onsdag 6. desember 2017

Den heilage Nikolas av Myra

I dag 6. desember feirar vi minnedagen for Den heilage Nikolas av Myra, biskop i Myra i Vesle-Asia og ein av dei mest populære helgenar både i den vestlege og austlege kyrkja. Han er skytshelgen for uttalige byar, provinsar, land og yrkesgrupper. Han levde omlag 280 til 345, han skal ha døydd 6. desember og difor er denne dagen gjort til minnedag. Ellers er det lite vi veit om livet hans, men han skal ha delteke på kyrkjemøtet i Nikea, og tek sterkt til orde mot Arius lære (arianismen). Mange myter og historiar knyter seg til Nikolas både før og etter hans død. Han gav gåver til fattige og trengande, hjelpte folk i havsnaud og svolt. At han var så gavmild har vorte tranformert inn i den moderne figuren Santa Claus gjennom folkelege og kommersielle mekanismar. Då muslimane la under seg heile Vesle-Asia inkluderte det også Myra, folk flykta opp i fjellet og berre eit par munkar var igjen og vakta relikviane. Italienske byar ville ha kloa i Nikolas lekam og sjøfolk frå Bari i Sør-Italia fekk til slutt tak i han og tok Nikolas relikviar med til Bari i 1087. Dei er  framleis å finna i basilikaen der. Det gjorde ikkje  Nikolas mindre populær i Europa, kultusen nådde heilt til Skandinavia og i vårt land har vi mellom anna Eidsborg stavkyrkje i Telemark som er vigd til han. Kyrkja hadde ei undergjerande statue som om sommaren vart bore i prosesjon ned til ein innsjø.
Men i Myra (no Demre) finn vi berre den tomme sarkofagen i den restaurerte kyrkja som  er  blitt ein turistattraksjon og ikkje eit levande pilegrimsmål. Vi sit att med den kommersielle og utvaska versjonen Santa Claus, men kanskje er likevel  litt av kjernen  i denne figuren den gåvmilde og fromme biskop Nikolas ?







Frå dagens tidbøner: " Herre, vi ber om din miskunn. Gi oss på forbønn av den hellige Nikolas din bistand i alle trengsler, så veien til frelse alltid må være åpen for oss."


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar