lørdag 1. april 2023

Out of the ordinary

 « Out of the ordinary»  er  tittelen på den skotske poeten Kenneth Stevens diktsamlinga frå 2020. Det er den femtande diktsamlinga til denne produktive forfattaren busett i Argyll på Skotlands vestkyst. Eg har tidlegare skreve om han og sitert frå hans lyriske produksjon. Diktinga hans er inspirert av Skotland, folket og ikkje minst landskapet gjennom årstidene. Eit anna sterkt element er den keltiske spiritualiteten tydeleg i boktitlar som Iona og St.Columba. Det er og tydeleg i denne diktsamlinga , der den siste delen er eit langt påskedikt og såleis passar godt desse dagar ved inngongen til påskefeiringa! Kenneth Steven knyter gjerne landskapet og det daglegdagse til det andelege, det blir på ein måte ein inngangsport til det heilage. Døme på det er titteldiktet « Out of the ordinary»

out of the ordinary

big enough to build a house that`s open                                                                                                           to those who yearn that God might enter in,

and breath light through the dark that we have made


out of the ordinary love that spreads

wide her arms, embracing those

left by the side of the road, who’ve heard

time after time they are not good enough


out of the ordinary God that comes

into life not to kill joy but to kindle it, a God

who’s crossed out all our wrongs and welcomes us

back home with happiness,

Bigger than we ever could believe


Naturen, det vakre og det gode men og døden og sorga som i diktet « Dan» om den døde skulekameraten eller «Dad» som er « blown away» som dragen frå barndomen som han ikkje kan finna i alle kassane på loftet. Boka sluttar med diktet « Way», om det som er påskas bodskap.


If I were to touch his feet

I would feel the journey

that took three years to live

three days to heal.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar