onsdag 25. mars 2020

Marimesse om våren

25. mars og vi feirar Maria Bodskapsdag som etter liturgireformen offisielt har navnet "Herrens bebudelse"
Dagen vert også kalla Marimesse om våren, Vårfruemesse eller Voffremyss på dialekt der eg kjem frå. Pga. Coronasmitten får vi ikkje feira dagen med messe i dag og vi får ikkje knela under Credo når vi vedkjenner at vi trur på inkarnasjonen. Men sjølv under normale tilstandar er det ikkje like stort fokus på dagen som på dei andre kristne høgtidene.For eigentleg er dette den eine av dei to viktigaste kristne høgtidene, Maria bodskapsdag til minne om at Kristus vart menneske og påskedag til minne om at han overvann døden.
Under er eit lite dikt eg skreiv til denne dagen inspirert av eit familiebilete der bestemora mi står saman med foreldre og søsken framom barndomsheimen. Ho nytta ordet "Voffremyss" om denne dagen.
To små søstre skulle snart bli henta av englar som eg skriv i diktet.
Vi set spesielt vår lit til Marias forbøn i desse tunge tider



Marimesse om våren

Voffremyss sa bestemora mi
dei gamle merkedagane enno ein del av kvardagen
primstaven vendt mot sommarsida
ei krune for himmeldronninga.
På bilete frå førre hundreårsskifte står ho
saman med familien framom barndomsheimen
velstelte potteplanter,lauvtuge frukttre 
og reine gardiner
søstrene på fem og ni år snart tekne ut av tida
foreldrene alvorstyngde som om dei alt merkar
skuggen av englar.
Ver ikke redde de ventande! 
Tenestekvinna skal om litt gje sitt svar !




Antifon til vesper: Se, jeg er Herrens tjenerinne.Det skje meg etter ditt ord.

Magnifikat Notre Dame de Paris:
https://www.youtube.com/watch?v=dpB8GfnbQ3o

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar