På flukt til Egypt
13 Då dei var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og bli der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.» 14 Han stod opp, tok barnet og mora og drog til Egypt same natta. 15 Der vart han verande til Herodes døydde. Slik skulle det oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:
Frå Egypt kalla eg son min.
Barnemordet i Betlehem
16 Då Herodes skjøna at vismennene hadde lurt han, vart han brennande harm. Han sende ut folk og drap alle guteborn i Betlehem og nabolaget som var to år eller yngre; dette svara til den tida han hadde fått vita av vismennene. 17 Då vart det oppfylt, det som er tala gjennom profeten Jeremia:
18 I Rama høyrest skrik,
gråt og høglydt klage:
Rakel græt over borna sine
og vil ikkje la seg trøysta.
For dei er ikkje meir.
I dag 28. desember feirar vi minnedagen for dei uskuldige barna som vart drept av kong Herodes slik det er skildra av evangelisten Matteus. Kong Herodes var ein brutal herskar som regjerte mellom år 37 og år 4 før Kristus. Han var som mange diktatorar fanatisk oppteken av å fjerna alle trugsmål mot sin eigen posisjon, og stod ikkje tilbake for å myrda eigne slektningar. Sånn sett er ikkje historien om drapa på alle gutebarn i Betlehem usannsynleg sjølv om vi ikkje finn dette i andre kjelder enn evangelia. Etter legenden skal det ha vore snakk om mange tusen barn. Det er anslått at Betlehem på denne tida hadde omlag tusen innbyggjarar, og antall gutebarn under to år var då neppe meir enn eit par titalls, og kanskje ikkje verdt å nemna mellom alle Herodes andre misgjerningar ?
Sjølv om Stefan vert rekna som kyrkjas første martyr har dei usuldige gutebarna blitt æra som martyrar frå dei første hundreåra. Dei var "Flores martyrum"(martyrenes blomar) i det dei døydde ikkje bare for Kristus men i staden for Kristus. Dei vert og rekna som ein av Marias sju smerter. Minnedagen er blitt feira iallfall frå 400 talet på litt ulike dagar etter ulike tradisjonar( armenarane feirar dagen mandag etter andre søndag etter pinse). Det har lenge vore tradisjon for barn i Betlehem å samlast i Fødselskyrkja og synga hymner til desse "Flores martyrum" som vitna om frelsaren sjølv om dei enno ikkje hadde møtt han.
Drapet på dei ukuldige barna har vore eit populært motiv i kunsten, Den hollandske kunstnaren Pieter Bruegel d.e (1525-1569) set fortellinga inn i si eiga samtid der spanjolane gjekk brutalt fram mot sivile i Flandern.
Sånn sett blir dette ei aktualisering også for vår tid, overgrep mot barn er diverre ikkje noko som berre høyrer fortida til.
Pieter Bruegel d.e : Massakren på dei uskuldige
torsdag 28. desember 2017
torsdag 21. desember 2017
Advent
Frå dagens tekst til Matutin av Den heilage Ambrosius av Milano:
" Da engelen hadde forkynt mysteriet for jomfru Maria, forkynte han også for henne at den eldre og ufruktbare kvinnen hadde unnfanget, for å bygge opp under troen ved et eksempel som viste at alt Gud vil, er det mulig for ham å gjøre.
Da Maria hørte dette, skyndte hun seg gledesstrålende opp i høylandet, ikke fordi hun ikke trodde på forutsigelsen, ikke fordi hun var usikker på budkapet, ikke fordi hun tvilte på eksempelet, men i glede over løftet og fordi hun samvittighetsfullt ønsket å gjøre seg nyttig. Hvor skulle hun vel skynde seg hen, hun som var fylt av Gud, om ikke i høyden? Den Hellige Ånds nåde er ukjent med trege kraftanstrengelser . Og straks viste de gode virkninger av Marias herkomst og Herrens nærvær seg: Samtidig med at " Elisabet hørte Marias hilsen, hoppet barnet i hennes liv av fryd, og hun ble fylt av den Hellige Ånd."
Responsorium: " Salig er hun som trodde, for Herrens løfte til henne skal gå i oppfyllelse. Og Maria sa: Min sjel opphøyer Herren."
Eit av George Mackay Browns mange juledikt:
Christmas
"Toll requiem", said sun to earth,
As the grass got thin.
The star-wheel went, all nails and thorns,
Over mill and kirk and inn.
The old sun died. The widowed earth
Tolled a black bell.
"Our King will return", said root to bone,
To the skeleton tree on the hill.
At midnight, an ox and and ass,
Between lantern and star
Cried, Gloria.....Lux in tenebris...
In a wintered byre.

lørdag 16. desember 2017
Gaudete søndag
"Gled dykk alltid i Herren ! Endå ein gong vil eg seia:Gled dykk ! Lat alle menneske få kjenna kor godhjerta de er. Herren er nær." ( Fl. 4, 4-5)
3. søndag i Advent blir kalla Gaudete søndag etter inngongsverset for dagen i Paulus brev til filipparane. Den liturgiske fargen er rosa ikkje fiolett som resten av Advent. Det er eit uttrykk for at advents fiolette farge er blanda med julehøgtidas kvite, eit teikn på von og glede. Gaudete søndag viser til julehøgtidas feiring av inkarnasjonen, men viser og framover i forventning om at Kristus ein dag skal koma igjen.
Dagens andre lesning frå Jesaja understrekar det same:
" Herren Guds ande er over meg, for Herren har salva meg. Han har sendt meg for å forkynna ein god bodskap for hjelpelause, for å forbinda dei som har eit knust hjarte, ropa ut fridom for dei som er i fangenskap, og frigjering for dei som er bundne, for å ropa ut eit nådens år frå Herren." (Jes.61)
Frå i morgon 17.des til 23.des. syng vi under tidebønene dei såkalla O-antifonene som har fått det navnet avdi dei alle blir innleia med vokatativen O (Å)
17. desember : O Sapientia (Visdom)
18. desember: O Adonai (Herren)
19. desember: O Radix Jesse (Jesse rot - Isais stubbe)
20. desember: O Clavis David ( Davids nøkkel)
21. desember: O Oriens (morgengry)
22. desember :O Rex Gentium ( folkefyrtse)
23. desember: O Emmanuel

onsdag 13. desember 2017
Kaldeisk kyrkje i Södertälje
" Här skal människor bli förvanlade av mötet med Jesus Kristus, leva av hans kärlek og förmedla den til alla omkring sig" sa biskop og kardinal Anders Arborelius i samband med innviginga av ei ny kaldeisk kyrkje i Södertälje. Med det får meir enn tusen kaldeiske familiar i byen sitt eige gudshus.
Sverige har ei stor gruppe med kristne innvandrarar frå Midt-Austen og mellom dei mange kaldeiske kristne frå Irak. På verdsbasis tel dei litt over 2,5 millionar personar. Dei kaldeisk kristne er formelt katolikkar men har sin eigen orientalske liturgi. I Sverige er dei ein del av det katolske bispedømet med biskop Anders Arborelius som overhovud,
Tilstades ved innviinga av kyrkja vigd til Jomfru Maria var også den kaldeiske patriarken Louis Raphael Sako.
"Ni har kommit hit til Sverige med en uppgift, att bygga upp Kristi kyrka i detta land og sprida troens, hoppets og kärlekens budskap." sa biskop Anders vidare og karakteriserte Södertälje som "Sveriges nya Jerusalem,"

lørdag 9. desember 2017
Djupet innanfor dei små ting
I den vesle prosalyriske teksten " Det blå huset" skriv nobelprisvinnar Tomas Tranströmer:
"En motor på vattnet långt borta tänjer ut i sommarnattens horisont. Både glädje och sorg sväller i dagens förstoringsglas, Vi vet det egentlig inte, men anar det: det finns et systerfartyg til vårt liv, som går en helt annan trad. Medan solen brinnar bakom öarna."
Og i teksten Funchal: " Vi blir starka av dem, men också av oss själva. Av det inom oss som den andre inte kan se. Det som bare kan möta sig själv. Den innersta paradoxen, garageblomman, ventilen mot det goda mörkret. En dryck som bubblar i tomma glas. En högtalare som utsänder tystnad. En gångstig som växer igen bakom varje steg. En bok som bara kan lesast i mörkret."
I "Våren" av Karl Ove Knausgård fann eg dette som rører ved noko av det same som Tranströmer skildrar:
"Greinene på trærne var skire, men man så fortsatt mellom dem, i motsetning til hvordan det ville være om bare noen uker, da ville det vokse så tett at det var som å kjøre gjennom en korridor. Jeg kastet små blikk innover i skogen, og på grunn av farten var det rommet mellom trærne som steg fram, og bunnen, det beige teppet av langt, men flatt gress som bjørkestammene vokste opp fra. Noe i meg identifiserte følelsen av å gå på det gresset, fra den gang jeg var liten og gikk rundt i skogen hele året, da jeg uten å vite det bygde opp et reservoar av naturfølelse, som kunne løsne som et skred om noe uventet vekket dem - lyden av en fugl om våren, den kjølige, liksom blanke luften en sommermorgen, lukten av våt snø om vinteren, tåke i mørkret en høstkveld."
Dette djupet som ligg under små daglegdagse sanseintrykk. Dette universet som kan opna seg på eit sekund av ein lyd, eit luktstreif, eit lysglimt, alt det vi tek i mot men som oftast glir vidare utan å gje større inntrykk. Men så brått denne "dryck som bubblar i tomma glas" , vi kan ana "systerfartyget", det parallelle livet vi ikkje valde og som vi kan kan høyra passera farleg nær når vi vaknar om natta.
Ei stripe i svevnen, eit liv utanfor livet, eit djup under kvardagen!

fredag 8. desember 2017
Festen for Marias upletta unnfanging
I dag 8. desember er ein viktig katolsk minnedag, " Festen for Jomfru Maruias upletta unnfanging" -
- " Immaculate Conception Beatae Mariae Virginis". At Maria var fri frå arvesynd var ein del av kyrkjas lære alt frå Oldkyrkja, men vart gjort til eit dogme av pave Pius IX først i 1854. Erklæringa av dette dogmet skapte mykje strid både innad i kyrkja, og vart naturleg eg nok kritisert både av protestantar og ortodokse. Men dogmet gav utan tvil ein sterk stimulans til Maria dyrkinga, noko som mellom avspegla seg i openberringane i Lourdes i 1858, der Maria skal ha sagt til Bernadette Soubirous " Eg er den upletta unnfanging." Mange såg på dette som ei stadfesting av dogmet.
Minnedagen i dag har lang tradisjon ikkje minst i fransiskanarordenen, dei stadfesta i 1621 "Den upletta Mor" som sin høgste vernehelgen. Dominikanarane var meir skeptiske av teologisk grunnar, men både karmelittar og jesuittar la sterk vekt på feiringa av festen for Marias upletta unnfanging.
Anselm av Caterbury: " Himmel og stjerner, jord, elver, dag og natt - alle ting som ble skapt til menneskenes gagn - lykkeønker nå hverandre, for ved deg, å Frue, har de gjenfunnet skjønnheten de en gang tapte, og ved deg er en ny og uutsigelig nåde skjenket dem."
Maria statue der Maria viste seg for seks ungdomar i Medjugorje 24. juni 1981.

onsdag 6. desember 2017
Den heilage Nikolas av Myra
I dag 6. desember feirar vi minnedagen for Den heilage Nikolas av Myra, biskop i Myra i Vesle-Asia og ein av dei mest populære helgenar både i den vestlege og austlege kyrkja. Han er skytshelgen for uttalige byar, provinsar, land og yrkesgrupper. Han levde omlag 280 til 345, han skal ha døydd 6. desember og difor er denne dagen gjort til minnedag. Ellers er det lite vi veit om livet hans, men han skal ha delteke på kyrkjemøtet i Nikea, og tek sterkt til orde mot Arius lære (arianismen). Mange myter og historiar knyter seg til Nikolas både før og etter hans død. Han gav gåver til fattige og trengande, hjelpte folk i havsnaud og svolt. At han var så gavmild har vorte tranformert inn i den moderne figuren Santa Claus gjennom folkelege og kommersielle mekanismar. Då muslimane la under seg heile Vesle-Asia inkluderte det også Myra, folk flykta opp i fjellet og berre eit par munkar var igjen og vakta relikviane. Italienske byar ville ha kloa i Nikolas lekam og sjøfolk frå Bari i Sør-Italia fekk til slutt tak i han og tok Nikolas relikviar med til Bari i 1087. Dei er framleis å finna i basilikaen der. Det gjorde ikkje Nikolas mindre populær i Europa, kultusen nådde heilt til Skandinavia og i vårt land har vi mellom anna Eidsborg stavkyrkje i Telemark som er vigd til han. Kyrkja hadde ei undergjerande statue som om sommaren vart bore i prosesjon ned til ein innsjø.
Men i Myra (no Demre) finn vi berre den tomme sarkofagen i den restaurerte kyrkja som er blitt ein turistattraksjon og ikkje eit levande pilegrimsmål. Vi sit att med den kommersielle og utvaska versjonen Santa Claus, men kanskje er likevel litt av kjernen i denne figuren den gåvmilde og fromme biskop Nikolas ?
Frå dagens tidbøner: " Herre, vi ber om din miskunn. Gi oss på forbønn av den hellige Nikolas din bistand i alle trengsler, så veien til frelse alltid må være åpen for oss."

fredag 24. november 2017
Jord fra Tromsø til Johannes Paul museet i Wadowice
Pave Johannes Paul har blitt kalla " The pilegrim pope" - Pilegrimspaven på bakgrunn av hans mange reiser til land i alle verdsdelar. Totalt gjorde han 104 utenlandsreiser til 129 land, meir enn alle tidlegare pavar tilsaman. Enkelte land vitja han mange gonger, naturleg nok er Polen på topp med ni turar, men også åtte reiser til Frankrike, sju til USA og åtte til Spania og Mexico avspeglar Johannes Paul ønskje om å møte dei truande der dei bur. Han siste utenlandsreise var til Lourdes i Frankrike i august 2004, under eit år før han døydde 2.april 2005.
1-10 juni 1989 vitja Johannes Paul dei skandinaviske landa. Han kom til Oslo 1. juni , dagen etter heldt han fram Trondheim der han mellom anna deltok på ei økumenisk gudstjeneste i Nidarosdomen. Vitjinga vart avslutta i Tromsø der han feira messe utandørs på Stortorget sentralt i byen.
Karol Josef Wojtyla som han var døypt blei fødd 18. mai 1920 i den vesle byen Wadowice sør for Krakow i Polen. Barndomsheimen er i dag museum der ein gjennom ulike utstillingar får eit grundig innblikk i pave Johannes Pauls liv frå oppveksten i Wadowice til han døydde i Vatikanet i 2005 etter 27 år som pave. Ein av utstillingane tek for seg Johannes Pauls mange reiser, mellom anna illustrert med små glassboksar med jord frå dei ulike stadane han vitja. Då vi gjekk gjennom museet i vår la eg merke til at dei skandinaviske landa ikkje var representerte i denne utstillinga. Det vart då naturleg å sørga for at det kom på plass! Ein liten boks med jord frå eit blomebed like ved Stortorget i Tromsø vart sendt til museet i Wadowice og blir om kort tid ein del av utstillinga.
Det høyrest kanskje rart ut med dette fokuset på jord, men det er heilt i Johannes Pauls ånd. Når han kom til eit nytt land og hadde gått ned flytrappa, bøygde han seg alltid og kyssa jorda i djup respekt for landet han kom til som gjest!
Ein liten boks med jord er henta frå Tromsø og er straks klar til å sendast til Wadowice
Stortorget i Tromsø med Vår Frue Domkyrkje i forgrunnen
Utstillingssalen som markerar Johannes Pauls mange reiser. I golvet små boksar med jord frå mange av landa han vitja, no og frå Norge.
Det offisielle navnet på museet er "Muzeum Dom Rodzinny Ojca Swietego Jana Pawla II w
Wadowicach". Det er absolutt verdt å sjå, fine utstillngar og perfekt guiding på engelsk.

søndag 19. november 2017
Poetica: Ei bølge av undring
I diktet " Strender fulle av stillhet" av Karol Wohtyla (pave Johannes Paul II) fann eg dette ei setning som greip meg og inspirerte meg:
"Er livet en bølge av undring, en bølge høyere enn døden ?"
*

Ei bølge av undring
Novemberklår ettermiddag snødekt og solstråleteikna så lyden av barneføter på terrassen leiker dregne fram og attende kort rop latter og varme små hender men slik skulle det ikkje vera for barneføtene er for lengst store no bur dei langt borte og leikene kviler under trappa likevel høyrer du framleis dette når novembersola kverv og det er spor etter små føter i snøen konservert og bortgøymd i tida elva vi ein gong steig ned i og som no strøymer over oss lange rolege bølger som aldri tek slutt. Undringa ei bølge større en livet større enn døden ?
Karmels martyrer
14. november feirar vi festen for alle helgenar i Karmel, dagen etter ber vi for alle Karmels døde.
Under er ein artikkel eg skreiv om martyrane frå Compiegne i "Elias kilde."

mandag 13. november 2017
Ved Elias Kilde
"Ved Elias Kilde" er vårt vesle tidsskrift som kjem ut to gonger i året og som no er inne i sin fjerde årgang. Det er eit tidsskrift for karmelittisk spiritualitet og det er Sekularkarmelittene i Norge som er utgjevar, nærare bestemt "Profeten Elias Fraternitet". Profeten Elias har ein sentral plass i Karmel, og i og med at vår fraternitet har navn etter han var det og naturleg å kalla tidsskriftet " Ved Elias Kilde".
Under er ein liten smakebit frå siste nr. av tidsskriftet inkludert min artikkel om døden som passar godt når vi har bak oss dei to viktige minnedagane for dei døde.
Dersom nokon som les dette er interessert i å få tidsskriftet tilsendt regelmessig kan ein legga inn i ein kommentar på bloggen min eller ta kontakt på mail adresse under !

torsdag 9. november 2017
Oktoberrevolusjonen 100 år
I desse dagar er det hundre år sidan oktoberrevolusjonen (i november avdi Russalnd framleis hadde den julianske kalenderen) som førte til eit brutalt kommunistisk styre fram til 1990. Karakteristisk nok blir revolusjonsjubileet i liten grad markert i Russland,bortsett frå hos dei få som enno svergar til kommunismen. President Putin har bare så vidt nevnt dette, og han ser vel alle tale om revolusjon som eit trugsmål mot sitt regime!
Oktoberrevolusjonen var vel heller ingen revolusjon, men eit statskupp satt i verk av Lenin som hadde tatt seg tilbake frå eksil i Europa med Tysklands stilltiande aksept. Tsarens brutale regime var styrta alt i februar 1917, og sjølv om situasjonen på mange måtar var kaotisk såg ein kimen til ei meir demokratisk utvikling. Historikar Øystein Sørensen peikar på at utan Lenins statskupp kunne ein med eit kontrafaktisk blikk sjå for seg ei utvikling i retning demokrati. Med eit demokratisk Russalnd ville også resten av 1900 talet sett annleis ut, ikkje Stalins utrenskingar, ikkje Hitlers maktovetaking og den andre verdskrigen. Men kanskje ville andre brutale regime dukka opp ? No vart ikkje utviklinga slik, russarane kom til lenge å lida under Lenin og seinare Stalins hensynslause maktbruk.
Kommunismen er i sitt vesen antireligiøs og ateistisk, sjølv om det er ein ideologi som kan ha eit religiøst-sekterisk preg. Etter oktoberrevolusjonen starta utover 1920 talet ei forfølging av kyrkja og dei kristne som toppa seg under Stalins regime på 1930 talet. Av Russlands 50.000 kyrkjer var det i 1939 så få som 200-300 som var i funksjon. Det vert og hevda at så mange som 80.000 prestar, nonner og munkar døydde i Stalins fangeleirar. Mange flykta til Vesten etter borgarkrigen, kanskje flest til Frankrike, men i februar 1920 kom også tusen russarar frå Arkangelsk til Norge. Desse grunnla i 1931 Heilage Nikolai ortodokse meinigheit i Oslo.
Trass i forfølgingane levde trua vidare i folkedjupet og dukka fram igjen etter kommunismens fall.
Den ortodokse kyrkja har fått igjen sin tidlegare sentrale funksjon i det russiske samfunnet både på godt og vondt. Den vanlege russar kan igjen hevda at han er ortodoks truande sjølv om dei fleste ikkje er så ivrige i å praktisera sin religion. På den negative sida er kyrkjas tette band til det sitjande regimet,og deira manglande toleranse overfor andre kyrkjesamfunn og religionar.
Under kommunismen var det mange martyrar. Ein av dei var Maria Skobtsova som var fødd i Riga i Latvia i 1891. Ho tilhøyrte ein aristokratisk familie, men gifta seg med ein bolsjevik og hadde som ung poet eit ateistisk livssyn. Etter at eksteskapet tok slutt nærma ho seg igjen kristendomen. Etter borgarkrigen flykta ho og familien til Paris der ho varta nonne og dreiv hjelperbeid mellom flyktningar. Etter krigsutbrotet hjelpte ho også jødiske flyktningar, og ende til slutt i konsentrasjonsleiren Ravensbruck . Ho skal der ha bytta fangenummer med ei mor med fleire barn og enda i gasskammeret neste dag. Maria Skobtsova vart kanonisert i 2004 og er blitt karakterisert som ein helgen av og for vår tid.
Skisse til maleriet " Det svinnande Russland" av Pavel Korin ( 1892-1967). Det vart korkje fullført eller påbegynt sjølv om kunstnaren store delar av livet såg det som sitt store prosjekt.

søndag 5. november 2017
Fakkeltog for dei forfølgde
I ei rekkje norske byar blir det arrangert fakkeltog for forfølgde kristne. Bileta er frå årets fakkeltog i Kristiansand 2.november som gjekk frå Frikirken til torget i sentrum der det vart halde ein kort apell. I år var det spesielt fokus på forfølgde i India, på landsbygda i India representerar det store vanskar å ha ei tru som avvik frå det hinduistiske fleirtalet. India er kanskje ikkje det landet ein første og fremst assosierar med forfølgingar av annleis truande, men situasjonen har nok utvikla seg i klar negativ retning også her, både kristne og muslimar vert diskriminerte og dels direkte forfølgde. Ellers er det som tidlegare år Nord-Korea, Saudi-Arabia, Somalia, Irak og Afganistan land der det er mest vanskeleg eller så godt som umogleg å stå fram med eit minoritetslivssyn . Eit anna område som det vert fokusert på er dei Sentral-Asiatiske landa som vart sjølvstendige etter Sovjet-Unionens fall men som aldri har fått til eit fungerande demokrati. Også her omlever minoritetar aukande diskriminering.
Det er "Åpne dører" og "Stefanusalliansen" som arrangerar dei årlege fakkeltoga som er viktige markeringar mot hat og undertrykking. Det er fokus på forfølgde kristne, men ikkje bare det, Kampen for trusfridom og menneskerettar er universell. Kristne blir diskriminerte i Egypt og Irak, muslimar i Myanmar, Bahai-truande i Iran, Ahmadiya muslimar i Pakistan og alle religionar i Nord-Korea for å ta eit par døme. Eit fakkeltog ein gong i året verkar kanskje litt stussleg stilt opp mot alt dette hatet ?
Ja, men det er meir enn ingenting. Det er eit teikn på at nokon bryr seg, at nokon engasjerar seg, at nokon ber for alle dei som ikkje har dei rettane vi opplever som sjølvsagte.

onsdag 1. november 2017
Allehelgensdag
I dag første november høgtidar vi Allehelgensdag med messe og lystenning på gravene.
Vi som enno er undervegs gledar oss over dei som alt er kome i mål og er heime.
Som katolske kristen trur vi på dei heilages samfunn, som er eit levande fellesskap som når utover døden. Saman med alle dei heilage lovprisar vi Gud, vi let oss inspirera av deira liv og død, og vi kan be om deira hjelp i forbøn.
Mange heilage har fått sine særskilde minnedagar, men på Allehelgensdag minnest vi alle både kjent og ukjente ( som er langt dei fleste). Dei heilage er levande vitnesbyrd om Guds omskapande nåde.
"Alle gud heilage menn og kvinner. Be for oss
Vær oss nådig. Skån oss Herre
Vær oss nådig. Bønnhør oss, Herre
Fra alt ondt . Frels oss ,Herre
Fra all synd. Frels oss, Herre
Fra din vrede. Frels oss, Herre.
Fra en brå og uventet død. Frels oss ,Herre
Fra djevelens snarer. Frels oss, Herre
Fra vrede, hat og ond vilje. Frels oss .Herre
Fra ukyskhetens ånd. Frels oss .Herre
Fra lyn og uvær. Frels oss .Herre
Fra ras og jordskjelv. Frels oss. Herre
Fra pest, hungersnød og krig. Frels oss ,Herre
Fra den evige død. Frels oss. Herre "
(utdrag frå Allehelgens litaniet)

søndag 22. oktober 2017
Mysteriet i trua
Eskil Skjeldals samtalebok med forfattaren Jon Foss "Mysteriet i trua" kom i 2015. Det er eit djupt personleg bok der Jon Fosse utleverar det inste i seg sjølv. Han fortel om sin angst og sine alkoholproblem så vel som dei to mystiske opplevingane som har vore med på å forma livet hans.
Den raude tråden i boka er hans veg til tru, ein veg som førte til at han valde å bli teken opp i Den katolske kyrkja for eit par år sidan.
Utdrag frå boka er blitt dramastisert og vart framført i Kristiansand domkirke i kveld av Mette Langfeldt og Hallgjerd Byrkjeland. Tekstane vart innramma av orgelmusikk framført av Andrew Wilder og Elsebeth Lutcherath. Jon Fosse seier og ein stad at: " Eg trur at Bach for mange er ein betre veg til Gud enn all slags preiking."
Det vart ei vakker kveldsstund rundt dei store spørsmåla i tilveret. Fosse tek utgongspunkt i filosofien Aquinas, Heidegger, Wittgenstein. "Kvifor er noko til og ikkje ingen ting, ingenting ?" Kva er dette mystiske som kan synast, ikkje seiast ? Vi er kasta inn i dette tilveret, " inn i fridomen til døden."
Gud er den som er, han er rein eksistens, rein "vere", ikkje noko som finst. I Japan vil ein kalla denne vere for tomleik, men Gud forlet denne tomleik og vart menneske og språk i Jesus Kristus, Den krossfesta Gud er ein avmektig Gud, men ein Gud som vert allmektig i si avmakt.
Jon Fosses vakre nattsalme tonesatt av Andreas Utnem vart og ein del av framføringa.
Det finst ei jord som opnar opp
sitt djup av svarte natt
og løyner både sjel og kropp
til ingenting er att
Det finst ei natt som møter deg
og tek deg mjukt imot
og let deg kvila æveleg,
di hand, di sjel, din fot
Det finst frå Gud i alt som er,
i jord og nattevrimmel,
di sjel er hans, du er hans verd,
du lyser fram hans himmel

tirsdag 17. oktober 2017
Poetica:Den åttande gleda
Den
åttande gleda
Vi
klatrar med rolege grep
på
den taggete fjellkjeda
såre fingertuppar mot glatt stein
og
gamle boksider
bunde i raud fløyel
og
dei sju gleder
-
los set gotxs -
i
lyset av faklar og små bål
hand
som grip etter hand
i
runddansen gjennom natta
vakande
under Marias smil
den
åttande gleda.
Los set gotxs frå Llibre Vermell de Montserrat, "Den raude boka " frå slutten av 1300 talet er ein song på katalansk og latin som handlar om Jomfru Marias sju gleder. Men det finst og ei åttande glede: Marias smil!
søndag 15. oktober 2017
Pilegrimsmålet Medjugorje
Medjugorje, denne vesle byen i Bosnia men nokre tusen innbyggjarar har på kort tid vorte det tredje viktigaste pilegrimsmålet i Europa etter Lourdes i Frankrike og Fatima i Portugal. Ein kan nå Medjugorje med fly eller buss frå Split, Dubrovnik eller Sarajevo eller ein kan køyra sjølv og parkera på den store parkeringsplassen like ved St.Jakobs kyrkja sentralt i byen og ein naturleg første stopp. St.Jakob er skytshelgen for pilegrimar og sånn sett eit naturleg valg, men det var det nok ingen som tenkte på då den første kyrkja vart bygd her på slutten av 1800 talet. Den noverande St. Jakobs kyrkja vart innvigd i 1969, og var svært romslig for ein slik liten by, i dag er kyrkja overfylt mange gonger i løpet av dagen. Messa vert feira fortløpande på ulike språk. Framom St Jakobs kyrkja er det ein større plass med ei Maria statue(like den på staden for openberringane), på den eine sida ei lang rekkje skriftestolar og bak kyrkje eit større utandørs alter med plass til fem tusen. Denne vakre september dagen er her ikkje så svært mange men kyrkja er overfylt kvar gong vi går inn der.
Så kan ein følgja vegen gjennom vinmarkene til åsen der Maria viste seg første gong for dei seks ungdomane, 24. juni 1981. (sjå forige blogginnlegg ) eller ein kan gå enno lengre til Krizevac - Kross fjellet der det vart reist ein stor kross i 1933 (proklamert som eit heilagt år av pave Pius XI til minne om at det var 1900 år sidan krossfestinga)
Dei seks visjonære ungdomane er no godt vaksne, alle er gift og har familie. Dei var heilt vanlege ungdomar og er i dag heilt vanlege familiefolk. Men dei tek framleis i mot bodskap frå Maria. Det sentrale i bodskapen er ikkje orginalt, det er det sentrale i kristendomen: Omvend dykk og be ! Igjen og igjen oppfordrar Maria oss til å be !
Budskapet fra 25.september 2017 "Kjære barn! Jeg kaller dere til å være generøs i forsakelse, faste og bønn for alle dem som er i fristelse, og som er deres brødre og søstre. På en spesiell måte bønnfaller jeg dere om å be for prester og for alle konsekrerte (vigslede) at de må elske Jesus enda mer entusiastisk; at Den Hellige Ånd må fylle deres hjerter med glede og at de må vitne om Himmelen og Himmelske mysterier. Mange sjeler er i synd fordi det ikke er noen som ofrer seg selv og ber for deres omvendelse. Jeg er med dere og ber om at hjertene deres må bli fylt av glede. Takk for at dere har svart på mitt kall." 09/25/2017

Bodskapet frå Medjugorje eit par dagar før vi var der:

Minnedagen for Teresa frå Avila
I dag 15. oktober feirar vi minnedagen for Teresa frå Avila (1515-1582), klostergrunnleggar, mystikar, forfattar, kyrkjelærar og helgen. Utan tvil var ho ei av dei kvinnene som har hatt størst innverknad gjennom Kyrkjas totusen årige historie. Ho kombinerte eit rikt indre liv, briljant formuleringsevne og store praktiske og organisatoriske evner,
Frå "Boken om mitt liv" der ho skildrar korleis ho vart inspirert til klostergrunnleggingar.
" En gang jeg var sammen med en viss person, skjedde det at hun spurte meg og noen andre hvorfor vi ikke kunne bli slike nonner som barfotnonnene, og til og med grunnlegge et kloster. Og da jeg hadde de samme ønsker, begynte jeg å tale om det med denne enken, min nære veninne, som jeg alt har nevnt, for hun ønsket det samme. Hun satte straks i gang med å finne en utvei til å skaffe klosteret inntekter . Nu ser jeg at dette ikke ville ha ført oss særlig langt, men fordi vi ønsket det så sterkt, trodde vi det skulle være mulig. Jeg for min del var litt tilbakeholden, da jeg trivdes svært godt der jeg var; mitt kloster var helt etter min smak og min celle passet meg aldeles utmerket. Men dette til tross ble vi enige om innstendig å anbefale saken til Gud."
Det vart mogleg, totalt sytten kloster vart grunnlagt av Teresa. Vi fekk dermed ei ny grein av karmelittordenen:Det teresianske Karmel (Dei uskodde Karmelitter OCD)
Det første klosterret var i Avila i 1562, det siste i Burgos i 1582, dødsåret hennar.

lørdag 14. oktober 2017
Llibre Vermell de Montserrat
Llibre Vermell de Montserrat (Den raude bok frå Montserrat) er ei samling religiøse skrifter frå slutten av 1300 talet . Orginalen blir teke vare på i klosteret i Montserrat, navnet på boka skriv seg frå 1800 talet då ho fekk eit omslag i raud fløyel. Llibre Vermell innheld tekstar i ulike sjangrar, teologisk skrifter, interne dokument for klosteret, og ikkje minst historiar om mirakel som har skjedd på Den svarte Madonnas forbøn. Men det er utan tvil dei ti songane med tekst og tilhøyrande notar som har gjort Llibre Vermell kjent og gjer at dette er ein levande tradisjon. Songane er dels på katalansk, dels på oksitansk og latin. Dei vart skreve for pilegrimar som vakte natta igjennom utanfor klosteret i Montserrat, sannsynlegvis vart dei framført som felles song og dansa til. I moderne tider er musikken frå Montserrat spelt inn av ulike utøvarar, den meste kjente er naturlegvis Jordi Savall med ensemblet Hisperion XX. Eg kjøpte ein CD med middelaldergruppa " Alla Francesca" for mange år sidan (sjå linken under) og det var naturleg å ta denne fram igjen etter turen til Montserrat i haust. Musikken er prega av fleire stilartar og av enkelte sett på som ein antologi over 1300 talets musikk i Katalonia og Oksitania. Preget av lokal folkemusikk er naturlegvis dominerande.
Ein kan lytta til hymnar og balladar til Maria, bli tidlaust ein av dei mange som på slutten av 1300 talet i lyset frå små bål og faklar song og dansa natta igjennom på plassen framom klosteret med Den svarte Madonna. Over og under stupbratte fjellsider, mange hadde slete seg opp her med sine sjukdomar og skvankar i von om at dei skulle bli mirakuløst lækte. Dei fleste drog heim som dei kom, men kanskje med større von og sterkare tru!
Linker til musikken fra Llibre Vermell:
https://www.youtube.com/watch?v=X8pBMiSOZHc

Los set goytex
Los set goytex recomptarem et devotament xantant
humilment saludarem la dolce verge Maria
Ave Maria gracia plena dominus tecum virgo serena
.....
Verge, stant dolorosa per la mort del fill molt car
romangues tota ioyosa can lo vis resuscitar
a vos mare piadosa primer se volch demonstrar
......
Tots donques nos esforcem en aquesta present vida
que peccats foragitem de nostr` anima mesquina
e vos dolce verge pia vuyllats nos ho empetrar.
(Eg skal fromt fortelja og synga om dei sju gleder,
audmjukt skal eg æra den milde Jomfru Maria,
Ver helsa Maria, full av nåde, Herren er med deg reine Jomfru
......
Jomfru, i sorga over døden til din elska Son,
fann du igjen glede over å sjå han stå opp igjen
for det var til deg fromme Jomfru at han først viste seg
........
La kvar og ein av oss halda fram i denne verda
og fri oss frå syndene i våre elendige sjeler.
Og du heilage Jomfru Maria, hjelp oss med dette)
Linker til musikken fra Llibre Vermell:
https://www.youtube.com/watch?v=X8pBMiSOZHc
onsdag 4. oktober 2017
Medjugorje
Medjugorje 28.september.Vi har køyrt frå Markatska kysten i Kroatia tidleg og har alt vore eit par timar i Medjugorje. Det er midt på dagen og vi er på veg opp åsen i utkanten av byen som 24.juni 1981 var åstad for det som skulle snu opp ned på det meste i denne vesle, ukjente byen i Bosnia-Hercegovina. "Apparition hill" på engelsk, kanskje "Openberrings åsen" på norsk. Parkeringsplassen er ikkje full denne vakre septemberdagen, og etter å ha passert alle souvenirbutikkane skrår vi oppover på den litte ulendte stien, mange har gått før oss i desse meir enn 36 åra og det er berre skarpe og ujamne steinar å trø på. Det er ikkje langt og heller ikkje så folksomt som vi hadde trudd. Så er vi der, Maria statua i forgrunnen, og det store krusifikset i skogkanten litt lengre bak. Pilegrimar kneler i bønn, ei gruppe amerikanske ungdomar sit i skogkanten og ber. Sola skin, det er eit lett drag i lufta, byen og landskapet ligg framom oss og det er nesten heilt stille bortsett frå ungdomane som ber "Ave Maria"(Hail you Mary). Vi set ned ein halvtime, prøver å finna roen, ber om Marias forbøn før vi føl stien langsomt tilbake.
24.juni 1981 gjekk altså desse seks ungdomane, Mirjana, Ivanka, Jakov, Marija, Vicka og Ivan tur i åsen her då dei alle brått såg ei vakker kvinne med eit barn i armane. Ho viser dei barnet og gjer teikn til at dei skal koma nærmare, men dei blir redde som naturleg er. Noko drar dei tilbake og neste dag ser dei henne igjen på same plass, og dette gjentek seg dag etter dag. Dei spør kven ho er og får svar. Ryktene om at det er Maria som viser seg for desse ungdomane spreier seg som eld i tørt gras, og mange finn vegen til Medjugorje. Dette er naturleg nok ikkje særleg populært hos dei lokale representantane for det kommunistiske styret, og dei prøver å legga hindringar i vegen. Kyrkja er også i utgangspunktet skeptisk,og openberringane i Medjugorje er til no ikkje formelt godkjent av kyrkja slik tilfellet er med Fatima og Lourdes. Men korkje verdslege eller kyrkjelege autoritetar kan stoppe ein sterk folkeleg religiøsitet, fleire og fleire frå heile verda finn etter kvart vegen til Medjugorje. I dag kjem over ein million pilegrimar årleg,og mange fortel om korleis dette har innverka positivt på livet deira. Nokre få fortel og om opplevingar av mystisk-religiøs karakter.
Bodskapen frå Medjugorje er ikkje spesielt orginal, Maria oppmodar til bøn og omvending, og peikar på fem sentrale handlingar: bøn, faste,dagleg bibellesing, skriftemål og kommunion.
25.mars 1984 var det gått tusen dagar sidan den første openberringa i Medjugorje og bodskapet er følgjande: "Gled dykk med meg og englane mine, for ein del av planen min er alt gjennomført. Mange er blitt omvendt, men mange ønskjer ikkje å bli omvendte. Be!"

Abonner på:
Innlegg (Atom)