fredag 27. juni 2014

Fatima:Berlinmuren

Når ein står på plassen framom Basilikaen i Fatima vil ein på hø.side finna eit minnesmerke som blei reist på byrjinga av nittitalet. Det er ein nær seks tonn tung del av Berlinmuren som ble reve ned i samband med kommunismens fall i 1989.Ein portugisisk emigrant til Tyskland tok initativ til dette som ei påminning om bodskapet frå Fatima si innverknad på denne historiske hendinga. Mange katolikkar, ikkje minst pave Johannes Paul II , er av den oppfatninga at innviinga av Russland til Marias reine hjerte  betydde mykje for at  dei kommunistiske regima i Auts-Europa fall rundt 1990. Den andre løyndomen eller profetien som Maria kom med til dei tre borna og som Lucia seinare skreiv ned , gjekk ut på at Russland skulle innviast til hennar reine hjerte. Dersom det ikkje skjedde ville Russland spreia krig og forfølgjinga av  kristne i heile verda. I 1929 får Lucia som då er nonne, ei ny påminning om dette, og i 1940 får ho lov til å skriva til pave Pius XII og leggja det fram for han. Paven innviar verda til Marias reine hjerte i 1942, 1952 og 1967, men først i 1984 av Johannes Paul II saman med alle verdas katolske biskopar. Tre år tidlegare hadde paven mirakuløst overlevd attentatforsøket på Peters plassen 13. mai, dagen for openberringane i Fatima. 13.mai 1984 talar han til 50.000 pilegrimar på Petersplassen om bodskapet frå Fatima. På denne tida veks fagrørsla Solidaritet i Polen fram som den viktigaste opposisjonsgruppa mot det kommunistiske styret. Leia av den sterkt truande Lech Walesa og inspirert av pave Johannes Paul får Solidaritet ein heilt sentral innverknad på utviklinga i Polen. 20.sept.1987 deltek meir enn 100.000 arbeidarar med Solidaritet faner på pilegrimsreise til Den svarte Madonna i Chestochowa, Polens viktigaste heilagdom. Lech Walesa innviar Solidaritet til Marias reine hjerte. I 1989 uttaler Lucia at innviinga av Russland er gjennomført. 9.november dette året fell Berlinmuren. Alt 1.desember1989 reiser Mikail Gorbasjov til Vatikanet for å treffa pave Johannes Paul. Dei kjem godt overeins og paven fortel seinare at Gorbasjov uttrykte takksemd for pavens forbøn, og sa vidare at bøn symboliserte dei andelege verdiar han trengte. Gorbasjov og paven møtest igjen i 1991 og det vert oppretta diplomatisk samband med Vatikanet
8.des.1991, på Festen for Maria ubesmitta unnfaging  blir det kommunistiske Sovjet-Unionen oppløyst.12 dagar seinare møter president Jeltsin paven.
25.desember,1.juledag 1991 blir det kommunistiske flagget firt frå Kreml for siste gong.

Det er no over 20 år sidan dette skjedde men det følest enno nært. Utviklinga har nok ikkje gått heilt slik ein vona særleg i Russland og Ukraina, men Polen har utan tvil funne sin plass mellom verdas demokratiske land. Uansett kva ein tenkjer om openberringane og bodskapet frå Fatima er det ingen tvil om at den andelege kraft som ein ikkje minst såg i Solidaritet, var inspirert av Kyrkja og pave Johannes Paul og dermed og direkte eller indirekte av Fatima !





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar