søndag 5. november 2017

Fakkeltog for dei forfølgde

 I ei rekkje norske byar blir det arrangert fakkeltog for forfølgde kristne. Bileta er frå årets fakkeltog i Kristiansand 2.november som gjekk frå Frikirken til torget i sentrum der det vart halde ein kort apell. I år var det spesielt fokus på forfølgde i India, på landsbygda i India representerar det store vanskar å ha ei tru som avvik frå det hinduistiske  fleirtalet.  India er kanskje ikkje det landet ein første og fremst assosierar med forfølgingar av annleis truande, men situasjonen har nok utvikla seg i klar negativ retning også her, både kristne og muslimar vert diskriminerte og dels direkte forfølgde. Ellers er det som tidlegare år Nord-Korea, Saudi-Arabia, Somalia, Irak og Afganistan land der det er mest vanskeleg eller så godt som umogleg å stå fram med eit minoritetslivssyn .  Eit anna område som det vert fokusert på er dei Sentral-Asiatiske landa som vart sjølvstendige etter Sovjet-Unionens fall men som aldri har fått til eit fungerande demokrati. Også her omlever minoritetar aukande diskriminering.

Det er "Åpne dører" og "Stefanusalliansen" som arrangerar dei årlege fakkeltoga som er viktige markeringar mot hat og undertrykking. Det er fokus på forfølgde kristne, men ikkje bare det, Kampen for trusfridom og menneskerettar er universell. Kristne blir diskriminerte i Egypt og Irak, muslimar i Myanmar, Bahai-truande i Iran, Ahmadiya muslimar i Pakistan og alle religionar i Nord-Korea for å ta eit par døme. Eit fakkeltog ein gong i året verkar kanskje litt stussleg stilt opp mot alt dette hatet ?
Ja, men det er meir enn ingenting. Det er eit teikn på at nokon bryr seg, at nokon engasjerar seg, at nokon ber for alle dei som ikkje har dei rettane vi opplever som sjølvsagte.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar