onsdag 25. mai 2016

My baby needs a sheperd

Emmylou Harris song " My baby needs a sheperd" frå  plata " Red dirt girl" som kom i 2000 set ord på  vår einsemd og sårbarhet. Alle vi som som føler oss "lost out on the hill" og som "never learned to fly" eller som aldri fann noko som  kunne "love her till the end." Men og vi som aldri greip høvet til å hjelpa dei som trengte det og så var det brått for seint, og vi "didn`t even try."




"My baby needs a shepherd
She´s lost out on the hill
Too late I tried to call her
When the night was cold and still
And I tell myself I´ll find her
But I know I never will
My baby needs a shepherd
She´s lost out on the hill

My baby needs an angel
She never learned to fly
She´ll not reach sanctuary
Just by looking to the sky
I guess I could have carried her
But I didn't even try
My baby needs an angel
She never learned to fly


Oh I ran so far through a broken land
I was following that drummer
Beating in a different band 
And somewhere on the highway
I let go of her hand
Now she´s gone forever
Like her footprints in the sand

Toora loora loora lo
First the seed and then the rose
Toora loora loora li
My kingdom for a lullaby

My baby needs a pilot
She has no magic wand
To help her part the troubled waters
Of the Rubicon
But in my soul I know she´ll
Have to go this one alone
After all that is only way she´s ever known

But there is no lamp in all this dark
That could chase away her shadow
From the corners of my heart
I pray she´s ride a dolphin
But she´s swimming with the shark
Out where none can save her
Not even Noah and his ark

Toora loora loora lo
To the cradle comes the crow
Toora loora loora li
My kingdom for a lullaby

My baby needs a mother
To love her till the end
Up every rugged mountain
And down every road that bends
Sometimes I hear her cryin'
But I guess it´s just the wind
My baby needs a mother

To love her till the end"

https://www.youtube.com/watch?v=qxyyyaGLAPY





søndag 22. mai 2016

Flukten fra Syria og Irak

Journalist og redaktør i avisa Dagen Kari Fure kom i vinter med boka "Flukten fra Syria og Irak " på Lunde forlag. Bokas tema er dagsaktuelt, nemleg situasjonen for dei  forfølgde kristne i Syria og Irak.
Ein gong var dette det kristne kjerneområde, i dag er desse landa i ferd med å tømmast heilt for kristne som følge av krig og forfølging. Kari Fure har sidan 2007 reiste rundt i desse områda og møtt og intervjua såvel vanlege folk, som prestar, kyrkjeleiarar og politikarar.Ho har opparbeidd eit imponerande kontaktnett. På slutten av boka knyter ho og trådar til eksiltilværet i Europa, ikkje minst i Sverige som har ei av Europas største grupper med kristne frå Midt-Austen, mest syrisk-ortodokse, men og assyrisk og kaldeiske truande.
Sidan hennar første reise i 2007 har situasjonen forverra seg dramatisk, først ved utbrotet av borgarkrigen i Syria og sist ved framveksten av Den islamske staten i Syria og Nord-Irak. IS erobring av storbyen Mosul og dei kristne landsbyande på Ninivesletta i 2015 er eit sentralt tema i boka. Alle kristne i Mosul måtte flykta og for første gong på 1700 år vart det ikkje feira messe i katedralen i byen. Alternativet var å omvenda seg til islam eller bli drept. Vi kjem tett inn på desse dramatiske hendigane gjennom Kari Fures intervju med flyktningane.
Bokas fokus er den dagsaktuelle situasjonen i Syria og Irak og er bygd opp som ei journalistisk reportasjebok, det er mindre vekt på det historiske og bakgrunnen for konflikten.Men i  kapittela "Historien gjentar seg " og  "Folkemordets oldebarn" kjem ho  inn på dette , og dreg linjene til folkemordet i Tyrkia og Irak i 1915. Det er godt kjent at dette gjekk hardt utover armenarane, mindre kjent er det at dei syrisk-ortodokse også vart hardt ramma. Det gjer vondt å lesa om oldeborna til dei som overlevde massakren i 1915 og som i dag vert ramma av den same forfølgingane !
Ja, historia gjentek seg, heilt fra dei første hundreåra etter Kristus har dei kristne kyrkjesamfunna i Midt-Austen  vorte utsett for forfølging av ulike makthavarar: persarar, arabarar, mongolar, og ikkje minst det osmanske imperiet. Nye makthavarar har første gjeve von om ein bedring, men det har fort vist seg å ikkje bli det spor betre snarare det motsette.
Kari Fures bok er viktig og burde lesas og diskuteras av mange, ikkje minst politikarar. Men eg tvilar på at det kjem til å skje, dette står ikkje på den politiske dagsordenen ! Dette vart ikkje minst tydeleg i Sverige i fjor under åtaket på Mosul. Dei kristne innvandrarane reagert på at dette fekk skuffande lite merksemd, ingen politiske leiarar tok det opp med unntak av Jimmie Åkesson, leiar for Sverigedemokratane. Han vart med rette eller urette omfavna av mange syrianarar, assyrarar og kaldearar ! Les boka og få større kunnskap og engasjement. For meir omfattande bakgrunnskunnskap kan ein supplera med  artikkelsamlinga " De kristne i Midtøsten" redigert av Berit Thorbjørnsrud.


onsdag 18. mai 2016

Minne - bilete

Den norsk-amerikanske forfattaren Siri Hustvedt reflekterar i essayet " Den virkelige historien" om forskjellen mellom roman og memoar, eller om det i det heile er noko forskjell? Mange forfattarar og politikarar har skreve sine svært detaljerte memoar bøker, Karl Ove Knausgård har skreve tilsvarande detaljert om livet sitt i romanform. Er det eine mindre sant enn det andre ? For kva er eigentleg minne?  Har vi på nokon måte ein  samanhengande sjølvbiografi som vi kan henta fram og skriva ned dersom høvet byr seg ?  Er det i det heile forskjell på fiksjon og røyndom eller er det som Siri Hustvedt skriv: " Også fiksjonen blir husket, og den lagres i hukommelsen på nøyaktig samme måte som andre opplevelser. Den er opplevelser." For minna er ikkje samanhengande dei er fragmentariske, og dei blir heile tida omarbeidd av seinare opplevingar. Var det verkeleg i det huset det skjedde og var verkeleg dei personane tilstades ? Søsken kan ha heilt ulike versjonar av dei same viktige bardomsopplevingane ! Omstrukturering av minne heiter det i nevrovitenskapen. Det er ikkje den opprinnelege ekte versjonen vi hentar fram men den versjonen vi henta fram sist med dei omstruktureringar som fann stad den gongen emosjonelt og/eller kognitivt. Etterkvart blir dette til historiar, historiar som lever vidare i det personlege eller i familien. Historiane kan kan verta sett saman til memoarbøker eller sjølvbiografiske romanar. Begge deler er kanskje like sanne ?

Kan bilete hjelpa oss i dette forvirrande kaos som minna tilsynelatande er ?  Dei få falma svart-kvitt fotografia av forfedrene, duse fargebilete frå vår eigen barndom, eller dei enorme mengder med bilete frå dei siste åra som dei fleste av oss har lagra på harddisken og sjeldan eller aldri ser på igjen ? Eller kanskje gjer vi det når vi opplever at bileta er rotfesta i tid og narrativ. Bilete blir ein del av livsfortellinga, men kan likevel ikkje erstatta dei minna som er lagra i nevronnettverket i allfall ikke emosjonelt. Men bileta kan inngå i denne  fortellinga slik Siri Hustvedt skildrar etter at faren er død. Ho blir lik filosofen Roland Barthes stadig sitjande å sjå på bilete av faren. "Før ha døde hadde jeg ingen trang til å se på disse billedene, men nå har jeg det." Ho har gjeve bileta ei meining som inngår i hennar fortelling om faren. Samstundes er bileta eit teikn på forsvinning, på at alt i tid og rom er forgjengeleg." Det er grunnen til at alle familiefotografi, selv de som ble tatt i forrige uke, bærer med seg et hint av tap og sorg. Roland Barthes vedgår i betraktningene i "Det lyse rommet", at han fortsetter å stirre på bilede av sin døde mor, i håp om at han skal finne ut av "hva som ligger bak":
"Jeg har lyst til å avgrense det elskede ansiktet med tanken, gjøre det, og bare det, til et enestående felt for en intens iaktttagelse."  Barthes lengter etter å gjenfinne noe av den levende kvinnen og det hun betydde for ham, men som John Berger påpeker i "Uses of Photography": ".... i motsetning til hukommelsen, bevarer ikke fotografier i seg selv mening."
Minne - bilete, begge deler bare små subjektive bitar i den store røyndomen der vi søkjer meining i og utanfor oss sjølve !

                              
Familiebilete frå snart førti år sidan. Eg har ikkje noko klært minne om å ha vore tilstades, sjølv om det nok er eg som har teke bilete. Ser eg lenge på det vil det festa seg i minnet, og neste gong eg tek det fram vil det vera vanskeleg å veta om det er den opphavelege hendinga eller bilete mange år seinare eg minnest !

søndag 15. mai 2016

Glaube-Hoffnung-Liebe

Messe i Stephansdomen i Wien midt på dagen ein torsdag i mai. Fint å vera i dette storslåtte kyrkjerommet.
På veg inn fell blikk mot taket der den unge slovenske kunstnaren (f. 1983) Eva Petric har stilt ut tre installasjonar skapt i kniplingsteknikk. Tittelen er "Glaube- Hoffnung-Liebe", "Belief-Hope-Love ",
"Tru-Von-Kjærleik".
I eit intervju seier ho at. " Mine kniplings-installasjonar uttrykkjer idear om strukturelle samanhengar  som komponentar i menneskeheten, men og sosiale, psykiske og biologisk fenomen i kroppane våre. Vi er ikkje bare det vi kan oppfatta, men enno meir det som er skjult for augene våre. Vi er mange føregåande generasjonar, kjensler og minner. Desse blir ikkje bare gjeve vidare i genene våre, men manifesterar seg og i det kollektive umedvitne, i draumar, ønske, og bilete av arketypar. Alt dette i forsøka våre på å nå "Eden" - einskapen av kjærleik, tru  og von."

Ho vonar at kunsten hennar talar i eit universelt språk som kan bli forstått av alle som vitjar Stephansdomen uansett kvar dei kjem frå i verda. Det er nærliggjande å tru det eller iallfall vona på det når vi går inn i ei felles framtid.





Pinsefesten

Første  Pinsedag. Vi feirar Den heilage Ande som kom til apostlane som var samla i Jerusalem og dermed la grunnlag for den Kyrkja vi dag er ein del av.
Under feiringa av messa i dag song vi den vakre salmen "Den blomstertid nå kommer" av den svenske presten Israel Kolmodin og omsett til norsk av Landstad. Kolmodin skal ha blitt inspirert til å skriva denne salmen då han ein midtsommardag i 1694 var på veg for å preike i Gahn på Gotland. Skreve til midtsommar men passar like godt til pinse, og står i salmeboka under pinse.


  1. Den blomstertid nå kommer
    med lyst og glede stor,
    den kjære, lyse sommer
    da gress og grøde gror.
    Nå rører solens armer
    ved alt som før var dødt,
    de blide stråler varmer
    og alt på ny blir født.
  2. De fagre blomsterenger
    og åkrer rad på rad,
    de grønne urtesenger
    og trær som skyter blad,
    hver blomst, hver spire minner
    oss om å ta imot
    det lys som alltid skinner
    fra Gud, vår Skaper god.
  3. Vi hører fugler sjunge
    med herlig jubellyd!
    Skal ikke da vår tunge
    lovsynge Gud med fryd?
    Min sjel, opphøy Guds ære
    med lov og gledesang!
    Han vil oss nådig være
    som før så mang en gang.
  4. Gud signe årets grøde
    i alle verdens land!
    Gud gi oss daglig føde
    fra jord og hav og strand,
    og hjelp oss du å dele
    med andre det vi har,
    vårt liv, vår jord, det hele
    er ditt, vår Gud og Far!
  5. Du kjære Herre Kriste,
    du sol med klarest skinn,
    la hjerte-isen briste
    og smelte i vårt sinn!
    La dine budord følges,
    og mett oss med ditt ord,
    la nådens lys ei dølges
    for oss på denne jord!

torsdag 5. mai 2016

Poetica:Vakne

" Vakne midt på natta
enno er det heilt lyst
midnattssola i lauverket utanfor
ingen lydar, ingen uro
det er heilt, heilt stille
og ingen ved sida
likevel ei kjensle av noko anna
som eit svakt sus i sommarnatta
er det nokon der ?
nokon som gjekk lydlaust forbi
og rørte så vidt ved den sovande
hjarta som slår så langsamt
regelmessig og ventande
berre eit slag eller to ekstra
og så er svevnen borte
ikkje brått, ikkje med støy og uro
men det er som sin dukkar opp
frå ein lunka og blikkstille sjø
så vil den sovande undrast:
Går det an å vakna av ein større ro
enn det den draumelause svevnen gjev?"







Kristi Himmelfartsdag

Frå ei preike av Augustin for dagen i dag: " Han forlot ikke himmelen da han steg ned til oss,han forlot ikke oss da han igjen steg opp til himmelen. For han vitner selv om at han var der, samtidig som han var her, ved å si: " Ingen er steget opp til himmelen, unntagen han som er steget ned fra himmelen, Menneskesønnen, han som er i himmelen".  Dette sier han på grunn av den enhet som finnes mellom oss og ham, for han er vårt hode og vi er hans legeme".

                                      William Blakes dikt "Holy Thursday" frå 1794