian Maria, det siste etter Jomfru Maria som han var sterkt knytt til. Hans spiritualitet var veldig Maria sentrert, og mange utanfor Polen vil nok oppfatta det som ekstremt. Som fransiskanar var han uvanleg aktiv, han bygde opp ein stor klosterkommunitet og formidla bodskapen både gjennom aviser, tidsskrift og radio. I først halvdel av trettitalet verka han som misjonær i Japan, men kom tilbake til Polen då han vart sjuk av tuberkulose.
I tidsskrifta han redigerte er det artiklar som er klart antisemittiske, men då nazistane invaderte Polen var han på ingen måte likegyldig til forfølginga av jødar. Mange jødiske flyktningar vart hjelpte av Kolbe og hans medbrødre. Han talte mot nazismen: " Hitlerismen vil forsvinne, og sannheten må seire."
Mange polske geistlege vart offer for Nazi-Tyskland, seks biskopar og over totusen prestar vart avretta. I mai 1941 var turen komen også for Maxmillian Kolbe og hans medbrødre, dei vart arrestert og deportert til Auschwitz.
Cella der Maxmillian Kolbe døydde i august 1941
Rettarstaden mellom brakkene
Auschwitz ein regnfull og kald aprildag

Abonner på:
Innlegg (Atom)