Så kan ein følgja vegen gjennom vinmarkene til åsen der Maria viste seg første gong for dei seks ungdomane, 24. juni 1981. (sjå forige blogginnlegg ) eller ein kan gå enno lengre til Krizevac - Kross fjellet der det vart reist ein stor kross i 1933 (proklamert som eit heilagt år av pave Pius XI til minne om at det var 1900 år sidan krossfestinga)
Dei seks visjonære ungdomane er no godt vaksne, alle er gift og har familie. Dei var heilt vanlege ungdomar og er i dag heilt vanlege familiefolk. Men dei tek framleis i mot bodskap frå Maria. Det sentrale i bodskapen er ikkje orginalt, det er det sentrale i kristendomen: Omvend dykk og be ! Igjen og igjen oppfordrar Maria oss til å be !
Bodskapet frå Medjugorje eit par dagar før vi var der:
Budskapet fra 25.september 2017 "Kjære barn! Jeg kaller dere til å være generøs i forsakelse, faste og bønn for alle dem som er i fristelse, og som er deres brødre og søstre. På en spesiell måte bønnfaller jeg dere om å be for prester og for alle konsekrerte (vigslede) at de må elske Jesus enda mer entusiastisk; at Den Hellige Ånd må fylle deres hjerter med glede og at de må vitne om Himmelen og Himmelske mysterier. Mange sjeler er i synd fordi det ikke er noen som ofrer seg selv og ber for deres omvendelse. Jeg er med dere og ber om at hjertene deres må bli fylt av glede. Takk for at dere har svart på mitt kall." 09/25/2017
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar