fredag 20. mars 2015

Paul Murray:Scars

Dominikanerpater Paul Murray er ein produktiv skribent som i fjor kom med boka "Scars" med undertittelen "Essays, poems and meditations on affliction." Her prøver han å uttrykkja smerten og lidingas problem med tre innfallsvinklar, først som korte artiklar, deretter i poetisk form og til slutt som meditasjonar over Kristi sju siste ord på krossen.
Innleiingsvis stiller han spørsmål om det i det heile går an å setja seg inn i andres liding, å setja ord på det og gje ord til trøst og oppmuntring. Blir det ikkje lett til at vi oppfører oss som Jobs vener ( a false friend friend of the afflicted), som Job med rette kan svara: " Eg kunne og ha tala slik som de dersom det var dykkar liv det gjaldt, og ikkje mitt. Eg kunne ha halde fine talar og rist på hovudet av dykk. Eg ville sett mot i dykk med munnen og lagt band på mine skjelvande lepper. Talar eg, blir mi smerte ikkje mindre. Held eg opp blir ho ikkje borte." ( Job  16.4-6)
Eg trur ikkje Paul Murray går i denne fella når han prøver å gje ordet til den lidande sjølv, dette kjem ikkje minst tydeleg fram i  møtet med dei fengsla og dødsdømde  som Murray skriv om både i den første delen av boka og i dei siste meditasjonane.
Peter Murray prøver ikkje å koma med teologisk eller filosofiske svar på lidingas og det ondes problem, for han er poesiens  og musikkens språk betre istand til å uttrykkja det uforståelege enn det eit filosofisk essay er. Han favnar vidt, frå Job via Johannes av Korset, Beethoven og Mozart til Rainer Maria Rilke og Anna Akmatova. I Jobs bok gjev ikkje Gud oss svar på lidingas mysterium meir enn Beethoven gjennom sin musikk gjev svar til sine sørgjande vener. "But by naming, through poems and stories, the black stone of affliction - the stone that had no name but weighed heavily on our hearts - the weight of the stone is somehow lifted. We are touched by God`s grace, and healing begins." Og var det ikkje gjennom likningar - metaforar at Jesus framførte sin bodskap !
Det er her vi møter sanninga og vona, poesien, musikken, naturopplevinga og ikkje minst det personlege møtet med andre menneske. Kanskje kan då og det kjærleikens frø som Murray skriv om i "A song for the Afflicted" veksa til noko større og  forsonande.

"Hidden within the deepest
self - no matter how
treacherous one has been

or how corruptible - hidden
within the deepest self
the seed of love remains."

Sterkast inntrykk gjer Murrays skildring møtet med unge dødsdømde i Sør-Afrika (under apartheid).
Kevin er 22 år og skal snart henrettast. Eit par dagar før skriv han: " I firmly believe that through darkness, pain and bitter times in life when all seems to be  lost and the way out appears remote - there is and there must be a secret, a purpose,a goal, a motive, and a divine plan which God has for each one and for all of us."

Kanskje kan vi i mørket og natta sjå eit lys, ei omsorg , ei ny byrjing ? Som i diktet "Beginning" ?

"Now, after a long night
of stillness and longing,
on my brow, in the
tiny furrows of my palm,
the lines of dew
are forming. And what I
had despaired of so long
is here. The sun,
true to its wow, with
prophecies of light and air
wakes the horizon.
I have come through
after all. I have a new
dawn on my shoulders."

















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar