tirsdag 10. mars 2015

Olav H.Hauge:Din veg

"Ingen har varda den veg vegen
du skal gå
ut i det ukjende,
ut i det blå.

Dette er din veg.
Berre du
skal gå han. Og det er
uråd å snu.

Og ikkje vardar du vegen,
du hell.
Og vinden stryk ut ditt far
i aude fjell."

Eg vender stadig tilbake til Olav H.Hauges poesi, ei uendeleg kjelde til refleksjon og inspirasjon.
Dette er eit av dei første dikta eg las av han, det er innleiingsdiktet  i den andre diktsamlinga hans "Under bergfallet" som kom i 1951. Eg memorerte det og gjentek det for meg sjølv åleine i fjellet.
På få linjer risser han opp heile vår livslagnad, vi er kasta inn i dette livet og kan ikkje noko anna. Brått her, brått borte og gløymde. Spora viser ei kort stund men så er dei og borte, men over det heile likevel noko langt større.


1 kommentar: