søndag 15. juni 2014

Fatimas løyndomar

(forts.)
Maria skal ha gjeve barna i Fatima tre løyndomar eller profetiar. Dei vart seinare skreve ned av Lucia, den eldste og einaste attlevande av dei tre. Dei tre første vart offentleggjort i 1941 i eit dokument skreve av Lucia, det  siste av Johannes Paul II  i 2000 etter Lucias tekst frå 1944.
Dei tre løyndomane har skapt stort engasjement og kontrovers frå ulike hald.
Den første løyndomen er ein visjon av fortapinga, den omfatta også ei bøn om fred , på denne tida pågjekk framleis Den første verdskrigen.
Den andre løyndomen var meir kontroversiell. Krigen skulle snart ta slutt, men om ikkje lenge ville det bryta ut ein ny krig. I 1917 pågjekk den bolsjevikiske revolusjonen i Russland, og Maria bad spesielt om at Russland måtte innviast til hennar reine hjerte. Dersom Russland vart omvendt ville det bli fred, hvis ikkje ville landet spreia sine feil over heile verda, det ville bli krigar og omfattande forfølgjing av kyrkja.
Den siste løyndomen  vart offentleggjort i 2000, og var gjenstand for mykje spekulasjon både før og etter at løyndomen vart gjort kjent. Den handlar og om forfølgjing, men det som skapte mest spekulasjon er visjonen av attentatet på ein kvitkledd geisteleg. Dette har blitt knytta til drapsforsøket på Johannes Paul II 13.mai 1981. Tyrkiske Mehmet Ali Agca  fyrte av fire kuler som traff paven, den eine gjekk så vidt klar av pavens hovedpulsåre. Alt under sjukehusopphaldet som følgde byrja det  gå opp for paven at det var ein samanheng mellom openberringa i Fatima på dagen 64 år tidlegare og attentatforsøket som han så vidt overlevde. Året etter drog han på pilegrimsreise for å takka Vår Frue av Fatima for at han overlevde. Kula som vart fjerna frå kroppen hans vart plassert i Fatima.
Johannes Paul kom igjen il Fatima i 1991, ti år etter attentatet og ein sist gong i 2000 i samband  med saligkåringa av Francisco og Jacinta. Lucia levde då framleis og var til stades.

Korleis skal vi forhalda oss til desse løyndomane eller profetiane ? Kyrkja reknar det som private openberringar som kan vera nyttige, men som vi ikkje er forplikta på. Pave Benedikt uttrykkjer det nokså nøkternt og klart når han skriv at dette ikkje må oppfattast som spådomar om framtida, men som ei billedleg oppfordring til omvending og bot, særleg gjennom å dagleg fordjupa seg i bøn.

                                          Sr. Lucia og pave Johannes Paul 1991.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar