mandag 24. april 2023

St. Thérèse i Dublin

 

Eg les igjennom gamle tekstar og  kjem  til januar 1998, det er 25 år sidan. Eg er på leiting etter ein retning i livet som eg eit par år seinare skal finn i Den katolske kyrkja og etterkvart i Karmel.

«Katolisismen byrjar igjen å bli eit levande nærver i livet mitt. Kanskje var det opplevinga i Irland som starta det ? Eg les «Priere de chaque jour» og Ordinaire de la mess», og opplever at det gjev meg noko.

Eg gjekk altså rundt i Dublin denne laurdagsettermiddagen, eg prøvde å følgja ei rute som stod omtalt i guideboka, men halvvegs kom eg ut av denne ruta (eller vart leda?) eg kom inn i eit par trange gater, og det låg det ei lita kyrkje vigd til St. Thérèse av Lisieux. Eg gjekk inn og tente eit lys for St. Thérèse, gjekk så ut og kom tilbake til messe klokka seks.  I mellom tida sat eg åleine på ein pub og drakk eit par øl. Med ein gong eg kom tilbake til kyrkja fall ein stor ro over meg, eg følte at eg var trygg på ein så sterk måte at eg ikkje kan hugsa sist gong det skjedde. Etter som messa skrei fram vart denne kjensla berre sterkare. Eg kjende meg heime, her høyrte eg til, eg ønskte berre at dette måtte vara lenge, lenge…… Den sterke kjensla av indre fred følgde meg lenge etterpå.

Kanskje var ikkje dette ei tilfeldig hending, kanskje var det ei styring i det ? Kanskje var det heller ikkje tilfeldig at denne kyrkja var vigd til St. Thérèse ?»


Ikkje bilete frå Dublin men Notre Dame de Victoire i Paris.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar