onsdag 11. mars 2015

Legeassistert sjølvmord

NRK Brennpunkt sette nylig igjen legeassistert sjølvmord/euthanasi  på agendaen i programmet om lungesjuke Siv Tove Pedersen som valde å reisa til Sveits for å få hjelp til å avslutta livet hos organisasjonen Dignitas. Programmet har i ettertid fått kritikk for å ikkje ha fått fram motførestillingar og såleis bli oppfatta som eit innlegg for å legalisera legeassistert sjølvmord. I programmet føl vi den tidlegare rusmisbrukaren Siv Tove Pedersen som no går på metadon ,og som har utvikla ein alvorleg lungesjukdom med svært nedsett funksjonsnivå. Ho har som tidlegare rusmisbrukar fått endeleg avslag på å bli sett på venteliste for lungetransplantasjon.  Ho opplever eigen livskvalitet så dårleg at hjelp til å sleppa ut av dette livet er det einaste alternativet ho ser for seg. Vi møter ei sterkt lidande, og sannsynligvis svært einsam kvinne med ein traumatisk bakgrunn, og det kallar naturleg nok på medkjensle. Vi får inntrykk av at valet hennar er det einaste alterantivet. Helsevesnet er fråverande i programmet bortsett frå den sympatiske sveitsiske legen som tek i mot Siv Tove, og gjev henne omsorg før ho riggar til infusjonen som Siv Tove sjølv løyser ut.

Stein Husebø som har lang erfaring med lindring hos døyande pasientar seier i ein kommentar at han av og til får spørsmål frå pasientar om hjelp til å døy. Det som slår han  er at omtrent utan unntak er det einsemd som er hovudproblemet ! Joan Slaaen som er seksjonsleiar ved Hospice Lovisenberg meiner at spørsmålet om aktiv dødshjelp eigentleg er eit rop om ein annan type hjelp, ikkje etter døden men etter meir heilheitleg omsorg. Vi har i dag kunnskap og middel til å gje slik omsorg, men diverre er det langt frå alle som får det noko Siv Toves historie er eit døme på.

Eg har tidlegare skreve om aktiv dødshjelp og legeassistert sjølvmord og synet på dette i vestleg opinion. På få år har vi sett ein tendens til at dette blir meir og meir akseptert. Nederland var det første landet som i 2002 innførte ei lov som tillet aktiv dødshjelp, i dag er 1,8 % av alle dødsfall i landet eit resultat av aktiv dødshjelp eller legeassistert sjølvmord. Belgia og Luxembourg følgde etter med tilsvararande lovverk. Sveits har ikkje lover som tillet aktiv dødshjelp, men heilt sidan 1942 har det vore lovleg å hjelpa personar til å ta sitt eige liv. Mange utlendingar, inkludert ein del norske som Siv Tove Pedersen, har nytta seg av dette tilbodet. I perioden 2008 til 2012 var det totalt 611 utlendingar frå 31 land som fekk hjelp til å døy i Sveits. I USA gjorde delstaten Oregon dette lovleg i 1997, seinare følgde Montana, Washington og Vermont. For eit par veker sidan vedtok kanadisk høgsterett og ei lov som gjer legeassistert sjølvmord lovleg. Innan kort tid følgjer nok fleire delstatar og land etter !
Men er det dette vi ønskjer, er døden verkeleg svaret på all liding og einsemd i livet sluttfase ? Stein Husebø og Joran Slaaen som arbeider med dette til dagleg meiner noko heilt anna, svaret er betre omsorg, betre pleie, betre smertelindring, meir ressursar til lindrande avdelingar .
Aktiv dødshjelp/legeassistert sjølvmord vert kamuflert som omsorg, autonomi, rett til ein verdig død,
men er eigentleg ein del av det som Pave Johannes Paul karakteriserte som "dødens kultur". I kva retning vel vi å gå i åra som kjem ?


Siv Tove Pedersen framstilt i NRKs Brennpunkt


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar