mandag 2. juni 2025

Italienske forfattarar

 

 Tre favorittar

Italienske forfattarar

1.       Silvio Pellico (1789 – 1854)

Le mie prigioni – Mine fengsler er ein italiensk klassiker frå 1832 som kom i norsk omsetjing i fjor. Silvio Pellico var frå Piemonte og hadde i tidleg alder suksess som dramatiker. Deler av Italia var på denne tida hærsett av Østerrike, og Pellico deltok i fridomskampen. Dette medførte arrestasjon og langvarig fengselsstraff. Mine fengsler er i dagboksform ei skildring av det årelange  fengselsopphaldet. I eit poetisk språk skriv han om brutalitet og motgang, men og samhald og venskap. Det ender godt, han får sjå familien igjen!  

                                                                                         

2.       Primo Levi (1919-87)

Primo Levi kom frå ein jødisk familie i Torino. Han utdanna seg til kjemiker, men raselovene hindra karrieren. Under krigen deltok han i motstandskampen, vart teke til fange og sendt til Auschwitz. Etter krigen debuterte han  som forfattar og skreiv både  romaner, noveller og dikt. Men han er best kjent for sin skildring frå konsentrasjonsleiren i « Hvis dette er et menneske» og dei sjølvbiografiske novellene med tittelen «Det periodiske system». Det slår meg at Levis fangenskap er så mykje meir brutalt enn Pellicos hundre år før!

 

3.       Salvatore Quasimodo (1901 -68)

Italiensk poesi er nok ukjent for dei fleste, men kanskje kjenner nokon igjen det korte diktet Ed é subito sera. «Enhver står alene på jordens hjerte gjennomboret av en stråle av sol: og med ett er det kveld.» Quasimodo var fødd på Sicilia, men budde det meste av livet i Milano. Der skreiv han dikt om antikken, krigen og lengten til Sicilia.  Han vart tildelt Nobelprisen i litteratur i 1959.

(Dag og Tid 30. mai 2025)


 


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar