søndag 26. februar 2017

Poetica:Huset

Vi trudde det var barnestemmer
og musikk frå underetasjen
i dette virtuelle huset
der vi går frå rom til rom
på leiting etter gebursdagar og julefeiring
stille søndagsmorgonar med nysnø
sola i havgapet midtsommardagen
mjukt augustmørke like før den første skuledagen
og regnfull 17. mai midt i russefeiringa.
Salgsprospektet med fargerike glansa bilete
og våre erindringar glir saman
og ei kort stund er vi i tvil
er det vi som minnest ?
eller er det huset som minnest oss ?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar