mandag 10. april 2023

Velsigna påskehøgtid

 Den katolske påskefeiringa visualiserar påskebodskapen på ein sterk og overtydande måte. Gjennom symbol, tekstar og gjentaking av desse sentrale hendingane i Evangeliet kjem vi tett på bodskapen. Frå askeonsdag som innleiing til fasttida, gjennom Palmesøndag med prosesjon og palmegreiner og lesing av heile Kristi lidingshistorie. Så Skjærtorsdag md innstiftinga av eukaristien og prestens symbolske fotvasking av tolv  menn, overføringa av sakramentet til eit førebels tabernakel inntil Langfredag med fokus på korset, lidinga og døden. Igjen heile lidingshistoria opplest og så avdukinga og hyllinga av korset som alle dei tilstadeverande er med på. Så natt og mørkre inntil feiringa påskenatt med Kristi oppstode og siger over døden. Det heile startar ute md bål og tenning av det store påskelyset. Så alle dei små lysa som alle held i handa under heile den lange rekkja av bibeltekstar. Gloria med klokkene som har tidd sidan Skjærtorsdag, så  opptaking av konvertittar i Kyrkjas fulle fellesskap, forbønene  og fornyinga av dåpsløfta for alle. Så eukaristi og kommunion, det store fellesskapet i den uiverselle Kyrkja ! Så er vi ved  midnatt og kan avslutta med god mat og drikke og hyggeleg samver !







Antifon : Kristus er oppstanden og har opplyst sitt folk, det folk han forløste med sitt blod. Halleluja !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar