onsdag 4. oktober 2017

Medjugorje

Medjugorje 28.september.Vi har køyrt frå Markatska kysten i Kroatia  tidleg og har alt vore eit par timar i Medjugorje. Det er midt på dagen og vi er på veg opp åsen i utkanten av byen som 24.juni 1981 var åstad for det som skulle snu opp ned på det meste i denne vesle, ukjente byen i Bosnia-Hercegovina. "Apparition hill" på engelsk, kanskje "Openberrings åsen" på norsk. Parkeringsplassen er ikkje full denne vakre septemberdagen, og etter å ha passert alle souvenirbutikkane skrår vi oppover på den litte ulendte stien, mange har gått før oss i desse meir enn 36 åra og det er berre skarpe og ujamne steinar å trø på. Det er ikkje langt og heller ikkje så folksomt som vi hadde trudd. Så er vi der, Maria statua i forgrunnen, og det store krusifikset i skogkanten litt lengre bak. Pilegrimar kneler i bønn, ei gruppe amerikanske ungdomar sit i skogkanten og ber. Sola skin, det er eit lett drag i lufta, byen og landskapet ligg framom oss og det er nesten heilt stille bortsett frå ungdomane som ber "Ave Maria"(Hail you Mary). Vi set ned ein halvtime, prøver å finna roen, ber om Marias forbøn før vi føl stien langsomt tilbake.

24.juni 1981 gjekk altså desse seks ungdomane, Mirjana, Ivanka, Jakov, Marija, Vicka og Ivan tur i åsen her då dei alle brått såg ei vakker kvinne med eit barn i armane.  Ho viser dei barnet og gjer teikn til at dei skal koma nærmare, men dei blir redde som naturleg er. Noko drar dei tilbake og neste dag ser dei henne igjen på same plass, og dette gjentek seg dag etter dag. Dei spør kven ho er og får svar. Ryktene om at det er Maria som viser seg for desse ungdomane spreier seg som eld i tørt gras, og mange finn vegen til Medjugorje. Dette er naturleg nok ikkje særleg populært hos dei lokale representantane for det kommunistiske styret, og dei prøver å legga hindringar i vegen. Kyrkja er også i utgangspunktet skeptisk,og openberringane i Medjugorje er til no ikkje formelt godkjent av kyrkja slik tilfellet er med Fatima og Lourdes. Men korkje verdslege eller kyrkjelege autoritetar kan stoppe ein sterk folkeleg religiøsitet, fleire og fleire frå heile verda finn etter kvart vegen til Medjugorje. I dag kjem over ein million pilegrimar årleg,og  mange fortel om korleis dette har innverka positivt på livet deira. Nokre få fortel og om opplevingar av mystisk-religiøs karakter.

Bodskapen frå Medjugorje er ikkje spesielt orginal, Maria oppmodar til bøn og omvending, og peikar på fem sentrale handlingar: bøn, faste,dagleg bibellesing, skriftemål og kommunion.







25.mars 1984 var det gått tusen dagar sidan den første openberringa i Medjugorje og bodskapet er følgjande: "Gled dykk med meg og englane mine, for ein del av planen min er alt gjennomført. Mange er blitt omvendt, men mange ønskjer ikkje å bli omvendte. Be!"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar