søndag 1. oktober 2017

Mostar

Etter eit kort vitjing i Mostar I Bosnia-Hercegovina køyrer vi på smale og svingete vegar tilbake til Kroatia og kysten. Etter å ha køyrd gjennom bomstasjonar og to passkontrollar når vi motorvegen nordover. Det er mørkt og lite trafikk og vi føler på ei viss uhyggekjensle, for bare kort tid sidan var dette ein krigsskodeplass og det ville vore livsfarleg å ta seg fram her. Stari Most, brua frå 1500 talet som vart øydelagt i 1993 vart bygd opp igjen og opna att i 2004, og ein jamn flokk med turistar kan gå over brua til gamlebyen. Her er souvenirbutikkar og restaurantar og det ser ut som eit kva som helst anna turistmål, inntil ein ser merke etter granatar på husveggar og innimellom hus som framleis står som ruinar med vegetasjon utgjennom tomme vindauge. Og det er berre dei ytre såra, dei indre psykologisk såra er djupare og har større konsekvensar, men dei ser ikkje turistane. Kelnaren som serverar bosnisk kaffi verkar blid og harmonisk!

Den kroatiske forfattaren Slavenka Drakulic (f. 1949) reiste frå Kroatia til Sverige der ho bur no. Ho har skreve romanar, artiklar og essay om krigen på Balkan. I boka "Ikke en flue fortred" skriv ho om krisgforbrytar og rettsakene ved Haag domstolen. Ho stiller dei grunnleggjande spørsmåla: korleis kunne dette skje og kva er det som gjer at vanlege menneske kan utføra dei meste groteske handlingar ?  Ho sit i rettssalen og ser på desse personane  som ein skulle tru var monster, "Men som dagene går, blir forbryterne stadig mer menneskelige. Snart føler du at du kjenner dem godt."
Ho reflekterar vidare:" Jo bedre du kjenner dem, desto mer tenker du på hvordan de kunne begå slike forbrytelser, disse servitørene, drosjesjåførene, lærerne og bøndene som sitter foran deg. Og jo mer det går opp for deg at krigsforbrytere kan være vanlige mennesker, desto reddere blir du. For konsekvensene er mye alvorligere enn om de var monstre. Hvis vanlige mennesker har begått krigsforbrytelser, betyr det at hvem som helst av oss kan gjøre det."
Mange store tenkarar har reflektert over denne problematikken særleg etter Holocaust, ein kan nemna Hanna Arendt, Zygmunt Bauman, Theodor Adorno. Heller ikkje  Slavenka Drakulic har svar og ho er heller ikkje fiolosof, men journalist som skriv reportasjar og stiller spørsmål.
Eg veit ikkje om dette er uhyggen vi kjenner på, kanskje er det berre vissa om at ondskapen var så sterk her, og så den sterke kontratsen til Medjugorje berre ein liten halvtime unna.











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar