fredag 20. juni 2014

Pave Tawadros II i Norge

Leiar for Den koptisk ortodokse kyrkja i Egypt pave Tawadros II vitjar i desse dagar Norge etter invitasjon frå Den norske kyrkja. Tawadros II vart vald til pave i 2012 etter Shenouda III, og har i løpet av desse to åra marker seg som ein uredd kyrkjeleiar. I 2012 kritiserte han president Mursis
grunnlovforslag  som ville medført auka islamisering av landet,og då Mursi vart avsett støtta han generalane som tok makta. Men Tawadros er primært kyrkjeleiar ikkje politikar, og han er ein kyrkjeleiar som preiker fred og forsoning. "Enhver egypters liv  er verdifullt. Blodsutgytelser blant sin egne er uakseptabelt" uttrykkjer han på twitter. Dette er ein vanskeleg balansegang i eit land der den kristne minoriteten er hard pressa av det muslimske fleirtalet.
Den koptiske kyrkja skilde seg frå resten av kyrkja under konsilet i Kalkedon i 451, stridsspørsmålet var Kristi menneskelege og guddommelege natur. I dag er vel dette meir eit teoretisk enn eit praktisk problem, og Den koptiske kyrkja har vist vilje til økumenisk samarbeid med såvel Den katolske kyrkja som dei ortodokse og protestantiske kyrkjesamfunna. Vitjinga i Norge må ein sjå i lys av dette. Det er ein åpen, forsonande og samarbeidsviljug kyrkjeleiar som søkjer kontakt med vestlege kristne, men det er og ein kyrkjeleiar som er stilt overfor store problem i heimlandet. Ikkje minst er han  ei påminning om dei trengselstider de kristne i Midt-Austen opplever i dag, særleg i Syria. Sånn sett treng  han all støtte og forbøn vi kan gje!

                                Pave Tawadros hadde samtalar med pave Frans i fjor.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar