Det er ti år sidan pave Frans rundskriv Laudatio Si vart publisert. Det var eit sterkt innlegg i debatten omkring klima- og miljøkrisa vi står overfor. Det blei understreka at vår eksistens heng saman med jordas helse, og dette er eit ansvar vi må ta på alvor kristne såvel som ikkje kristne. Det pavelege rundskrivet bidrog såvel til Parisavtalen om klima og miljø, som Amazonas synoden i 2019 med fokus urfolks rolle i bevaringsarbeidet. Urfolks tradisjonelle kunnskap om utnytting av regnskogens ressursar er uvurderleg, og kan bidra til “ nye vegar for kyrkja og ein heilskapeleg økologi.” Den katolske hjelpeorganisasjonen Caritas er viktig i denne samanhengen, Caritas har eit nettverk i så godt som alle land og har sånn sett ein spesiell forutsetning for å bidra i dette viktige arbeidet. Caritas Norge bidreg i arbeidet for å ta vare på regnskog i land som Colombia, Kongo og Etiopia. Samarbeidet mellom representantar for både kyrkja og urfolk er i sentralt i denne samanheng. Rovdrift på verdas ressursar er eit åtak på skaparverket.
Pave Leo ser ut til å følga opp pave Frans fokus på klima og miljø og sånn sett bli ein “ grønn pave.” Han har tidlegare karakterisert Laudatio Si som veldig viktig . Rundskrivet representerar noko nytt når det gjeld Kyrkjas omsorg for heile skaparverket. Med sin bakgrunn frå bispedømet Chiclayo i Peru har han sett klima- og miljøkrisa på nært hald, og har sånn sett gode forutsetningar for å halda fram i det sporet pave Frans la opp til.Biletet av den komande paven i vadestøvlar i ein flaumråka by i Peru er delt mange gonger og er i så måte illustrerande!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar