tirsdag 19. juni 2012

Tautra

"Omnis mundi creatura
quasi liber et pictura
nobis est et speculum."
(Alt det skapte i verden er nesten som bok, billede og speil for oss)

Dette sitatet frå ein av dei første cistercienserane seier ein del om deira sans for skaparverket og det vakre i naturen. Klostera deira vart gjerne grunnlagt på naturskjønne plasser, slik også med Tautra i Trondheimsfjorden. Her kom cisterciensarmunkar frå Lysekloster ved Bergen og grunnla Tautra Mariakloster i 1207. Cisternciensarklostera er vanlegvis via til Jomfru Maria, og då var det og rimeleg at klosteret  vart innvia 25. mars på Maria bodskapsdag dette året. Det er ikkje vanskeleg å sjå for seg denne høgtidelege innviinga i ei fjern fortid. Etter reformasjon forfall klosteret og i dag er det berre ruinane av klosterkyrkja som står att.

Vi er på veg ut til Tautra ein juni- dag. Vi køyrer over moloen frå fastlandet til denne flate, vesle øya som var eit religiøst senter i Middelalderen og som skal bli det igjen i vår tid. I 1999 kjem nemleg 7 cisternciensarnonner frå Mississipi Abbey til Tautra for å grunnleggje eit nytt Mariakloster snart 500 år etter at det første klosteret vart nedlagt. Den¨første tida levde dei i eit par vanleg hus men i 2007 stod så det nye Mariaklosteret ferdig. Bygningen har ein enkel men spennande arkitektur som framhever lyset og naturen her ute på denne vakre øya. Vi går inn i klosterkyrkja til søstrenes femte tidebøn midt på dagen, Non. Kyrkja har glassvegg i koret og vi ser utover fjorden. Naturen og det sakrale i same blikk. Her kan ein falla til ro i  vissa om søstrenes vedvarande bøn for oss alle.


Bøn til avslutning av Non: " Hør oss, Herre, og gi oss den fullkomne fred vi ber om, slik at vi som glede vier hele vårt liv til deg, på den salige Jomfru Marias forbønn trygt og sikkert må nå fram til deg. Ved Kristus, vår Herre."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar