mandag 9. juni 2014

Fatima:Portugals alter

Fatima er blitt kalt " Portugals alter" eller landets religiøse hjerte. Den vesle byen som ligg vel ein og ein halv times kjøretur nord for Lisboa har i løpet av snart hundre år vorte ein av verdas viktigaste pilegrimsmål. Mange millionar kjem her kvart år med ein  topp på dei viktigaste minnedagane 13.mai og 13.oktober. Plassen framom basilikaen skal og visstnok ha plass til over ein million truande.
Fatima føyer seg i rekkja av Maria openberringar dei siste to hundre åra. Historia byrjar 13.mai 1917, tre barn gjeter familiens sauer ved Cova da Iria. Det er Lucia på ti år, og søskenbarna Francisco på ni år og Jacinta på sju år. Brått kom det eit kraftig lys og ei kvinne viste seg for dei tre små barna over eit eiketre. Kvinna fortalde barna at ho kom frå Himmelen og ho oppfordra dei til å be jevnleg. Dei fekk og beskjed om å koma tilbake den 13. i kvar månad framover så ville ho møta dei på nytt. Dette gjorde dei og kvinna viste seg på nytt kvar månad fram til oktober. Etter kvart spreidde ryktet seg, og 13.oktober var over sytti tusen menneske samla. Bare barna såg kvinna som tala til dei, men dei sytti tusen andre var vitne til merkelege lysfenomen. Mange mirakel skal ha skjedd.
Portugal hadde på denne tida eit sterkt antiklerikalt styre, og hendingane i Fatima skapte politisk oppstyr. Kyrkja vart klaga for å medvite ha fabrikert dette for å styrka sin popularitet.
Fatimas popularitet vist seg uansett å auka eksplosivt i åra som følgde. Etter å ha granska saka nøye valde Kyrkja i 1931 formelt å godkjenna openberrringane i Fatima. Pave Paul vitja byen i samband med 50 års jubileet i 1967, og pave Johannes Paul II var her tre gonger, sist i samband med helgenkåringa av  Francisco og Jacinta som døydde få år etter hendingane i 1917. Lucia levde då framleis etter eit langt liv som nonne. (forts..)

                                          Alteret i basilikaen der dei tre visjonære barna er gravlagt
                                          Basilikaen og litt av plassen framom
                                          Eiketreet der Jomfru Maria viste seg for barna.


Bøn som barna lærte: " Min Gud, jeg tror, håper og elsker deg. Jeg ber om miskunn for dem som ikke tror, ikke tilber, ikke håper og ikke elsker deg."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar