fredag 25. mai 2012

Maria Magdalena de`Pazzi

25. mai er minnedagen for Maria Magdalena de`Pazzi ( 1566-1607) . Ho var ein av dei store mystikarane i Karmelittordenen. Maria Magdalena de Pazzi var av ein floretinsk adelsfamilie, ho følte kall til klosterlivet og i 1583 vart ho novise i karmelittklosteret St. Maria degli Angeli  i Firenze. Ho hadde heile livet ekstatiske visjonar, som er skildra i  skriftene hennar. Maria Magdalena var inspirert av såvel Katerina av Siena som av Teresa av Avila. Ho vart kanonisert i 1669. Grava hennar er i klosteret der ho levde ,og det kan nevnast at Therese av Lisieux vitja klostret saman med faren etter at dei hadde vore til audiens hos paven der Therese hadde lagt fram si bøn om å få bli novise hos karmelittnonnene.


Klosteret St. Maria degli Angeli.

Antifon til Magnificat for denne dagen: Kom,Kristi brud, ta imot den krone som Kristus har beredt for deg fra all evighet av. Halleluja !

mandag 21. mai 2012

Sea pictures

"Closely let me hold thy hand,
Storms are sweeping sea and land;
Love alone will stand,
Closely cling, for waves beat fast,
Foam-flakes cloud the hurrying blast;
Love alone will last.

Kiss my lips, and softly say;
Joy, sea-swept, may fade to-day:
Love alone will stay."
http://www.youtube.com/watch?v=jft4b-rempc

Dette vesle kjærleiksdiktet er ein del av song-syklusen "Sea Pictures" av  komponisten Edward Elgar( 1857-1934)
Det har tittelen "In Haven" og teksten er av  kona til Elgar, Caroline Alice Elgar.
Sea Pictures kom i 1899 like etter at Elgar hadde gjort stor suksess med Enigma Variations.
Sea Pictures handlar om havet og kjærleiken. Havet som det store skremmande og usikre, "The Waters around me turbulent", eller havet som det rolege og harmoniske slik "Sea Slumber-Song" munnar ut:

"Ocean`s shadowy might
Breathes good night,
Leave woes, and wails, and sins
Good night....Good night...
Good Night......"


Eg føler det har ein paralell i ein annan stor engelsk kunstnar, nemleg William Turner. Det store spennet mellom den blikkstille, solspeglande havflata og det voldsomme og øydeleggjande. Storm, bølger og forlis.
Det er så kort veg frå det eine til det andre både i konkret og overført tydnad.
Så kan vi til slutt trøsta oss til dei siste linjene i "The Swimmer":

"Where no light wearies and no love wanes.
Where no love, no love wanes."

                                                            William Turner 1828. 

søndag 20. mai 2012

Sanctus

Sola som ikkje varmer i dag
men likevel drysser tusen diamantar
utover vassflata
gåver til den smeltande isflata
og til fossefallet
som snart stemmer i
sitt jublande Sanctus.

tirsdag 15. mai 2012

Poetica:Når ein ven døyr (Alles mit Gott)

http://www.youtube.com/watch?v=-hxfQXqgJ0w
Juni 2005  dukkar det opp ein til då ukjent kantate av Johan Sebastian  Bach ( 1685-1750).  Det er gått  255 år sidan komponisten døydde og oppdagaren Michael Maul ser snart at dette er ein sensasjon. Eit par månadar seinare blir kantaten spelt inn av Monteverdi koret og "The English Baroques Soloists" under leiinga av John Eliot Gardiner.
Kantaten består av 12 såkalla stanzas eller vers som alle tek til med ." Alles mit Gott und nichts ohn` ihn" (Alt med Gud og ingenting utan Han). Teksten er av Johann Anton Mylius og vart skreve  til Grev Wilhelm Ernst av Saxe-Weimar på 52 års dagen hans.
Oppglødd kjøper eg fleire eksemplar av plata med tanke på framtidige gåver. Dette er stort !
Det er mai 2006, ein solfylt vestlandsdag ved sjøen. Vi går ikkje så fort, min følgjesven har alt lenge bore på det som tre månadar skal gjera slutt på det jordiske livet hans. Bare så altfor tidleg. Før eg dreg om kvelden får han den nyoppdaga Bach kantaten av meg. Det blir og ei symbolmetta handling. Om hausten dette året skriv eg så denne teksten:

Når ein ven døyr


Alt er som før når dagen opnar seg
mot gatenes mållause travelhet
mot solljoset og drivande skyer
i mjuk seinsommar dag
og likevel ikkje som før
noko er stroke ut
varsamt som av ei mykje større hand
andedraga som gjekk så jamnt
så meir uregelbunde
til sist knapt merkbare
som ljos vi bles ut seint ein kveld.

Utan å veta det
tenner eg ljos same augneblinken
først fleire dagar seinare
skal det nå inn til meg
då er ljosa alt lenge brent ned
i mjuk sand framom Marias vakande blikk
så kan eg snu meg mot den andre sida
bileta og takksemda er der
inga hand skal stryka dei ut
ikkje no og heller ikkje når
kvelden lukkar seg for siste gong.

Det siste bilete
di takksemd for musikken
"Alles mit Gott und nichts ohn` ihn"
Bach kantaten som kvilte i nesten trehundre år
før vi fekk ta imot
levande no og for alltid.





Maria alteret i St. Paul kyrkje. Her tenner eg ljos den søndagen han døyr. Det andre verset viser til denne erfaringa av å vera til stades i dødstimen saman med henne som alltid lyttar til våre forbøner for andre.



St. Hallvard

15. mai. Vi feirar minnet om St. Hallvard, skytshelgen for Oslo.

Antifon til Magnificat: Dersom hvetekornet ikke får falle i jorden og dø, er og blir det et eneste korn, men dør det, bærer det rik frukt. Halleluja!

Hallvard Vebjørnsson  vart fødd på Husaby i Lier ca 1020.Vi veit ikkje noko om livet hans, berre korleis han døydde i 1043. Ein maidag dette året skulle han kryssa Drammensfjorden i båten sin då det kom springande ei gravid kvinne forfølgd av tre menn, som klaga henne for å stela. Hallvard tok henne ombord i båten sin, men mennene tok dei att og både Hallvard og kvinna vart drepne. Hallvard vart søkt i fjorden med ein kvernstein om halsen, men han flaut opp igjen og vart funnen av slektningane sine. Etterkvart vaks rykte om at det skjedde mirakel ved grava hans. Liket til Hallvard vart lagt i eit forgylt skrin og flytta til Mariakyrkja i Oslo i 1053. Etter kvart spreidde helgekulten seg til heile Norge, Island og deler av Sverige. Hallvard er framleis skytshelgen for Oslo by, etter tradisjonen døydde han i dag 15. mai.
Fleire gamle handskrifter har litt ulike versjonar av "Legenden om Hallvard den hellige."  Sigrid Undset har gjort han kjent i boka "Norske helgener"  som kom ut i 1937.
Den heilage Hallvard kan også i dag  gje oss inspirasjon til å verna om livet som noko absolutt ukrenkeleg.



"Da slektninger og venner var kommet til, gav de ham en sømmelig gravferd. Men hans far fortsatte å sørge og hans mor gråt over å ha mistet sønnen. Kroppen hennes visnet hen av sorg og ble nesten livløs. Men da hun kom til seg selv igjen, sa hun." Dersom det har seg slik som dere sier, er det nok form meg å vite ham i Guds rike. Jeg skal ikke lenger gråte som over en død, over ham som jeg vet lever i helgenenes lysende skare."

onsdag 9. mai 2012

Evensong

Solace

I look back through my mind and see
The days when forest wolved the land in mystery
And light was cradled out of coracles
In wild and wintered island storm

All night and every night the rip and snarl of wind,
And this their task alone, to guard the light they
  had been given -
The flutter of that single flame
Keeping out the whole world of the dark.


Diktet er henta frå den siste diktsamlinga til den skotske poeten Kenneth Steven "Evensong" som kom i fjor.
Som i dei tidlegare diktsamlingane hans er temaet naturen og menneska i Skotland. Tittelen på samlinga gjev liturgiske assoiasjonar og fleire av dikta, til dømes "The Carpenter" og "Three days", har ein klar religiøs
tematikk. Kenneth Steven har sterk tilknytning til Norge etter å ha budd her fleire år, han har og omsett ein del norsk litteratur til engelsk. Karakteristisk nok kallar han diktarhytta si "Fredheim".
Kenneth Steven er i tillegg til å skriva poesi og omsetja bøker frå norsk ein aktiv formidlar av litteratur både direkte og i media. Han skriv og barnebøker og held skrivekurs.


The Carpenter

for three years he did nothing but work with wood;
he`d served his apprenticeship, root and branch,
could smooth the roughness from damaged goods
and cut to the living heart

the sap that ran him was pure
flowed through hands and words
a whole song, so they marvelled
at something they`d never heard

except he was just too good:
in the end they took his own tools,
killed him on a hill
with woods and nails

three days he lay
a seed in the sleeping earth, until
he burst open, back and beautiful-
here, and here, and here, and here


http://www.kennethsteven.co.uk/

søndag 6. mai 2012

The Lady

Aung San Suu Kyi vart nyleg teke i eid som medlem av Myanmars nasjonalforsamling . Militærdiktaturet  har letta på sin beinharde politikk overfor opposisjonen og tillete at Den nasjonale demokrati ligaen med Aung San Suu Kyi i spissen har fått stilla til valg.FN`s generalsekretær har vitja landet og det blir letta på det internasjonale samfunnet sin boikott av regimet.
Luc Bessons film "The Lady" som no går på norske kinoar blir dermed svært aktuell. Det er ein engelsk-fransk koproduksjon med Michelle Yeoh som Aung San Suu Kyi og David Thewlis som den  engelske mannen hennar Michael  Aris.  Yeoh , som lærte seg burmesisk for å framføra Suu Kyis talar så autentisk som mogleg, karakteriserar filmen  som " an incredible love story" mot ein bakgrunn av "political turmoil".
Det er ein film som vekslar mellom Suu Kyis politiske kamp mot militærdiktaturet og hennar private liv med
Oxford professoren Michael Aris og dei to sønene deira som nok mange minnes frå nobelsermonien i 1991.
Aung San Suu Kyi  er dotter til Aung San som i 1947 forhandla med Storbritania om Burmas sjøvstende, men kort tid etter vart myrda av sine motstandarar. I byrjinga av filmen møter vi også den toårige Suu Kyi på farens fang. Då ho etter mange år i utlandet vender tilbake til heimlandet i 1988 hadde ho nok ikkje tenkt seg eit politisk engasjement, ho kjem primært for å ta hand om den døyande mora. Gradvis blir ho som dotter av sin far, drege inn i den ikkje valdelege kampen mot militærdiktaturet. Det er ein kamp som krev store personlege offer, i årevis sit ho i husarrest skild frå familien. Då mannen i 1999 ligg døyande av kreft hindrar regimet dei i  å møtast for siste gong.
Inspirert av Mahatma Gandhis ikkje valdelege prinsipp har Aung San Suu Kyi med ekstrem personleg styrke og mot stått mot eit brutalt regime i tiår etter tiår. Kanskje ser det no ut til at kampen hennar fører fram!
Filmen  "The Lady" er viktig både som ei sterk skildring av ei av vår tids største kvinner og for di han er så dagsaktuell! Eit politisk drama, men og eit personleg drama med fokus på det vanskelege valget mellom
samfunnsengasjement og hensyn til sine næraste.
Eit høgdepunkt i filmen er nobelprisutdelinga i Oslo der sonen Kim framfører nobeltalen medan mora føl det på ein dårleg radio i heimlandet. Det gjer inntrykk.
Aungs San Suu Kyi er  vel etterkvart eit navn det er naturleg å nevna i same andedrag som Nelson Mandela, Vaclav Havel, Martin Luther King og Mahatma Gandhi.







lørdag 5. mai 2012

Attentatet på pave Johannes Paul

Det er over tredve år sidan attentatet mot pave Johannes Paul II på Petersplassen  13.mai 1981. Den tyrkiske leigemordaren Ali Agca  skyt mot han på kloss hald. Paven blir treft i magen og i albogen, han blir kjørt til Gemelli  sjukehuset og operert. Som alle veit overlever han og levde i enno 24 år.
I "Erindring og Identitet" skriv han om dette: "Alt det som skjedde var et vitnesbyrd om den guddommelige nåde. Det lignet de prøvelsene Polens primas, kardinal Wyszynzki, gjennomgikk under sin fengslingstid, men den forskjell at for ham varte det i mer enn tre år, mens det i mitt tilfelle dreide seg om en relativt kort periode, bare noen få måneder. Agca  kunne skyte, og han skjøt uten tvil med den hensikt å treffe. Men, det var som om noen styrte det prosjektilet og fikk det til å skifte retning......."
To og eit halvt år seinare oppsøkjer paven attentat mannen i fengselet.
"Ved juletider 1983 besøkte jeg attentatmannen  i fengselet. Vi snakket lenge sammen. Ali Agca er som alle vet en profesjonell leiemorder. Det betyr at attentatet ikke skjedde på hans initativ, men at det var en annens ide og at han hadde fått oppdraget fra en annen. I løpet av hele samtalen  var det tydelig at Ali Agca undret seg over hvordan attentatet hadde kunne mislykkes."
Vidare skriv paven:" Kanskje tydet alle spørsmålene på at han hadde merket seg det som virkelig var av betydning. Antageligvis fornemmet Ali Agca at det var over hans makt, over makten til å skyte og drepe, fantes en høyere makt. Dermed begynte han å lete etter denne. Mitt ønske er at han fant den."
Det har aldri blitt klarlagt kven som eigentleg stod bak attentatet for snart 31 år sidan sjølv om det har vore mange ulike spekulasjonar. Agca vart frigjeven  i 2010 etter å ha blitt overført frå italiensk til tyrkisk fengsel.
Pave Johannes Paul uttrykte seinare at han hadde tilgjeve Ali Algca og at han ba for han.





torsdag 3. mai 2012

Poetica:Gult kjærleiksdikt

            

                   



                              Vaknar vi slik
                              augene enno djupe
                              av tidlaus svevn
                              går gjennom portalar
                              mot sletter gule av solsikker.
                              
                              alt det gule
                              ei urørbar hinne
                              som vi saman søm mot
                              hendene knytte saman
                              glir lett gjennom det varme ljoset
                              kysser undersida av hinna
                              blir til gult
                              møtest, skillest
                              der dagene vender
                              aldri åleine. 

                             

                            



             ,