fredag 15. juni 2012

Fr.Arnfinn Haram in memoriam

Dominikanerpater Arnfinn Harams brå dødsfall sist søndag var eit stort tap både for hans orden og for heile Kyrkja. Men det var og eit stort tap for det offentlege ordskiftet i Norge der han var ei reflektert og uredd røyst. Han hadde enno så mykje ugjort.
Frå hans siste preike i St. Dominikus:


"Brør og systre! I eit samfunn der Gud er blitt mindre enn menneske, har vi vanskeleg for forstå at det trengs noko offer, at vi kan vere skyldige, ja, skyldige til døden, at nokon skulle måtte gå i døden og ofre seg for oss. Å argumentere for det i dag, er som å så på asfalt. Eg vil berre seie for min eigen del: Ein dag - ein dag som kan vere når som helst, men som i alle fall rykkjer nærare for kvar dag som går - skal eg stå for min Skapar. Eg veit eg vil trenge alt som kan gjerast for eg skal finne nåde og kunne stå oppreist då. Alle helgnars forbøn og forteneste og aller mest det Kristus har gjort då han gav seg sjøl for oss, for meg. Då treng eg å stole på «det blodet som ropar sterkare enn Abels blod»: Kristi blod, som ropar om kjærleik, nåde og oppgjer. Som seier: Det er fullført, det er plass for alle."


Frå tidebønene for dei døde:
Antifon til Magnificat: Den korsfestede stod opp fra de døde og fridde oss ut.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar