onsdag 3. juni 2020

Leonie Martin- ein ny helgen ?

Historien om familien Martin må vera nokså unik i Kyrkjas historie, få om nokon familie har fostra så mange heilage. Vi kjenner Therese av Jesusbarnet, kyrkjelærar og moderne tids kanskje mest populære helgen. Ho døydde ukjent i karmelittklosteret i Lisieux i 1897, men vart heilagkåra alt i 1925 av pave Pius XI. Foreldrene Louis og Marie-Zelie vart heilagkåra av pave Frans i 2015.
Hausten 2018 hadde vi også fokus på denne fromme familien i og med relikvievalfarten til ei rekkje kyrkjer og kloster i Skadinavia.
Men familien var tallrik, og sjølv om fire barn døydde tidleg var de fem jenter att, alle valde klosterlivet. Fire av dei gjekk inn i Karmel i Lisieux, i tillegg til vår populære helgen Therese av Jesusbarnet var det Marie-Louise, Marie-Pauline og Marie-Celine. Men så var det den tredje av søstrene, Marie-Leonie fødd 3.juni 1863 som ikkje vart karmelitt, men gjekk inn i visitasjonssøtrenes kloster, ein orden  grunnlagt i 1610 av Den heilage Frans av Sales, Monastere de la Visistation i Caen.

I det siste er det Leonie med klosternavnet sr. Francoise- Therese som fokuset har vore retta mot. Ein  saligkåringsprosess vart innleia i 2015 og fullført lokalt i bispedømmet Bayeux et Lisieux i vår. Ein grundig dokumnetasjon på over 30.000 A4 sider vart overført til Vatikanets kongregasjon for heilagkåring. Her vil alt bli granska på nytt og ein må og avventa eit  dokumentert mirakel.

Det var på ingen måte innlysande at det skulle bli Leonie som var neste helgenkandidat i Martin familien. I boktittelen under er det "inattendue" - uventa, overraskande som er det sentrale ordet.
Som barn var ho mykje sjuk og vart nok opplevd som eit uroleg og vanskeleg barn. Då mora døydde i 1877 var Leonie berre 14 år og dette var nok minst like traumatisk for henne som for Therese. Ho tenkte ho hadde eit klosterkall som sine eldre søstre og prøvde seg fleire gonger og mislukkast. Då ho kom tilbake til  heimen var ho nok prega av ei sterk nederlagskjenlse, det vart hennar kors. Eit minst like stort kors var det for henne og søskena då faren Louise vart alvorleg sjuk med slag og alvorlege psykiske vanskar. Celine og Leonie tok seg av han etter at han vart utskreven frå sjukehuset i Caen, fram til han døydde i 1894.Då stod dei to søstrene fritt til å velga livsveg vidare, og Celine fann sin plass i Karmel i Lisieux der hennar tre søstre alt hadde vore i fleire år. Celine er kanskje den neste helgenkandidaten i familien ?
Leonie hadde alt prøvd seg to gonger hos visitasjonssøtrene, og det var nok ikkje enkelt for henne å prøva seg ein gong til. Thereses sjølvbiografi "En sjels historie" vart publisert i 1898 og Leonie fann  her von og støtte til sitt kall. I 1899 steig ho igjen inn i  Monastere de la Visitation i Caen og denne gongen vat ho verande like til sin død i høg alder i 1941. Ho levde eit stille og tilbaketrekt liv, og ho skreiv heller ikkje mykje, men ho var utan tvil ei kvinne med eit rikt og Kristus-sentrert indre liv. Fruktene av dette vil vi få innblikk i gjennom den komande saligkåringsprosessen.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar